Jenter speler også skytespel

Framleis trur vi at det i hovudsak er unge menn som speler dataspel. – Den verkelege verda er ikkje så svart-kvit som ein trur, seier forskar Silje Hole Hommedal.
Kvinner og menn vert ofte oppfatta som motsetnader når det gjeld dataspel. I verkelegheita er det slett ikkje slik, viser Silje Hommedal si forsking. (Foto: Colourbox.com)

Etter snart to tiår med forsking er framleis den dominerande oppfatninga at dataspelbransjen er eit mannsdominert felt.

Nyaste rapport frå Enternainment Software Association viser derimot at 48 prosent av data- og tv-spelarar i dag er kvinner. Og den største gruppa av folk som speler aktivt – totalt 36 prosent – er frå alderen 36 år og oppover.

Tidlegare forsking har vist at folk flest forventar at jenter speler mindre når dei kjem i tenåra. Men kvinner i alderen 18 år og oppover utgjer ein betydeleg del av folk som speler (36 prosent). Gutar frå 18 år og yngre utgjer til samanlikning berre 17 prosent.

‒ Sjølv om dataspel har vorte ein naturleg del av unge kvinner og menn sine liv, har forsking likevel synt at dataspel vert sterkt kopla til unge menn. Desse tala viser at det ikkje er så svart-kvitt., seier universitetslektor Silje Hole Hommedal ved Universitetet i Bergen (UiO), som i fleire år har forska på dataspel og kjønn.

Motsetnader i dataspeling

Kvinner og menn vert ofte oppfatta som motsetnader når det gjeld dataspel. Også tidlegare forsking, av blant anna Helen Jøsok Gansmo ved NTNU, har vist korleis dataspel vert laga av menn og for menn, og at forventningane om kjønn er ein av dei viktigaste grunnane til at jenter og kvinner kan føle seg ekskludert i dataspel.

Les meir: Tar jenter og data ut i Europa

Det var si eiga interesse for dataspel som låg til grunn for Silje Hommedal si avhandling om kjønn og dataspel. (Foto: Jan Kåre Wilhelmsen/UiB)

Slike forventningar kom tydeleg fram i samtalane Hommedal har hatt med 19 ungdommar på vidaregåande skule, 8 jenter og 11 gutar, i sitt doktorgradsprosjekt.

«Samfunnet sånn som det er i dag, så verkar det som om det er feil for jenter rett og slett, å gjera det [spela dataspel]. Det er i alle fall det inntrykket dei [jentene] har.» , sa ein av gutane.

Formålet med Hommedal si forsking har vært å gi kunnskap om korleis oppfatningar om korleis unge kvinner og menn ‘skal’ vere og oppføre seg, påverkar unge kvinner og menn sitt forhold til dataspel.

‒ I samtalane snakka vi generelt om dataspel, men hos fleire kom det fram tydelege refleksjonar om kjønn med ein gong. Skytespel, vald og mørke fargar gjekk igjen når dei beskreiv gutar. Simulasjonsspel, lite alvor og lyse, fine farger gjekk igjen hos jentespel.

Fleire av jentene og gutane uttrykte at dataspeling er ei motsetjing til 'korrekt' feminin oppførsel.

‒ Men dette er fyrst og fremst på bakgrunn av oppfatninga dei har med seg. Dei reknar det som litt uvanleg at jenter speler skytespel, sjølv om dei veit at det hender, seier Hommedal.

Intuitiv oppfatning av dataspel som kjønna

Ungdommane fekk blant anna i oppgåve å plassere bilete av ulike dataspel på ein skala frå maskulin via nøytral og til feminin, og så gje ei motivering for valet.

Her kom det fram ei førestelling om ein «naturleg» samanheng mellom unge menn og dataspel.

Skyte-, action- og sportsspel som Fifa, Doom og Call of Duty blei oppfatta som maskuline av alle informantane. Fleirtalet nemnde òg spel som World of Warcraft og Gran Turismo. Simulasjonsspelet The Sims blei satt som feminint av omtrent alle informantane.

- Konkurranseelementet er sentralt her – både for kva spel som er mest maskuline og kva som skil jenter og gutar, seier Hommedal.

The Sims er gjerne ikkje oppfatta som eit tydelig konkurransespel. Ein gjer som ein vil og har ikkje eit spesielt mål. Derfor blir spelet assosiert med jenter.

‒ Ungdommane forventar at konkurranse er maskulint. Dei brukte det som ei forklaring, sjølv om det jo eigentleg ikkje er noko som burde tilseie at jenter ikkje liker konkurranse. Dei speler jo òg for å vinne, meiner Hommedal.

The Sims, ein simulasjon av daglege aktiviteter til ein eller fleire virtuelle personar utanfor byen SimCity, er eit type spel som blir oppfatta som meir feminint blant dei ulike dataspela i dag. (Illustrasjon: TheSimsWiki.Com)

 

Tøyer grensene for kva som kan ventast

Hommedal har gruppert jentene og gutane ut frå korleis dei brukar dataspel i konstruksjonen av identitet.

Nokre jenter var tydelege såkalla «gamer-jenter». Ein «gamer» er eit uttrykk for ein person som bruker mykje av fritida på dataspel. Desse jentene fremjer aktivt ein slik identitet og spelar fleire typar spel. På denne måten er dei med og utfordrar dei kjønna oppfatningane om jenter og dataspel.

