Tips oss/spør oss Abonnér på nyhetsbrev SØK
Kilden logo

Strategi for KILDEN 2011–2013

Vedtatt i KILDENs styre 26.8.2011.

Del Del på FacebookTwitter

Føremål

KILDEN er eit tenesteytande organ for norsk kjønnsforsking.

Det betyr at KILDEN i kraft av nettverksfunksjonen sin skal bidra til å styrke norsk kjønnsforsking nasjonalt og internasjonalt.

KILDEN har eit nasjonalt ansvar for å formidle norsk kjønnsforsking i inn- og utland.

Det betyr at KILDEN skal formidle frå det norske forskingsfeltet til ulike målgrupper i Noreg. Gjennom aktiv deltaking i nordiske, europeiske og internasjonale aktivitetar, nettverk og organisasjonar skal KILDEN vere med på å gjere norsk kjønnsforsking synleg i utlandet. KILDEN skal løfte fram viktige nyheiter og utviklingstrekk på kjønnsforskingsfeltet.

KILDEN skal hjelpe fram dokumentasjon av ressursar og aktivitetar innanfor norsk kjønnsforsking

Det betyr at KILDEN skal syte for god dokumentasjon av forsking, kompetanse, publikasjonar og andre aktivitetar på kjønnsforskingsfeltet.

Visjon

KILDEN skal, gjennom nettbasert formidling av kjønnsforsking og samarbeid i inn- og utland, vere Noregs fremste kunnskaps- og formidlingskilde for både forskingsmiljø og brukarar av forsking med kjønnsperspektiv.

KILDEN skal legge til rette for

  • gjenbruk av KILDEN sine nyheitssaker i andre medium
  • at fleire bruker kompetansen innan kjønnsforskingsfeltet
  • openheit og nyfikne når det gjeld forskingsfeltet
  • betre synleggjering internasjonalt

ved

  • å tilby og å vidareutvikle gode og fleksible tenester
  • å halde seg oppdatert på feltet, nasjonalt og internasjonalt
  • å prioritere samarbeid med faglege nettverk og organisasjonar som kan bidra til KILDEN når sine mål
  • å prioritere kvalitet over kvantitet
  • å syte for god ressursbruk (menneskeleg og miljømessig), gjennom kontinuerleg kompetanseheving og teknisk oppgradering av nettstaden

Kjerneverdiar

  • respekt for dei ulike behova brukarane har for forskingsbasert informasjon
  • respekt og forståing for forskarane sine arbeidsprosessar
  • upartiskheit og uavhengigheit

Kompetanse

  • kunnskap om forskingsjournalistikk
  • kunnskap om forskingsformidling på nett
  • innsikt i formidling og informasjon som tek vare på likestillings- og mangfaldsperspektivet
  • lang erfaring med å vere bindeledd mellom forsking, forskingsbyråkrati og brukarar av forsking
  • oversikt over forskingsfeltet (innhald, organisasjon, aktørar, aktivitetar) generelt og samla, nasjonalt, nordisk og internasjonalt
  • kunnskap om og oversikt over arbeidet for å skape kjønnsbalanse i forskinga

Målgrupper

For å nå eigne mål har KILDEN følgjande prioriterte målgrupper for verksemda si:

  • forskarar og lærarar – forskarar på kjønnsforskingsfeltet og forskarar og lærarar som ønskjer meir kunnskap om feltet eller underviser i fag med eit potensial for kjønnsperspektiv
  • studentar som er engasjerte i eller har interesse for kjønnsforskingsfeltet
  • offentlege og private verksemder der forsking med kjønnsperspektiv er ein del av kunnskapsgrunnlaget
  • medieoffentlegheita – allmennmedium og vitskapeleg orienterte medium
  • brukarar utanfor Noreg – forskarar, studentar, forskingsadministratorar og -formidlarar, praktikantar samt relevante medium.

