Om SireneInnledning holdt av Astrid Brekken på seminaret 29.11.2006 under programpunktet: Hekser på Karl Johan - feminisme og motkultur. Suksess Første nr av Sirene kom ut hausten 1973, og bladet levde i ti år. Vi var seks kvinner med kunnskap om skrift og formgjeving – Bjørg Vik, Gøril Strømholm, Bitten Modal, Sidsel Biong, Kari Rolfsen og Astrid Brekken. Kva ville vi med Sirene? Vi ville ta opp kampen mot kvinneundertrykking på alle felt i samfunnet – inkludert heimefronten – for det personlege er politisk. Opplaget gjekk opp i 25- 30 000 i starten. Vi hadde det strålande og utfordrande. Bladet inneheldt reportasjer, intervju, artiklar, noveller, dikt, faste spalter, teikneseriar, stoff frå lesarane av mange slag, humor – som iblant provoserte: teikning av naken mann bakanfrå som vi lova snu i neste nummer vart ikkje berre godt mottatt. Vi ville ikkje ha reklameannonser, det vi hadde var ei side med viktige adresser – ulike kvinneorganisasjonar, fri rettshjelp for kvinner, og kontor for seksuell opplysing , ikkje minst viktig i ei tid da vi ikkje hadde sjølvbestemt abort. Fleire kvinnelege legar stod oppførde med namn under overskrifta Prevensjonsveiledning og hjelp i abortsaker, blant dei Bett Romstad, Gertrud Günter og Synnøve Grønn. Eg trur ikkje unge kvinner i dag kan ane kor mykje slike legar betydde for oss den gongen. Eit seinare nummer, nr 2 1976, hadde denne forsida: Over eit foto av ein lege med munnbind står ABORT med store bokstavar, og under, også med stor skrift:
Vi hadde namn på legar frå dei fleste fylke i landet på den lista, som gjekk over fleire sider i bladet. VisjonenMottoet som stod i alle nummer fram til nr 7 i 1974 var dette:
Eg hadde gløymt kvar dette kom frå. Men da eg nå leita på loftet etter kassa med årgangar av Sirene, fann eg også igjen heftet ”Sexism in education” frå 1971, da eg tok ein mastergrad i sosiologi ved New York University, og var midt oppe i starten på feministrørsla der borte. Eg vil gjerne nemne i denne forsamlinga at tema for hovudoppgava mi var i pakt med tida:
Men altså – i heftet ”Sexism in Education” stod det vi bygde Sirenes motto på – namnet på skribenten er Richard Farson, psykolog i Los Angeles. Om det var hans eigne ord eller om han hadde henta dei annanstads veit eg ikkje. 14. oktober 2006 bruket ein mann – Runar Døving – dette mottoet i ein kronikk i Aftenposten om undertrykte menn og deira behov for å reise seg. Han viser ikkje til Sirene, der han truleg har det frå:
Sirene stod for både likestilling og frigjeringKvinner og menn skal ha same rettar i samfunnet – lik løn, same rett til utdanning, rett til arbeid, same rett og plikt til å ta seg av eigne barn, vi skreiv stadig om kravet om barnehagar. Sjølvbestemt abort var svært viktig – ei av dei viktigaste kampsakene på 1970-talet. Vi skreiv også mykje om arbeidsliv, fagorganisering og kvinner i politikken. Og vi skreiv om ekteskapet, om skilsmisse, om husmødre, om mannen. Vi var opptatte av at det skulle vera humor i Sirene, både i tekst og teikningar. I første nummer hausten 1973 slo vi opp på førstesida eit intervju med aleinemor Liv Ullmann – eit klart publikumsfrieri i svart-kvitt. Enkelte lesarar gav oss på pukkelen for det intervjuet, dei hadde ikkje behov for fleire filmstjerner enn dei som var i vekeblada. Der seier Liv Ullmann blant anna:
Noko av det gledelege med å måtte befatte seg med fortida er at ein forstår at enkelte haldningar har endra seg til det betre. Sett utanfrå Det vart skrive ei hovudoppgave om Sirene i 1978 ved Institutt for nordisk språk og litteratur ved Universitetet i Oslo, av Turid Kleiva, som fortel noko om korleis Sirene vart oppfatta utanfrå. Ho skriv at Sirene er eineståande, eit variert og underhaldande politisk magasin som dekkjer ei av dei mest aktuelle politiske sakene – kvinnekampen. Kleiva meiner at ut frå det Sirene tok opp og skreiv i leiarane retta bladet skytset mot systemet som held menneska nede – men identifiserer ikkje kva system det er – til dømes kapitalismen, men reiser likevel krav som råkar kapitalismen – for eksempel kravet om løna arbeid til alle kvinner, eller nei til atomkraft, til våpenkappløp, til miljøøydelegging og urettferdig fordeling. Sirene framstår som eit radikalt blad, som vil ha grunnleggjande endring av samfunnet, skriv Kleiva. Skytset blir retta mot styresmaktene, mot patriarkatet og sexismen. Underliv Det er ein forunderleg tendens hos ein del menneske i vårt samfunn: Når kjønnsliv og underliv blir tatt opp ser dei ikkje resten av det som blir formidla. Dei første åra hadde Sirene blant anna den faste spørjespalta ”Vårt besværlige underliv”. Etter dei tre første nummera står det i eit lesarbrev:
