Referat 2007
Referat fra Nasjonalt fagråd for kvinne- og kjønnsforskning 2007
Del 

Sted: Universitetet i Tromsø
Tid: 26. oktober 2007, kl. 9.00-15.00
Representantar:
- Universitetet i Tromsø, Senter for kvinneforsking og kvinner i forsking
Siri Gerrard (nestleiar), Lise Nordbrønd
- Universitetet i Bergen, Senter for kvinne- og kjønnsforsking
Ellen Mortensen (leder), Tone Lund-Olsen (sekretær)
- Universitetet i Oslo, Senter for kvinne- og kjønnsforsking
Hilde Bondevik, Oddrun Rangsæter
- Universitetet i Stavanger, Nettverk for feministisk teori og kjønnsforskning
Ingvill Helstrand
- Norges Studentunion, UiTø
Lone Dybdal
Observatørar:
- Høgskolen i Lillehammer, ODA – Janneke van der Ros
- KILDEN – Maria Grönroos
- FOKK – Rannveig Dahle
Meldt forfall:
- NTNU, Senter for kvinne- og kjønnsforskning ved Institutt for tverrfaglige kulturstudier
Merete Lie, Trine Annfelt
- Høgskolen i Finnmark – Wenche Kjæmpenes
SAKSLISTE
Sak 1/2007 Godkjenning av innkalling og saksliste
Vedtak: Innkalling og saksliste til møtet 26.10.2007 vart godkjent.
Sak 2/2007 Godkjenning av referat frå 20.10.2006
Referat vedlegg 1
Vedtak: Referat frå møtet 20.10.2006 vart godkjent.
Sak 3/2007 Godkjenning av nytt regelverk for fagrådet
Nestleiar Siri Gerrard gjekk gjennom forslaga til endring av ”Reglementet for Nasjonalt
fagråd for kvinne- og kjønnsforsking” som var sendt til medlemane på førehand.
Endringane innebar ei tilpassing til standardreglementet for nasjonale fagråd vedteke av
UHR sitt styre 21. nov. 2005.
Vedtak: Dei føreslegne endringane vart godkjent og vil bli innarbeidd i reglementet.
Sak 4/2007 Karakterbruk i UH-sektoren (bachelornivå)
Fagrådet gjekk gjennom dei utsendte oppgåvene frå emna KULT 202, NTNU, Kjønn og
vitskap 1020, UiO og KVIK 101, UiB. Fagrådet fann det vanskeleg å samanlikna desse
kursa fordi dei representerte ulike nivå og ulike eksamensformer. Manglande
pensumlister og studieplan gjorde det ytterlegare vanskeleg å vurdere karaktersettinga.
Likevel vart det ein god diskusjon omkring både karaktersetting og ulikt nivå på
pensumlitteratur (bruk av original vs sekundærlitteratur på dei ulike nivåa). Det var stort
sett semje omkring karakterbruken, men det kan synast som om det er ein tendens til at
UiB er litt mindre strenge enn resten. Likevel ser ein at karakterane på dei tre kursa som
vart vurdert, fordeler seg omtrent etter gjennomsnittleg karakterfordeling elles.
Til neste evalueringsrunde bør ein passe på at oppgåvene fagrådet skal vurdere er
samanliknbare. Det vil seie at dei er på same nivå og representerer same eksamensform.
Vedtak: Ein rapport basert på gjennomgangen på møtet, samt ein gjennomgang av
masteroppgåver på eit eige arbeidsmøte i desember, vil bli utarbeidd av fagrådet og
sendt til UHR.
Sak 5/2007 NUFU-prosjekt og resultatbasert forskingsfinansiering
Siri Gerrard la fram eit forslag om ei endring av den resultatbaserte
forskingsfinansieringa knytt til NUFU-prosjekt. Dagens finansieringssystem i
universitets- og høgskulesektoren gir ikkje utteljing for prosjekt finansiert av NUFU (The
Norwegian Programme for Development, Research and Education). Arbeid med NUFUprosjekt gir heller ikkje utteljing i pliktarbeidet. Dette bør endrast.