Forskingsformidling

Utfordring: Å nå effektivt fram med norske kjønnsforskingsresultat og -perspektiv på eit tidvis politisert og omdebattert felt, i eit medielandskap prega av konkurranse om merksemd.

KILDEN si formidling kjem i ulike sjangrar og stilar tilpassa målgruppene. Når informasjonen vert retta mot kjønnsforskarar og studentar i faget, treng ein ikkje omarbeide stoffet, til dømes i publikasjonsspalta. Fortløpande overvaking av kjønnsforskingsomtale og kjønnsforskingsrelevante artiklar i andre medium vert presentert i Notert-spalta. Denne formidlinga er unik i Noreg og skal vidareførast.
I nyheitsartiklar, som i all hovudsak er retta mot heile målgrupper, bruker KILDEN journalistiske teknikkar for effektiv kommunikasjon. Ein tek til dømes fatt i det konkrete og gjenkjennelege for å forklare komplekse samanhengar, og ein legg vinn på å bruke eit språk så tett opp til målgruppa sitt kvardagsspråk som mogleg. Dersom ein nyttar fagtermar, vert dei alltid forklarte. Samstundes tek ein høgde for forskarane sine behov for presisjon og atterhald. Denne unike mellomposisjonen mellom forskarane sin kommunikasjon og kommunikasjon slik den vert presentert i media har vist seg svært vellykka og skal vidareførast.

Journalistiske metodar er sentrale i den formidlinga KILDEN står for, og nyheitskriteriet er ein del av vurderinga for nyheitssaker. Både forsking som er dagsaktuell, og forsking som bidreg med langsiktige perspektiv, skal løftast fram.
KILDEN skal vise fram kvalitet og mangfald i forskinga gjennom blant anna å synleggjere naturvitskap, teknologi og andre meir utradisjonelle eller nye felt i norsk kjønnsforsking.

KILDEN tar ikkje stilling ved fagleg usemje innanfor feltet, men vil leggje til rette for at ulike stemmer skal bli hørt.

Tidvis kan KILDEN løfte fram forsking som tangerer feltet. Dette kan vere for å vise at eit kjønnsperspektiv er relevant også på område der forskaren i hovudsak definerer seg innanfor andre fagtradisjonar enn kjønnsforsking, eller for å vise fram verdien av kjønnssensitiv forsking også der hovudføremålet ikkje er kritisk kjønnsanalyse.

Tidsskriftet

Tidsskrift for kjønnsforskning er tverrfagleg og skal presentere ny kunnskap i kjønnsforskinga. Føremålet er:

  • å løfte fram nye tema og nye forskingsfelt
  • å vise breidda og djupna i kjønnsforskinga i Noreg, ved å leggje vekt på tverrfaglegheit, stimulere yngre forskarar til å skrive og ved å gi plass til forskarar også utanfor dei etablerte kjønnsforskingsmiljøa
  • å fremje debatt i kjønnsforskingsmiljøa
  • å streve mot relevans og dialog utanfor kjønnsforskingsmiljøa
  • å drive forskingsformidling av høg kvalitet

Gjennom satsing på kvalitet og betre tilgjenge (bl.a. på nettet) skal KILDEN vere med på å auke lesartalet. Utgjevaravtalen KILDEN har med Universitetsforlaget skal i perioden evaluerast når det gjeld økonomi, formidling og profilering av kjønnsforskingsfeltet. Rekruttering av ny/e redaktør/ar skal ta omsyn til regional og fagleg representasjon. Ordninga med Årets artikkel skal vidareførast fordi den bidrar til synleggjering av både artikkelforfattarar og tidsskriftet.

Nasjonal nettverksfunksjon

Utfordring: Mange små og store einingar i heile landet driv kjønnsforsking og forsking med kjønnsperspektiv. KILDEN sin stab er lokalisert i Oslo, og det finst ein viss risiko for sentrum/periferi-posisjonar innan forskingsfeltet.

