«Ikkje akkurat eit uskuldig offer»

«Ikkje akkurat eit uskuldig offer»

− Skam og risiko er kjernepunkt når valdtekt blir diskutert i amerikanske medier. Merksemda blir konsentrert kring det offeret gjer, og ikkje på overgriparen sitt ansvar, seier samfunnsgeograf Anne Bitsch. 

Saka kor tre lacrosse-spelarar frå Duke University vart skulda for valdtekt, dominerte amerikanske avisoverskrifter i mange veker. (Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no)

Saka vekte oppsikt. Tre idrettsgutar ved eliteuniversitetet Duke i North Carolina var skulda for å ha valdteke ein svart strippar. Valdtekten skulle ha funne stad under ein fest der alkoholen flaut og der alle gjestene, med unntak av to innleigde stripparar, var menn. Ein nabo kunne sidan fortelje at han hadde høyrd ein festdeltakar kome med rasistiske tilrop, denne marskvelden i 2006. 

Saka hadde alle ingrediensar som skulle til for å dominere avisoverskriftene i veke etter veke; rasisme, skuldingar om seksuelle overgrep, stripparar og idrettsheltar. Dei sikta mennene var ikkje kven som helst; dei var spelarar på eliteuniversitetet Duke sitt lacrosse-lag. Denne sporten, som er eit ballspel som blir spelt med kølle, er stor i USA. Dei skulda valdtektsmennene frå lacrosse-laget Duke Blue Devils spelte i elitedivisjonen i universitetsligaen.

«Hatkriminalitet»

Kort tid etter vart tre unge menn frå Duke sitt lacrosse-lag tiltala for valdtekt, seksuell trakassering og kidnapping. Statsadvokaten, Mike Nifong, var raskt ute med å stemple det påståtte overgrepet som «hatkriminalitet». Men Nifong underslo fleire viktige bevis. I tillegg endra   ho som sette fram skuldingane historia si fleire gongar. Til slutt trekte ho forklaringa si.

I april 2007, vel eitt år etter at det påståtte overgrepet skulle ha funne stad, vart dei tre tiltala frikjende. Det vart skrive amerikansk rettshistorie då retten ikkje berre slo fast, slik det er vanleg, at det ikkje fanst prov for at dei var skuldige. Det vart slått fast at det ikkje var nokon tvil om at dei var uskuldige.

Denne oppsiktsvekkande og dramatiske historia er bakteppet for samfunnsgeografen Anne Bitsch si masteroppgåve ”The Geography of Rape: Spaces of Shame and Risk”. I oppgåva analyserer Bitsch mediedekkinga av denne saka med utgangspunkt i tekster frå dei amerikanske riksavisene New York Times, USA Today, og avisa News & Observer som blir gitt ut i North-Carolina, der saka skjedde.

Lingvisten Norman Fairclough sin kritiske diskursanalyse dannar teoretisk rammeverk for analysen. Fairclough definerer diskurs som ein måte å snakke på som gir tyding til opplevingar ut frå eit bestemt perspektiv. Ein diskurs blir dermed ein bestemt måte å snakke om eit fenomen på. Om dei tiltala blir omtala som «gutar» eller «menn», altså om dei blir barnleggjorte eller refererte til som vaksne menneske, vil for eksempel vere interessant for analysen. Utsegner skal også analyserast i lys av den konteksten og det samfunnet dei er ein del av.  

Frå offer til skurk

− I den første fasen av debatten handla det om å etablere ei sanning. Kva var det som hadde skjedd? Det fanst ei opning for at feministiske diskursar kunne tematisere strukturelle forklaringar på seksuelle overgrep; maktrelasjonar mellom kvinner og menn og problem i ungdomskulturen vart diskutert. Etter kvart viste det seg at påstanden var falsk. Då fekk desse perspektiva ikkje lenger nokon plass i debatten. Tonen i debatten vart hardare, og meir aggressiv, seier Bitsch. 

Mellom anna vart det frå fleire hald fremja krav om at namnet på ho som sto bak skuldingane måtte bli kjend. Ein innsendar i lokalavisa News & Observer hevda at sjølv om han var einig i prinsippet om at namnet på ho som sette fram skuldingane i valdtektssaker ikkje skal offentleggjerast, måtte det gjerast eit unntak i denne saka.