Vedtak: Fagrådet for kvinne- og kjønnsforsking ber UHR arbeide vidare med og ta opp
med Forskings- og høgare utdanningsdepartementet at deltaking i NUFU-prosjekt og evt.
deltaking i liknande internasjonale program skal gi utteljing i finansieringssystemet. Det
inneber at fagmiljøa må legge til rette for at arbeid i NUFU-prosjekt gir utteljing i
pliktarbeidet ved universitet og høgskular, og sist, men ikkje minst at grader som vert
avlagt som resultat av ein felles innsats mellom institutt og rettleiarar i Sør og Nord gir
finansiell utteljing også ved dei norske institusjonane.
Sak 6/2007 Institusjonalisering og synleggjering av satsinga på kjønnsforskingsfeltet
ved høgskulane
Under førre fagrådsmøte vart det etterlyst ein diskusjon omkring institusjonalisering og
synleggjering av kjønnsforskingsfeltet ved høgskulane. Ein veit at det føregår ein heil del
kjønnsrelatert forsking og undervisning ved høgskulane rundt omkring i landet, utan at
det finst noko systematisk oversikt over dette. Ein slik oversikt vil vere viktig for å
synleggjere satsinga på kjønnsforskingsfeltet på høgskulane.
Vedtak: Fagrådet for kvinne- og kjønnsforsking vil sende ein førespurnad til KiFkomitéen
(Kvinner i forsking) v/Linda Rustad om å foreta ei kartlegging av forsking og
undervisning innan kjønnsforskingsfeltet ved høgskulane som eit ledd i arbeidet med å
synleggjere, institusjonalisere og kvalitetssikre satsinga på dette feltet.
Sak 7/2007 Oppretting av nasjonale forskarskular?
Ellen Mortensen orienterte om at det under den nordiske forskarskulen Norsgender sin
oppsummeringskonferanse i september kom fram at finansieringa av Norsgender går ut i
2009 og at det då må søkast om nye midlar. Det har kome signal frå Nordforsk om at dei
berre vil støtte formaliserte samarbeid mellom nasjonale forskarskular. Slike
forskarskular finst i dag i Finland og Sverige, men ikkje i Danmark, Island og Noreg.
Det er derfor viktig å få i gang ein diskusjon om etablering av ein nasjonal forskarskule i
Noreg. Målet bør vere å få forskarskulen på plass til søknadsfristen til Nordforsk i 2009
For å få dette til bør fagmiljøa i Noreg slå seg saman og arrangere felles PhD-kurs som
også kan vere opne for masterstudentar. Ein kan tenke seg både kurs som kan inkluderast
i anna forskarutdanning og tilbod om å få heile forskarutdanninga innanfor forskarskulen.
Etableringa av ein nasjonal forskarskule, som også er knytt til ein nordisk forskarskule,
vil både opne for uavhengig samarbeid på nasjonalt nivå og eit samarbeid med dei andre
nordiske landa. Dette vil sikre god kvalitet og betre profilering av kursa.
Nettverket ein forskarskule representerer vil også kunne styrke dei små miljøa sine
sjansar til å nå gjennom med søknadar om stipend og prosjektmidlar.
Vedtak: Fagrådet vedtok å kalle dei aktuelle miljøa saman til eit arbeidsmøte snarast for
å starte prosessen med å søke om midlar til etableringa av forskarskulen. KILDEN fekk
ansvar for å skaffe fagrådet ein oversikt over tilsvarande finske og svenske forskarskular.
Leiar for fagrådet, Ellen Mortensen, kallar inn til arbeidsmøte i Bergen i desember.
Sak 8/2007 Opptak av nye representantar til fagrådet
Vedtak: Fagrådet sender brev med oppmoding til Universitetet i Agder om å oppnemne
representantar til fagrådet og be UHR om at desse formelt vert tatt opp. Fagrådet vender
seg også til alle høgskular som driv kjønnsforsking og/eller undervisning med
oppfordring om å oppnemne observatørar til fagrådet.
Sak 9/2007 Nytt møte
Neste fagrådsmøte vart lagt til Bergen 24. oktober 2008.
Sak 10/2007 Eventuelt
Ingen saker var meldt til eventuelt.