Kva stod i det første nummeret? Bortsett frå intervjuet med Liv Ullmann var det intervju med politikarane Sonja Ludvigsen og Tove Pihl. Berit Ås skreiv artikkelen ”Trengs det en egen kvinnepolitikk”. Vi hadde to humoristiske skisser – den eine var ”Kvifor eg vil ha ei kone”, som seinare er blitt brukt i lærebøker. Og vi hadde ein novelle av Margaret Johansen. Når det gjeld underliv og sex, var det i neste nummer var det eit kort dikt om orgasme, innsendt av ei kvinne som fortel ho er 52 år og signerer med Liv. I tredje nummer er det vel og merke ein kort artikkel om menstruasjon, og ein kort novelle om tenåringar - ”I kveld snakka vi om sex”. Etter å bladd gjennom diverse årgangar av Sirene vil eg hevde at hovedinntrykket er at bladet tok opp svært varierte saker, og at ein stor del av dei ikkje ville fått spalteplass i eit vekeblad den gongen. Politikaren Torild Skard vart også ramma av skuldingar om å vera ein fagrepresentant for underlivet – på Stortinget. I eit intervju i Sirene nr 3 1974 seier Torild Skard:
Vidare seier Torild Skard at dette er ein eldgamal måte å setja kvinner på plass på – gjera oss til skjøger i staden for madonnaer – og føyer til:”Den same mannen har kalla Berit Ås ”Stortingets mest PR-kåte vandrepokal.” Det var ein frisk kvinnekamp på 1970-talet. Men vi hadde også frisk motstand. Sirenesang Så tok det slutt i 1983. Ei viktig årsak var at stoffet Sirene tidlegare hadde vore åleine om, nå var å finne i andre medier. Ei anna var misnøye frå kvinnerørsla og lesarar med den redaksjonelle lina i Sirene, som blant anna resulterte i eit møte 12. april 83 der kvinneorganisasjonane ba om eit møte med redaksjonen, Idalou Larsen og Gerd Korbøl. Dei som møtte av organisasjonane var Norsk Kvinnesaksforening, Nyfeministane, Lesbisk Bevegelse, Oslo Faglige Kvinnebevegelse og Kvinnefronten i Oslo. Larsen kalla møtet eit ”refselsesmøte”. Kontroversen bygde på redaksjonens framstilling av ulike saker, blant dei pornografi og sexpress på jobben. Mange hadde sagt opp abonnementet i protest. Etter 5 nummer i 1983 gjekk Sirene inn. Eg siterer frå eit brev til Fett datert juli i fjor: Derfor sa jeg opp Fett(Trude Koksvik Nilsen, tidligere Fett-abonnent) ”SOM FEMINIST har jeg et ønske om en bred, feministisk offentlighet. Noe bør imidlertid vi feminister kunne være enige om: vi ønsker ikke at kvinner skal bli objektivisert, nedverdiget, undertrykt eller utnyttet. Dette «minste felles multiplum» er et godt utgangspunkt for en pluralistisk feminisme. Pornografien baserer seg på kvinneforakt og erotisering av kvinners underordning. Som feminist er jeg konsekvent pornomotstander. I dag er pornoens innflytelse synlig overalt, i reklamen, i motereportasjer, i musikkvideoer og i jente/dameblader. For unge, opprørske jenter som er lei av sin pornofiserte hverdag, bør feministiske arenaer være et fristed. NÅR EN som Fett har gjort, trykker porno uten noen form for kritisk tilnærming eller refleksjon, er det verken spekulativt, modig eller feministisk.” Eit blikk framover: Eg veit kor viktig historia er, kvinnehistoria ikkje minst, bortstuva som ho har vore. Men det er framtida det står om, og det personlege er stadig politisk. Vi får det stadfesta i møtet med innvandra kvinner og undertrykkinga innanfor deira kulturar. Vi treng ein levande diskusjon om innvandrarkvinners liv og framtid, ein diskusjon som inkluderer dei og som dei er ein del av. Vi treng møteplassar, organisasjonar, kanskje eit blad? Vi treng å diskutere islam slik vi har diskutert kristendomen som stengsel for kvinnefrigjering. Vi må spørja kva norske styresmakter gjer for innvandrarkvinnene og –jentene, men også kva immamstyrde organisasjonar som får pengar av staten gjer for dei. Det er råskap nok, men ikkje mot av det viktige slaget i mediebildet – med absolutte unntak: kva hadde norsk kunnskap og debatt om vilkåra for kvinner og barn i muslimske innvandrarmiljø vore utan Unni Wikan,Walid al Kubaisi, Hege Storhaug og Shabana Rehman? Vi kan vera samde eller usamde med dei. Det som er sikkert er at vi treng fleire som vågar erte på seg folk – som den nederlandsk-somaliske feministen Ayaan Hirsi Ali – som laga filmen Submission og som framleis har livvakt døgnet rundt. Sirene tok fatt i 1970-talets utfordringar. Vi har mange av dei same utfordringane i dag, både i Norge og ikkje minst i verda, og vi har fått ein del nye. Eg skal avslutte med å sitere eit brev til Sirene i nr. 1 1974:
Dette er om å oppdage søstersolidaritet, ei oppdaging som har endra livet for svært mange av oss. Og det er slik at i dagens Norge finst titusenvis av kvinner som treng å få endra sitt liv. |
Formål1970-årene ble preget av en sterk og synlig kvinnekamp her i landet. Seminarrekken 2006-2007 ville kaste nytt lys på 70-tallsfeminismen: få aktører fra den gang til å berette om begivenhetene og sette hendelsene i perspektiv for å forstå dem bedre og berike dagens debatt om likestilling mellom kvinner og menn. Hva hendte egentlig? Hva har skjedd seinere og hva kan vi lære? |
|
Publisert: 30.05.2007 |
KILDEN, Stensberggata 25, NO-0170 Oslo |
|