Ekstrem kroppskontroll

Store musklar og tunge styrkeløft betyr ikkje at dei vil bli som menn. Det handlar om kontroll. For dei kvinnelege kroppsbyggjarane er kroppen livet.
– For meg minner kvinnenes konkurransar veldig om missekonkurransar, seier Carina Louise Stokka. (illustrasjonsfoto: iStockphoto)

Huda blir smurd inn med brunkrem og olje når dei kvinnelege kroppsbyggjarane skal konkurrera. Dei stillar i glitrande bikiniar, med høge hælar og sterk sminke. I konkurransen skal dei visa fram den kroppen dei har bygd – musklane struttar, magen er flat og rumpa stram.

– Det finst mange negative stereotypiar om kvinnelege kroppsbyggjarar. Mange trur at dei byggjer om kroppen sin for å bli som menn. Sjølv var eg nysgjerrig på kva det er som gir kvinner lyst til å byggja kroppen sin i eit maskulint miljø, fortel Carina Louise Stokka. Ho leverte masteroppgåva Når kropp er livet. Bodyfitness et avansert kroppsmodifiseringsprosjekt ved Sosialantropologisk institutt ved Universitetet i Oslo i vår. Dette er den første masteroppgåva om kvinnelege kroppsbyggjarar i Noreg.

– Vala deira handlar framfor alt om kontroll over eigen kropp, seier Stokka.

Dei kvinnelege kroppsbyggjarane er på line med resten av samfunnet når dei er opptekne av kontroll, diettar og trening. Men dei byggjer om og endrar på kroppen sin etter andre ideal. Gjennom knallhard disiplinert trening og magre diettar klarar dei å overskrida dei mjuke kvinnelege kurvene i kroppen og få harde musklar som struttar. Denne kroppsforma assosierer mange med noko maskulint.

Fitness

Carina Louise Stokka (foto: Astrid Sverresdotter Dypvik).

Treninga handlar om vekter og kondis. Dei fleste kroppsbyggjarane trenar i kroppsbyggjaranes eigne studio, langt unna aerobic-jenter og fotballgutar. Kvinner og menn trener likt. Dei pumpar jern og tek systematisk for seg muskelgruppe for muskelgruppe. Dei går på diett for å fjerna underhudsfeitt før konkurranse slik at alle musklar er meir definerte. Det er verken plass til utskeiingar eller unnasluntring. Kvinnene Stokka hadde som informantar konkurrerte ikkje i bodybuilding, men i fitness – ei idrettsgrein der symmetrien i musklane er viktigare enn storleiken.

I fitness skal ein ikkje byggja musklane like store som når ein konkurrerer i bodybuilding. Dessutan er det meir glitter og stas. Dei går på høge hælar, sminkar seg og sett opp håret Konkurransen her handlar ikkje berre om kven som har dei flottaste musklane, eit vakkert ansikt tel også med. Det same gjer framtoninga. Ein får trekk for dissete og slapp hud, eller viss brunkremen ikkje er smurt jamt ut over.

– Fleksing av musklar er nedtona. Dei fleksar for eksempel ikkje biceps som ein del av konkurransen. På denne måten har fitnesskonkurransane kome kritikken av kroppsbyggjarkvinnenes maskulinitet i møte, fortel Stokka.

Når mennene konkurrerer, skjer det utan glitter og stas og på bare bein. Framtoninga er røffare, dei poserer maskulint når dei viser fram musklane.

– For meg minner kvinnenes konkurransar veldig om missekonkurransar. Den kroppen som står på podiet er ein illusjon. Kroppen er påverka og frisert gjennom klede, sminke, brunkrem, olje, smykke og sko, seier Stokka.

Mandige musklar

For å bli god, må ein ha ekstrem disiplin, seier Stokka.

 

Det er mange sterke meiningar om kroppsbyggjarkvinnenes muskuløse kroppar. Innanfor sitt eige miljø blir dei godteke, men berre så lenge dei ikkje byggjer seg opp for mykje. I oppgåva si gjengir Stokka denne samtalen som fann stad på helsestudioet då ei svært så muskuløs kvinne frå ein annan treningsklubb var innom for å trena nokre økter.

Mann 1: «Så dere hu jenta med beina eller, hu som er nede i andre?»
Mann 2: «Ja, det er det sykeste jeg har sett, hu var bare helt rå.»
Mann 1: «Joda, men jeg ville aldri at dama mi skulle sett sånn ut.»
Mann 2: «Nei, da hadde jo du blitt dama i forholdet da, og snakket med sånn stemme som dette.» (han gjør om stemmen sin og snakker med høy lys stemme).

Veldig store musklar på kvinner kan bli for kraftig kost også i kroppsbyggjarmiljøet.

