Galskap, aggresjon og høge hælar

Den ultrafeminine Tori Amos, rockaren Kim Gordon frå Sonic Youth og countryartisten Gillian Welch er sterke, sjølvstendige, men ulike musikarar. Dei er feminine, men overskrider samtidig kjønnsstereotypar, meiner musikkvitar Tonje Håkensen.
Kim Gordon frå Sonic Youth blir rekna som like tøff og kul som mennene i bandet.

Kim Gordon, Tori Amos og Gillian Welch er taleføre, kreative og kompetente musikarar. Dei presenterer  seg som kvinner som vil noko med musikken sin, og høyrer til blant 1990-talets sterke og uavhengige kvinnelege musikarar. Samtidig er mytar om femininitet sterkt til stades i musikken deira. I masteroppgåva si utforskar Tonje Håkensen korleis desse tre artistane i musikken sin relaterer seg til normer for korleis kvinner skal sjå ut og oppføra seg.

Håkensen har valt musikarar frå så ulike sjangrar som post-punk/eksperimentell rock, kunst-pop og country for å kasta lys over problemstillinga si.

– Kim Gordon er rockaren, og av dei tre eg har teke for meg, er ho gutejenta. Ettersom ho er kvinne i ein mannsdominert sjanger, og einaste kvinne i bandet, har ho blitt sett på som ein av gutane. Ho er også den som har mest kredibilitet blant menn av desse tre, seier Håkensen.

Fleirtydig

Gordon er kvinne i eit mannsunivers. Ho er snart femti og alt gammal i ein musikksjanger der ungdom er sentralt. Gordon har blitt rekna som like tøff og kul som mennene i bandet. Men hennar opptreden er samtidig knytt til det spesifikt feminine. Ho er vakker, blond, ofte kledd i høge hælar og korte kjolar, men ho er likevel ein av gutane. Ho kan framstå som like macho, aggressiv og struttande full av sjølvtillit som mennene i bandet. Tekstane hennar er ofte leikande naive, nokre gongar barnlege. Stemma er mørk og hås, meir kvinneleg enn jentete, men songstilen er røff og ukonform, og gir assosiasjonar til rockerebellar.

Kjønn som framføring

Håkensen har ikkje analysert songtekstar, det er performance, framføring, som står i sentrum i  oppgåva. Her er ho inspirert av Judith Butlers teoriar om korleis kjønn ikkje er det ein er, men det ein gjer, eller spelar i spesifikke situasjonar.

Tonje Håkensen (foto: Astrid Sverresdotter Dypvik).

 – Performance viser både til framføringa, og til augeblinken, den situasjonen der det skjer, seier Håkensen. Samtidig viser det også til den breiare samanhengen, til opptreden utanfor scena og verket.

– Eg har prøvd å sjå på dette samspelet fenomenologisk. Eg analyserer stemmebruk, stil og den opplevinga ein har når ein høyrer på. Det visuelle uttrykket er ein stor del av meininga i popmusikken. Det er også heilt sentralt for opplevinga av musikken. Ein kan sjølvsagt ikkje ta inn alle inntrykk samtidig, men ein må prøva å fanga musikken gjennom å inkludera alle desse elementa, seier Håkensen.

Feminin og galen

Kim Gordon opererer innanfor same musikalske og kulturelle sfære som alternativ-pop musikaren Tori Amos. Men Amos er definitivt ikkje ein av gutane.

– Tori Amos er utprega feminin. Kritikarar ser ofte berre denne eine sida ved Amos, det veldig feminine og irrasjonelle. Eg argumenterer for at dette er basert på ei gammaldags oppfatting av kvinner. Amos har ein stor, lojal fanskare, men ho er ein artist folk anten elskar eller hatar, seier Håkensen.

Pianoet er Amos’ instrument. Det er også eit tradisjonelt feminint instrument, historisk knytt til borgarskapets salongliv. Røysta hennar er lys og klokkeklår. Musikken er ofte vakker, noko som også er rekna som meir feminint, enn til dømes aggressiv støymusikk. Amos er ein musikar som kastar seg over pianoet med grenselaus lidenskap og energi. Ho uttrykker seg på ein konvensjonelt feminin måte når ho syng med si mezzosopranrøyst om korleis handtera undertrykking, særleg av religiøs art, personlege traume, ungdomstid og seksualitet.

Femininiteten blir overeksponert når musikkskribentar og kritikarar omtaler Amos, meiner Håkensen. Ho blir nesten alltid karakterisert ut frå si emosjonalitet og brutale ærlegheit, medan dei fleste overser det harde arbeidet og intellektualiteten som også er ein nødvendig del av dette. Den sterke lidenskapen og intensiteten hos Amos er med på å trekkja henne i ei retning som går ut over det konvensjonelt akseptabelt feminine.

Søkjer maskulin makt

Coveret til albumet ”Boys for Pelé”.