God kommunikasjon og godt samarbeid med alle forskingsmiljøa i Noreg der ein driv forsking med kjønnsperspektiv, er ein føresetnad for og bidrar til kvaliteten på verksemda ved KILDEN. Dette skal framleis prioriterast. Dei etablerte kjønnsforskingsmiljøa sine særpreg og ulikskapen deira er ein styrke og skal løftast fram. Det årlege nasjonale kontaktmøtet som KILDEN arrangerer saman med Forening for kvinne- og kjønnsforskning i Norge, er viktig, det er også engasjement i andre nasjonale fora. KILDEN skal framleis prioritere observatørrolla i Nasjonalt fagråd for kjønnsforskning. Deltaking i arrangement, intervjureiser samt bruk av frilansarar lokalt er med på å dekkje heile landet. KILDEN har ei nasjonal rolle som representant for og kontakt til kjønnsforskinga i Noreg i internasjonale samanhengar – denne rolla skal forvaltast med omhug.

Internasjonalisering

Utfordring: Å nå ut internasjonalt krev prioritering av målgrupper og kanalar. Å formidle frå heile kjønnsforskingsfeltet internasjonalt til Noreg er ei stor oppgåve.
KILDEN har ein internasjonale strategi som er todelt: Dels skal kjønnsforskinga i Noreg formidlast til eit internasjonalt publikum, dels skal KILDEN bidra til internasjonalisering av norsk kjønnsforsking.

For å synleggjere kjønnsforskinga i Noreg utanfor Skandinavia vil KILDEN prioritere dei engelskspråklege nettsidene og det engelske nyheitsbrevet. For å stimulere forskarar i Noreg til auka internasjonalisering skal KILDEN aktivt orientere om samarbeidsmoglegheiter, relevant finansiering, publisering i internasjonale tidsskrift samt arrangement i utlandet. Norden og Europa vert prioriterte i perioden, men også andre internasjonale moglegheiter skal formidlast. Kurs og innlegg om publisering og internasjonale samarbeidsmoglegheiter er døme på aktivitetar som KILDEN kan tilby kjønnsforskingsfeltet.

KILDEN skal samarbeide med dei nordiske søsterorganisasjonane og andre liknande internasjonale organisasjonar og nettverk. Kunnskaps- og idéutveksling med nordiske kollegaer er viktig for kompetanseutviklinga.

Dokumentasjon

Utfordring: Det fleirfaglege og tverrfaglege på kjønnsforskingsfeltet stiller andre krav til dokumentasjonssystem enn dei tradisjonelle einfagsfelta. Framleis er mange dokumentasjonssystem relativt kjønnsblinde.

Dokumentasjonsarbeidet KILDEN gjer, følgjer integrasjonsprinsippet, det vil seie at KILDEN arbeider for at dei generelle systema og organisasjonane for dokumentasjon av forsking som finst i Noreg, skal dokumentere kjønnsforsking godt nok.
KILDEN vil prioritere å følgje utviklinga av Norsk vitenskapsindeks (CRISTIN) og sjå til at denne kan vere med på å forbetre dokumentasjonen av kjønnsforskinga. CRISTIN vil på lengre sikt også kunne styrke og effektivisere KILDEN sin eigen forskingsdokumentasjon gjennom utveksling av data.

KILDEN følgjer arbeidet med å gjere ein større del av offentleg finansiert forsking tilgjengeleg for folk flest gjennom open arkivering/publisering. Det betyr at ein heile tida vurderer kva for ei rolle KILDEN skal ha i forhold til dette på kjønnsforskingsfeltet i Noreg, også som eigar av Tidsskrift for kjønnsforskning.
Innsatsen KILDEN gjer for Fagrådet for kjønnsforskning med å følgje opp og kvalitetssikre oversikten over tidsskrift på feltet, skal prioriterast.
Den nye forskarbasen til KILDEN med oversikt over kjønnsforskarar i Noreg er den mest sentrale dokumentasjonsressursen. Den skal prioriterast i perioden som kjem slik at den held ein kvalitetsmessig høg standard, og får tydeleg marknadsføring.

