Tips oss/spør oss Abonnér på nyhetsbrev SØK
Kilden logo

Makt, motstand og ambivalens : betydningar av kjønn i idretten

Forfatter(e): Hovden, Jorid

Jorid Hovden setter i sin doktoravhandling søkelys på maktforhold koblet til kjønn på idrettsarenaen. Hun undersøker hvordan kjønn blir uttrykt, håndtert og erfart i idrett når kvinner og menn står overfor hverandre som formelt likestilte og forventer likestilt innflytelse.
Del Del på FacebookTwitter

Pressemelding

Datamaterialet er henta frå  prestisjefylte og mannsdominerte arenaer som toppidrett,  trenarverksemd og idrettspolitikk. Analysene har eit  feministisk perspektiv og utdjupar meir generelle forståingar av forholdet mellom kjønn og makt med idretten som utgangspunkt.

Avhandlingas ”tilstandsbilder” viser korleis kjønnsprega maktforhold,  formar kvinner og menns muleghetar til utfalding og innflytelse. I toppidretten  blir t.d kvinners prestasjonar verdsett etter ein dobbel standard; eit samtidig krav om å tilfredsstille både mannlege prestasjonsnormer og ”det mannlege blikk”. Florence Griffith–Joyner eller  Flo-Jo, framleis verdens raskaste kvinne, var den første som eksponerte dette kravet til det fulle. I dag er kvinneleg toppidrett  fylt med  ”Flo-Jo’s” i ulike variantar.

På trenarverksemd og politikk erfarer kvinner sine roller som problematiske. Dei opplever   sterke forventningar om tilpassning.  Menns tenkemåtar og erfaringar blir oppfatta  som om dei er mest relevante og viktige såvel som generelle og kjønnsnøytrale. Menn i maktposisjonar  tolkar  ofte kvinners kritikk, motstand og alternative profilering som mangel på kulturkompetanse og erfaring. Med andre ord: ulike kjønns- og maktposisjonar markerer ulike utgangspunkt  og rangerer.
Avhandlinga antyder dessutan korleis utvikling av idretten mot ei stadig større marknadsintegrering , skaper nye koplingar mellom kjønn og makt. Den drøftar på kva måtar  demokratiske og samfunnsetiske verdiar som kjønnsmesssig likestilling og likeverd, blir underordna  krav om marknadstilpasning og prisgitt instrumentelle og kommersielle føremål.       

Avhandling (dr. polit.) - Universitetet i Tromsø, 2000

Utgivelsesår: 2000

Utgiver: Institutt for sosiologi, Det samfunnsvitenskapelige fakultet, Universitetet i Tromsø

http://www.adm.uit.no/doktorgrad/2001/DrPolit/Hovden.htm


Del Del på FacebookTwitter

Aktuelle lenker

Få kvinner med makt i idretten

(kilden.forskningsradet.no)

KILDEN, Stensberggata 25, NO-0170 Oslo, Telefon: +47 22 03 80 80, E-post: post@kilden.forskningsradet.no