Feminine Amos strevar også etter maskulin makt. Dette poenget blir understreka på coveret til utgjevinga «Boys for Pelé», hevdar Håkensen. Coverbildet viser Amos poserande på verandaen til eit New Orleans-hus. Den raude håret er utslått, ho er innhylla i eit teppe, blikket er forførande, det eine låret nake og mjølkekvitt. Det feminine blir kontrastert av maskuline symbol. I handa har ho eit gevær. I bakgrunnen heng ein død hane og ein levande slange kveilar seg framfor henne. Håkensen refererer til den amerikanske litteraturvitaren og feministen Camille Paglia som hevdar at vestlege symbol for mannlege kjønnsorgan ofte er fabrikklaga produkt som for eksempel gevær. Dermed vil ei kvinner som tek opp eit gevær samtidig bli mindre kvinnelege, eller som Paglia seier «dei hermafrodittiserer seg sjølv». 

Konservativ country

– Gillian Welch elskar bluegrass, ho er oppteken av det gamle og den gammaldagse musikktradisjonen, seier Håkensen. Ho er også meir klassisk feminin enn dei to andre musikarane.

– Fascinasjonen for den gamle musikken er nok heller grunnen til hennar femininitet, enn at ho spelar på feminine stereotypiar. Ho viser tradisjonen og først og fremst der, seier Håkensen.

 

Gillian Welch.

Håkensen påpeikar at countrymusikken nok er den mest heteronormative populærkulturelle musikksjangeren, med den canadiske countrystjerna k.d. lang som det eine unntaket frå denne regelen.

Country er ein utprega konservativ musikksjanger. Men Welch har ein fri og leikande måte å forhalda seg til tradisjonen på og er likevel kjønnsoverskridande, meiner Håkensen.

I tekstane speler ho ofte på si eiga personlege historie. Ho er adoptert, den biologiske faren ein ukjent, ho er ein frifant. Dermed avviser Welch også den tradisjonelle historia om kvinner som uløyseleg knytt til heimen og familien. Welch fortel historier når ho syng, nokre har kvinner i hovudrolla, andre gongar er det menns historier ho fortel.

 – Ho syng songar frå mannen sin synsvinkel. Å fortelja historia er det viktigaste for henne. Det er dette Anno Mungen omtaler som queering the song. Welchs opptreden er kvinneleg, men ho portretterer ei mannleg erfaring i songen.

Overskrider grenser

– Musikk er ein heilt unik arena for å forstå kjønn. Musikken er ein fristad både frå biologi og kulturelt betinga førestillingar om kjønn. Dette blir irrelevant når ein lyttar til musikk fordi det handlar om augeblikk og situasjonar. I musikken leikar ein ofte med identitet, og ein kan ta andre identitetar. Femininitet er heller ikkje fastfryst, seier Håkensen.

Både Gordon, Amos og Welch framfører maskulinitet i tillegg til det feminine, og dei leikar samtidig med dei tradisjonelle kjønnsrollene. Etter å ha undersøkt korleis kjønn blir framstilt hos desse tre kvinnelege artistane, kom Håkensen til same konklusjonen som den amerikanske statsvitaren Linda Zerilli kom til etter å ha lese feministklassikaren Det annet kjønn.

– Etter å ha lese boka veit ikkje lesaren kva ei kvinner er. Ein er overrumpla av mytar og stemmer, det er ein prosess. Det er eit eksistensialistisk poeng. Ein kan ikkje kategorisera kjønn, det handlar om kva situasjon ein er i, seier Håkensen.

Masteroppgåve

Håkensen, Tonje: «Don’t you realize it’s Just Her Disguise?» Performances of femininity by Kim Gordon, Tori Amos and Gillian Welch. Masteroppgåve i musikk, Universitetet i Oslo 2007.

Musikarane

Kim Gordon (f. 1953) er bassist og songar i det legendariske amerikanske indie-rock bandet Sonic Youth. Ho blir ofte omtala som gudmor for Riot grrrls-rørsla, ei feministisk, undergrunns punk-rørsle som starta på tidleg 1990-tal. 

Bandet platedebuterte i 1983, med «Confusion is Sex». 

Tori Amos (f. 1963) er amerikansk pianist og singer-songwriter. Ho er kjent for sine emosjonelt intense songar. Tekstane hennar handlar ofte om seksualitet, religion og personleg tragedie. Hennar første soloplate «Little Earthquakes» vart gitt ut i 1992.

Gillian Welch (f. 1967) er countrymusikar. Ho er inspirert av den gamle bluegrassmusikken, og har førbilde som The Carter Family og Hank Williams. Ho lagar musikk saman med ektemannen sin David Rawlings. «Revival» var hennar første utgjeving, den kom i 1996.

Siste saker

Kalender

Nyhetsmagasinet

Vårt nyhetsmagasin er en uavhengig nettavis og medlem i Fagpressen.