Andre jenter spelte ein del, var meir bevisste på at dei var jenter og likte å sjokkere andre med å fortelje at dei speler – også såkalla «gutespel».

‒ Den tredje gruppa liker ikkje skytespel og definerer dette som for gutar. Men dei spelar andre dataspel, og er dermed og med på å endre den dominerande oppfatninga om at dataspel berre er for gutar.

Blant gutane meinte fleirtalet at dataspel er ei gute-greie. Dei ser ein naturleg samanheng mellom gutar og dataspel, særlig skytespel. Jenter speler simulasjonsspel og småspel, meiner dei.

«Dataspel, eg tykkjer det er veldig, veldig bra, eg tykkjer det er fantastisk. Eg veit ikkje kvifor eg meiner det, det er vel fordi eg er gut.», forklarar ein av gutane i intervjuet.

‒ Fleire gutar bruker den 'naturlege' forklaringa for å vise deira forhold til dataspel. Dette er med på å oppretthalde den generelle oppfatninga.

To av gutane var opptekne av å gjere dataspel til ein nøytral aktivitet. Dei var klar over at det vart oppfatta som maskulint, men syntest det var feil med slike stereotypar.

‒ Ungdommane er bevisste på dette ikkje berre handlar om biologi, men at jenter blir oppdratt til å like prinsesser og gutar skal like piratar og slikt. Sjølv tøyer dei grensene for kva som er forventa, fortel Hommedal.

Les også: Et skeivt blikk på online-spill

Jenter blir usynlege

Hommedal finn at jenter og gutar har meir eller mindre avgrensa moglegheiter for å forhandle med oppfatninga om kjønn og dataspel.

‒ Begge kjønna er opptekne av å verte oppfatta som jenter og gutar. Jentene bruker uttrykket «gutejente» for å markere seg som annleis frå andre jenter, og ser dermed ingen problem med å spele skytespel.

‒ Medan gutane, sidan det er ei såkalla naturleg samanheng, kan mykje lettare ta avstand frå dataspel. Det vert ikkje stilt spørsmål med deira maskulinitet. Det vert difor mykje vanskelegare å finne ut om dei utfordrar guterolla.

At gutar speler jentespel vart derimot ikkje heilt akseptert.

- Informantane uttala seg faktisk litt motsett her, dei meinte det var litt urettferdig at jenter eigentleg kunne spele det dei ville, medan gutar vert sett rart på om dei speler såkalla rosa spel, fortel Hommedal.

Forskarane Jo Bryce og Jason Rutter påpeikte i 2002 at oppfatninga om at jenter og kvinner liker best sosiale fritidsaktivitetar, kor dataspeling ikkje vert oppfatta som særleg sosialt, har vore med på å gje dataspel eit maskulint forteikn. Den same forklaringa brukte Hommedal sine informantar.

- Dataspel kan vere sosialt og informantane syner også til dette fleire gonger gjennom intervjua, men oppfatninga om at dataspel er usosialt veg tungt.

I tillegg meiner forskarane at tilgangen på spel er skeivt fordelt mellom kjønna og avgrensar tilgang til spelaktivitetar. Kvinner blir difor lett utestengt.

‒ Dei dominerande oppfatningane er framleis med på å forsterka usynleggjeringa av unge kvinner og dataspel og at spel er maskulint. Menn blir dei synlege som spelar aktivt, og fokuset på jenter blir borte, meiner Hommedal.

I forskinga har Hommedal hatt ei open tilnærming til korleis ein kan definera kva som er eit dataspel. Ho meiner noko av problemet også er at dei såkalla "feminine" spela ikkje vert rekna som skikkelege dataspel, noko som igjen bidrar til å gjere unge kvinner usynlege.

‒ Også desse spela, som småspel og simulasjonsspel, bør få status som spel.

Aktiv dataspelar sjølv

Hommedal er sjølv aktiv dataspelar, og definerer seg sjølv i kategorien «jentete jenter som spelar». Ho slutta å spele i tenåra, men byrja igjen då ho var 24 år.

‒ Trass i at vi framleis må jobbe meir for at jenter si dataspeling blir legitimert, meiner eg det har skjedd mykje i folk sine oppfatningar frå då eg sjølv var ung. Eg møtte mine eigne stereotype oppfatningar då eg rekrutterte informantar. Eg trudde det ville bli vanskelegare å finne nok jenter enn kva det synte seg å vera.

Det har blitt lite speling dei siste månadane, for å få doktoravhandlinga ferdig.

‒ Når eg har tid, kan eg lett spele 40-50 timer i veka. Eg har spelt World of Warcraft sidan 2007 og likar å utforske nye ting. Eg har ein mistanke om at eg har ein ny periode med mykje dataspel framføre meg, smiler Hommedal.

Forskaren

Silje Hole Hommedal er universitetslektor på Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier ved Universitetet i Bergen.

Doktoravhandlinga Diskursen om dataspel : kjønna rammer og posisjonar i konstruksjonen av identitet bidreg med kunnskap om på kva måte oppfatningar om korleis unge menn og kvinner "skal" vere påverkar forholdet deira til dataspel.

Aktuelle lenker

Latest news

Calendar

News Magazine

Our news magazine is an independent online newspaper and a member of the Norwegian Specialised Press Association Fagpressen.