Utvikling av nettstaden

Utfordring: KILDEN sin nettstad har vakse raskt i omfang samstundes som brukardiversiteten er stor. Brukarane stiller ulike krav til eksaktheit og djupne i informasjonsinnhentinga. KILDEN sin nettstad har ei teknisk løysing som er både gamal og lite fleksibel med omsyn til nye krav og forventningar som vert stilte.
Parolen frå nyheit til arkiv gjeld framleis for KILDEN si forskingsformidling. Nettstaden formidlar nyheiter og fungerer samstundes dokumenterande, det vil seie som eit nettbasert arkiv for aktivitetar på forskingsfeltet. Nettstaden inneheld ulike typar informasjon. Både informasjonsmengda og informasjonsmangfaldet har auka mykje, og dette gir nye utfordringar med omsyn til vedlikehald av informasjonen samt hjelp til brukarar som leitar etter relevant informasjon.

KILDEN har ein omfattande dokumentasjon av norsk kjønnsforsking på nettstaden. Denne gir oversikt over forskarar og deira kompetanse, doktoravhandlingar, tidsskrift og andre publikasjonar, arrangement, nettverk og miljø. Her er det viktig å utnytte og kople saman dette materialet betre gjennom blant anna å utvide søkjetilhøva og opne for fleire kryssreferansar og temainngongar.

Ei satsing på nettutvikling skal gjere det lettare å finne fram på nettstaden. KILDEN vil forbetre presentasjonen generelt og tematisk, for å oppnå større brukarvenlegheit og for å framheve KILDEN sin profil og kompetanse. Samstundes ønskjer KILDEN å kunne effektivisere eige arbeid gjennom å leggje til rette for import av data frå andre kilder (t.d. CRISTIN) og for auka kommunikasjon i nyare sosiale medium.

Følgjande nettutviklingsbehov er identifisert:

  • tilrettelegging for datautveksling
  • søkefunksjon
  • temasider
  • fyrstesidestruktur
  • publisering av mediefiler

Dette stiller krav til eit forprosjekt etterfølgt av omfattande nettutvikling i strategiperioden.

Eksterne prosjekt

Utfordring: Eksterne oppdragsgjevarar ønskjer små og middelstore prosjekt utført av KILDEN, ofte på kort varsel og med rask gjennomføring. Personalkabalen blir ei utfordring – både i forhold til kompetanse, kontraktslengde og arbeidsbelasting.
KILDEN utfører eksternt finansierte forskingsformidlande og dokumenterande oppdrag, blant anna for enkeltståande forskingsprosjekt og -program. Desse inngår i KILDEN si målsetting om tenesteyting, formidling og dokumentasjon i dei tilfella der forskinga har kjønnsperspektiv. Derfor skal slike oppdrag prioriterast innanfor ramma for dei eksterne prosjekta.

KILDEN har utarbeidd ei rekkje temabaserte nettutstillingar om aktuelle og historiske spørsmål. Her vert aktuelle eller historiske kilder, intervju og anna materiale presentert og illustrert. Dette er utstillingar som kan liggje i grenselandet til kjønnsforskingsfeltet. Fleire av utstillingane er unike presentasjonar av tema som stemmerettskampen, tidlegare kvinnerørsler og dagsaktuelle spørsmål om menneskehandel og tvangsgifte. Nettutstillingane styrker KILDEN sitt kontaktnett, gir auka kompetanse i staben og gir KILDEN eit godt omdøme i nye målgrupper. KILDEN vil vidareføre arbeidet med temabaserte nettutstillingar når dei eintydig bidrar til eige føremål og har ekstern finansiering som sikrar at arbeidet ikkje belastar den ordinære verksemda. Fagleg relevans skal prioriterast ved avgjersler om vidareføring av eksisterande eller oppretting av nye prosjekt.

