Juridisk kjønnsskifte løyser ikkje alle problem

Ei ny lov er ikkje nødvendigvis nok til å fjerne ubehaget ved å ha ein kropp som ikkje heilt passar til den personen ein kjenner seg som. Men det kan hjelpe.
– Særleg i eit land som Noreg er lova så viktig at mange tenkjer at dersom ein får anerkjenning i lovverket, så blir alt bra. Men så viser det seg likevel at ei lovendring ikkje fortel andre korleis dei skal behandle deg, seier france rose hartline. Illustrasjonsfoto: iStockphoto

Sidan 2016 kan du sjølv endre kva kjønn du er oppført med i folkeregisteret, ved å fylle ut eit skjema på internett. Vart denne lova så frigjerande som mange hadde håpa?

Det er tema for doktoravhandlinga til france rose hartline, som disputerte ved NTNU i januar. Han intervjua ein handfull personar som endra sitt juridiske kjønn rett etter at lovendringa gav dei høve til det.

– Då den nye lova kom, vart det sett som ein stor siger og som eit veldig progressivt steg samanlikna med mange andre land, fortel hartline.

Endring kom seint, men godt

Fram til 2016 måtte ein ha ei stadfesting frå Nasjonal behandlingsteneste for transseksualisme før ein fekk lov til å endre juridisk kjønn. Kravet for å få ei slik stadfesting, var at ein let seg sterilisere ved å fjerne reproduktive organ. Dette igjen føresette ein diagnose, som bygde på langvarig psykiatrisk utgreiing. Og ein måtte vere i gang med hormonbehandling.

Doktorand france rose hartline ved NTNU, har intervjua ein handfull personar som endra sitt juridiske kjønn rett etter at lovendringa gav dei høve til det. Foto: NTNU

– Ein måtte kvalifisere til sterilisering basert på rigide og utdaterte medisinske idear om kva det ville seie å vere trans, seier hartline.

– Framleis er mange overraska over at sterilisering var obligatorisk så lenge i Noreg. Mange land endra dette tidlegare. Men då endringa først skjedde i Noreg, gjekk ein lenger enn andre.

I Danmark, som har ein liknande modell, må ein til dømes vente seks månader og så stadfeste erklæringa, før endring av juridisk kjønn kan gjennomførast. Det må du ikkje i Noreg. I Sverige er aldersgrensa for at ein sjølv kan be om endring av kjønn 18 år, medan ho er 16 år i Noreg.

– I Noreg kan du også endre att og fram så mange gonger du vil. Og du kan få endra fødselsattesten. Det er viktig for mange, fordi dei kanskje ønskjer å viske ut fortida og starte heilt på nytt. Så eg er samd i at den norske lova er veldig progressiv.

Kan ikkje velje tredje kjønn

Med den nye lova anerkjente den norske staten transpersonar sin rett til å sjølve rå over kjønnsidentiteten sin, utan å måtte underkaste seg medisinsk vurdering eller behandling.

Det er likevel nokre restriksjonar i lova som fekk hartline til å lure på om ho verkeleg var eit så stort framsteg som ho vart presentert som.

For det første kan ein berre velje mellom to kjønn, kvinne eller mann. Andre val er ikkje mogleg. For det andre vart ikkje tilgangen til særskilt helsehjelp for transpersonar endra. Slik helsehjelp kan ein berre få hos Nasjonal behandlingstjeneste for transseksualisme ved Rikshospitalet i Oslo.

Lova signaliserer at transpersonar er dei som kjenner sin eigen kropp best, betre enn staten gjer.

– Dei har monopol på denne typen behandling. Etter som kunnskapen om kjønnsmangfald aukar, er det fleire som ønskjer behandling, seier hartline.

– Og fleire ønskjer ulike typar behandling, til dømes berre hormon eller berre kirurgi, medan regelen er alt i hop. Men dei behandlar likevel ikkje fleire enn før, og det er problematisk.

For å betre forstå kva effekt lova fekk, intervjua han 12 personar som nytta lova til å endre sitt juridiske kjønn. Hypotesen var at endringa ville kjennest frigjerande og styrkande (empowering), bortsett frå hos akkurat dei som ikkje identifiserte seg som tydeleg mann eller kvinne.

Han rekna også med at dei som ikkje ønskte eller trong medisinsk behandling, ville få større utbyte, sidan det medisinske tilbodet ikkje vart endra.

– Men det synte seg at det ikkje var så enkelt. Dei fleste meinte at noko var blitt betre og andre ting verre etter endringa.

Papiret gav tryggleik

I intervjua var han på leit etter kva informantane uttrykte om slikt som kjensle av tryggleik og fridom. Dette variert mykje.

Nokre kjende seg korkje som kvinne eller mann og ønskte at dei kunne velje eit tredje kjønn. Fleire informantar var blitt nekta medisinsk behandling.

Ein informantene av fortalde at ho sat med ei kjensle av at sjølv om ho kunne endre juridisk kjønn, så var kroppen framleis ikkje rett for henne. Det var som om ho sat fast i ein mellomtilstand.

– Dette med tilgang til medisinsk behandling er spesielt vanskeleg for godt vaksne personar, som har barn eller har vore gift. Denne personen tykte ikkje at lova kompenserte for mangelen på medisinsk hjelp, fortel Hartline.

Lova skapar ei kjensle av at dersom du får endre kjønn, så blir du normal med det nye kjønnet.

– Særleg i eit land som Noreg er lova så viktig at mange tenkjer at dersom ein får anerkjenning i lovverket, så blir alt bra. Men så viser det seg likevel at ei lovendring ikkje fortel andre korleis dei skal behandle deg.

Ei anna transkvinne, som heller ikkje fekk medisinsk behandling, fekk derimot god hjelp av lova. Ho var også oppe i åra og hadde vore glad i å mekke på traktoren sin.