– Kvinnene er på eit vis dobbelt stigmatiserte. Folk utanfrå gjer narr av dei, og kvinnene får også fort merka det i sitt eige miljø om dei byggjer seg opp for mykje. Då byrjar folk å snakka om at dei er «mandige»

Kvinnelege kroppsbyggjarar blir godteke i miljøet, men berre så lenge dei ikkje byggjer seg opp for mykje (illustrasjonsfoto: iStockphoto).

Fleirtydig feminitet

– Dei kvinnelege kroppsbyggjarane hadde ikkje noko ønskje om å overskrida kjønnsgrenser eller utfordra stereotypiar om kjønn. Eg oppfatta at dei var aller mest opptekne av å vera kvinner, seier Stokka.

Men ho meiner likevel at dei utfordrar tradisjonelle førestillingar om kva kvinner er, korleis dei skal sjå ut og kva dei skal halda på med.

– Dei er kvinnelege på sin eigen måte, seier Stokka, og viser til den amerikanske queer-teoretikaren Judith Butlers utsegn om at kjønn ikkje er noko ein er, men noko ein gjer. Kroppsbyggjarane utøvar si kvinnelegheit på sitt særprega vis.

– Kjønn kan ikkje leggjast fast i ein enkel kategori. Det finst fleire måtar å vera kvinne på, seier Stokka.

Ho har leita etter forklåringar på dei sterke kjenslene mange har om kroppsbyggjarkvinnenes prosjekt.

– På mange vis kan dei samanliknast med dei såkalla metroseksuelle mennene, dei som er opptekne av mat, mote, interiør og sminke. Dette er praksisar som blir knytt til noko feminint. På same måte som den kvinnelege kroppsbyggjaren blir fråteke si femininitet, blir den metroseksuelle mannen fråteke sin maskulinitet. Mange har vanskeleg for å svelga at dei også er mannlege. Tankane til dei fleste er låst fast i at det er to kategoriar, to kjønn. Folk reagerer kraftig på det som bryt med dette tankemønsteret. 

Eit liv for kroppen

Kroppsbyggjarane er på treningsstudio cirka 2,5 timar fire eller fem dagar i veka. Dei løfter ikkje vekter heile tida, men må ha tid til pausar mellom øktene. Dei brukar tida til å snakka med dei andre, og til å eta for å fylla på musklane. For mange er treningsstudioet den viktigaste sosiale arenaen. Treninga er ein livsstil.

– Det er eit sterkt samhald og fellesskap i miljøet. Alle hjelper alle. Eg var med bak scenen før ein konkurranse. Også der var stemninga svært god. Jentene som snart skulle gå ut for å konkurrera mot kvarandre lånte villeg vekk brunkrem og smykkar til konkurrentane sine. Tonen var veldig hyggeleg, seier Stokka.

Det er eit sterkt samhald og fellesskap mellom kvinnelege kroppsbyggjarar, fortel antropolog Carina Louise Stokka.(illustrasjonsfoto: iStockphoto)

Dette gode samhaldet er også ein del av forklåringa til at kvinner søkjer seg til miljøet. Her finn dei eit sosialt netverk, og her kan dei utvikla sin identitet som kroppsbyggjarar.

Trena sjølv

Stokka sjølv sverga til deltakande observasjon då ho arbeidde med oppgåva. I eit og eit halvt år var ho nesten dagleg i treningsstudioet. Ho trena saman med informantane sine.

– Eg følte at eg måtte. Det handlar om at det er lettare å forstå det ein har erfart på eigen kropp. Ettersom eg trena med dei og lærte å eta «rett» fekk eg eit klart inntrykk av korleis kroppen endrar seg når ein driv med kroppsbygging. Eg merka nye musklar som eg aldri hadde sett før. Eg lærte også å sjå på kroppen med eit meir spesialisert blikk. 

 

Masteroppgave

Carina Louise Stokka: Når kropp er livet. Bodyfitness – et avansert kropps-
modifiseringsprosjekt
. Levert ved Sosialantropologisk institutt ved Universitetet i Oslo våren 2008.

Kroppsbygging

Å trena for å omforma kroppen gjennom spesialiserte treningsøvingar, særleg gjennom bruk av vekter. Målet er å byggja opp musklar og samtidig ha lite underhudsfeitt slik at musklane blir meir definert. Når kroppsbyggjarar konkurrerar ser dommarane etter muskelstorleik, symmetri, posering og på huda til deltakarane. På 2000-talet oppsto fitness. I fitnesskonkurransar er ikkje storleiken på musklane det primære. Dommarane ser på både definisjon, hud, hår og ansikt.

Siste saker

Kalender

Nyhetsmagasinet

Vårt nyhetsmagasin er en uavhengig nettavis og medlem i Fagpressen.