Gjennom oppdrag for Forskningsrådet og Komiteen for kjønnsbalanse i forskning ønskjer KILDEN å styrke eigen kompetanse på feltet kjønnsbalanse og likestilling i forsking, men også på relaterte verksemdsfelt som entreprenørskap og innovasjon med kjønnsperspektiv.

KILDEN har registrert ein aukande interesse for å gjere fleire av dei eksternt finansiert prosjekta tilgjengelege også på engelsk. Dette skal i framtida drøftast aktivt med alle oppdragsgjevarar som bidrar med ekstern finansiering.

Administrasjon og personalpolitikk

Utfordring: KILDEN har kompetanse både på feltet likestilling i forsking og på forsking med kjønnsperspektiv. Forskningsrådet fokuserer på desse spørsmåla, men har til no i liten grad brukt denne kompetanse. KILDEN sin stab er liten, men med høg og unik kompetanse på verksemdsfelta sine. Det gjer oss sårbare blant anna når nokon sluttar eller er i permisjon. Basisbevilginga gir ikkje rom for fleire faste stillingar, liten moglegheit for oppjustering av eksisterande stillingar og for meir systematisk kompetanseutvikling.

KILDEN er ein randsone under Norges forskningsråd og jobbar for å oppnå tett, tydeleg og kontinuerleg samarbeid. KILDEN skal syte for høg bevisstheit i Forskningsrådet om korleis denne unike kompetansen og verksemda i randsona kan bidra til at Forskningsrådet når sitt overordna mål. Det gjeld forskingsformidlingsfeltet og målet om kjønnsbalanse og auka fokusering på kjønnsperspektiv i forsking. KILDEN har god oversikt på feltet og kan formidle frå eit breitt spekter av eksisterande forsking. Gjennom deltaking i internasjonale nettverk har KILDEN kontakt med utanlandske forskarar som sit inne med unik kompetanse som framleis manglar i Noreg, på område som for eksempel klima og innovasjon.

KILDEN skal vere i stadig utvikling, både fagleg (kjønnsforskingsfeltet nasjonalt og internasjonalt), teknisk (IKT) og sosialt og jobbe hardt for å skape gode arbeidsrelasjonar. Staben i KILDEN skal vere eit fellesskap som er fleksibelt, som samarbeider og er opent for nye tankar og idear. KILDEN skal kontinuerleg evaluere og utveksle erfaringar internt og syte for ein arbeidskultur som tek hand om alle – både fagleg og menneskeleg. Likestilling og mangfald bør prioriterast ved framtidige tilsettingar og engasjement.

KILDEN vert i dag finansiert gjennom ei basisbevilgning frå Norges forskningsråd og middel frå eksterne prosjekt. Delar av dei faste stillingane vert haldne oppe over dei eksterne løyvingane. I strategiperioden vil KILDEN prioritere å arbeide for ei større basisbevilgning frå Forskningsrådet, for å dekkje lønnskostnadene til dei faste stillingane og for å halde fast ved og auke kompetansen i staben.

KILDEN vil også prioritere arbeidet for fleire faste rådgjevarstillingar som kan ta hand om ordinære oppgåver knytt til nyheitssaker, publikasjonar, forskarbasen og nettutvikling, men også prosjektrelaterte oppgåver. Midlertidige stillingar vil framleis vere aktuelle, men ein skal prøve å få til kontraktar av lengre varigheit for å sikre kontinuitet, motivasjon og lojalitet, og for å skape større kompetansebreidde i staben.

Del Del på FacebookTwitter
Publisert: 05.12.2011
KILDEN, Stensberggata 25, NO-0170 Oslo, Telefon: +47 22 03 80 80, E-post: post@kilden.forskningsradet.no