– Då ho byrja leve som kvinne, tykte ho ikkje at ho kunne drive med det lenger, for det vart viktig å ikkje gjere ting som sette den nye femininiteten i fare. Men så fekk ho endra sitt juridiske kjønn, og då kunne ho jobbe med traktoren igjen, seier hartline.

– Folk som ser henne, anar jo ikkje at ho har papir på at ho er kvinne, men ho veit det sjølv. Då kjenner ho seg trygg.

Det same galdt ei transkvinne med djup røyst, som gjorde at folk ofte tok henne for å vere mann på telefonen.

– Men då ho fekk papiret på at ho er kvinne, kjende ho seg friare til å korrigere dei. Ho sa at papira var superheltkappa hennar: Dei verna henne.

– Sender eit godt signal

På motsett side intervjua han ein transmann som var svært frustrert over den nye lova. Mannen hadde vore gjennom ein lang og vanskeleg prosess med medisinsk behandling i det han opplevde som eit lite imøtekommande helsevesen.

– Og så kjem denne nye lova, og brått er alt nesten komisk enkelt: Det er berre snakk om å krysse av i eit skjema på internett. Kvifor hadde han måtta gå igjennom alt han hadde vore igjennom, når det tilsynelatande kunne ha vore ordna så enkelt heile tida? Det kjendest som ei fornærming frå staten si side.

Alle intervjua vart gjort rett etter at lova kom, så hartline veit ikkje om eller korleis ting har utvikla seg sidan.

– Men eg trur likevel at sosiale haldningar må ha endra seg, fordi lova hjelper til med å bryte ned den sterke samanhengen mellom sosialt og juridisk kjønn, seier han.

– Og lova signaliserer at transpersonar er dei som kjenner sin eigen kropp best, betre enn staten gjer. Det er eit godt signal å sende. Men det er likevel ikkje nødvendigvis så frigjerande som mange trudde.

Kjensla av tryggleik og fridom stoggar dessutan på terskelen til dei intime romma. Nesten ingen av informantane kjende seg meir komfortable enn før i garderobar og på offentlege toalett.

Ingen slepp unna kjønnsnormene

Hartline er amerikansk, men budde i Sør-Afrika og kom sjølv ut som transmann der, før han flytta til Noreg.

Han hadde eit bilete av Noreg som svært menneskerettsorientert, og lurte mellom anna på korleis transpersonar i Noreg opplevde å leve i eit land som blir rekna som eitt av dei beste landa i verda å leve i.

– Men eg opplevde ikkje at folk skulda eventuelle kjensler av maktesløyse på staten. Dei snakka i staden i svært personlege vendingar om korleis dei ikkje kjende seg heime i samfunnet.

Utganspunktet for prosjektet var å sjå på kven som fekk utbyte av lova og kven som ikkje fekk det.  Forventing var at lova ville fungere dårlegast for dei som ikkje identifiserte seg tydeleg som kvinne eller mann.

Det står att å sjå kor mangfaldig tilbodet faktisk vil bli, og kor lang tid det vil ta.

– Det er ein problematisk innfallsvinkel. Eg forsto ikkje det heilt før eg oppdaga at sjølv dei som kjenner seg som kvinne eller mann, framleis var redde for å gå inn på offentlege toalett. Sjølv om dei no hadde staten si godkjenning av kjønnsidenteten sin, seier hartline.

I staden meiner han det er viktig å hugse at kjønnsnormer er noko alle blir påverka av.

Personar som identifiserer seg med det kjønnet dei er fødd med, kan likevel streve med kjønnsidentiteten sin. Medan transpersonar fint kan kjenne seg heilt nøgde med korleis dei opplever sitt kjønn.

– Lova skapar ei kjensle av at dersom du får endre kjønn, så blir du normal med det nye kjønnet. Men er det eigentleg nokon av oss som oppfyller eit slikt kjønnsideal? spør hartline.

– Forskjellen er berre at det kjennest meir ekstremt dersom du treng statens hjelp til slikt som medisinsk behandling, for å handtere kjønnsubehaget. Men alle lever under desse normene, og det er ikkje slik at alle er lukkelege med kroppen sin og med forventingane frå omverda heile tida.

Helsehjelp neste

I forarbeidet til lova av 2016, kom det også forslag til nye nasjonale retningsliner for helsehjelp til transpersonar. Slike nye retningsliner er først no på trappene. Forslaget var nyleg på høyring, og saka er venta ferdigbehandla i løpet av våren.

I forslaget tilrår ein mellom anna at transpersonar bør få tilbod om hjelpemiddel som bryst- eller penisprotese og parykk utan noko krav om hormonbehandling eller kirurgi. Dessutan bør helsehjelp vere desentralisert, og tilgjengeleg på lågast mogleg nivå.

Hartline er glad for tiltaka som blir føreslått.

– Det står att å sjå kor mangfaldig tilbodet faktisk vil bli, og kor lang tid det vil ta. Kva tid får vi sjå at menneske som ikkje passar inn i den stereotypiske «fødd i feil kropp»-forteljinga, eller menneske som er eldre eller som ønskjer barn, blir tekne på alvor? Og vil det vere gode tilbod også til dei som ikkje bur sentralt? Likevel er eg takksam og håpefull for desse framlegga, og kryssar fingrane for at det blir slik, seier hartline.

Doktoravhandlingen

france rose hartline disputerte 31. januar 2020 ved Humanistisk fakultet, NTNU, med avhandlingen Trans)gender outlaws? A critical analysis of Norway's 2016 gender self-determination law Genderstudies. 

Latest news

Calendar

News Magazine

Our news magazine is an independent online newspaper and a member of the Norwegian Specialised Press Association Fagpressen.