”… ho som sette fram skuldingane har vist seg å ikkje akkurat vere eit uskuldig offer. Ho burde ikkje lenger få vere anonym. Ho har jo faktisk øydelagt ryktet til tilsynelatande uskuldige, men tåpelege, unge menn, ” skreiv innsendaren. Lesarbrevet slutta med ein appell om at ho som sette fram skuldingane no måtte betale for den skaden ho har påført andre, gjennom at namnet hennar vart gjort kjend. Den høgreorienterte tv-kanalen Fox News var elles blant dei første som offentleggjorde namn og bilete av kvinna som meinte ho var blitt valdteken.

− Kravet om offentleggjering av namnet på ho som sette fram skuldingane kan forståast i forlenging av spørsmålet om skam. Det er uttrykk for ei rettsoppfatning om at rettferda må gå sin gang, ikkje berre gjennom reinvasking av namnet på dei som var tiltala, men gjennom å leggje skuld og skam på ho som kom med skuldingane, seier Bitsch.

Dominerte debatten

Det som framfor alt dominerte debatten, var liberale og konservative diskursar. Bitsch skriv i oppgåva si at 68 prosent av innlegga kan karakteriserast som anten liberale eller konservative. 

Menn mellom 18 og 25 er naturlege krigarar. Kroppane har vakse seg større enn forstanden, og det seksuelle imperativet overgår alt anna”, sto det å lese i avisa New York Times nokre veker etter at saka vart kjend. Synspunkta er typiske for ein konservativ diskurs, meiner Bitsch.

Kva kjenneteiknar dei konservative?


Anne Bitsch. (Foto: Astrid Sverresdotter Dypvik)

− Dei tek utgangspunkt i ei konservativ forståing av kva ærbar maskulinitet eller femininitet er. Dei er uroa over det ein ser på som moralsk forfall. I den grad det finst eit teoretisk fundament, er det henta frå sosiobiologien. Ein ser på mannleg kjønnsdrift som omsynslaus, konkurrerande og ukontrollerbar. Valdtekt blir dermed eit naturleg utfall av ukontrollerbar mannleg seksualitet. Botemiddelet er at individa må betre sin moralske karakter.

Kva kjenneteiknar dei liberale?

− Det handla mest om den menneskerettslege sida av spørsmålet. Det handla om ein rettferdig prosess. Valdtekt vart ikkje forstått som eit spørsmål om maktrelasjonar mellom menn og kvinner, men berre som eit vanleg brotsverk. I liberale diskursar var det påfallande mange referansar til grunnloven, spesielt prinsippet om at ein må reknast som uskuldig fram til det finst prov for det motsette. 

Rettferd for kvinna som hevdar ho vart valdteken inneber at ein tek ut tiltale, viss ein meiner bevisa er sterke nok. Men det må også forplikte påtalemakta til å sjå på bevis som kan frikjenne dei som no er komne under mistanke” heiter det i ein tekst i North Carolina-avisa News & Observer. Teksten er typisk for den liberale diskursen, meiner Bitsch.

Kva fortel denne diskusjonen om diskursar om valdtekt i USA?

− Den er konstruert rundt kjerneelementa skam og risiko. Det handlar svært mykje om kva eit individ må gjere for å unngå valdtekt. Det sensasjonsprega får stor plass. I tillegg gjer førestillingar om «hore eller madonna» seg gjeldande, seier Bitsch. 

Sett på spissen betyr det at det rår nokre bestemte førestellingar om kva som er eit «verdig offer».

− Kvinner som er kjende for å vere promiskuøse blir stempla, og blir påført skam og ansvar for overgrep. Liknande mekanismar er på ferde der kvinner tek ”unødig” risiko ved å trigge menns antatt ukontrollerbare seksualitet, eller ikkje passar på seg sjølv. Merksemda blir konsentrert kring det offeret gjer, og ikkje på overgriparen sitt ansvar. Andre diskursar enn dette er marginale, eller heilt fortrengt frå debatten, seier Bitsch.

Det påståtte offeret sitt truverde, var tema lenge før det var klart at ho laug. Det manglande truverdet var knytt til kven ho var. ” Å bruke vitnemålet til ei ung kvinne som godtok å kle seg naken og danse for desse mennene, er ikkje akkurat noko som gir høg kredibilitet, er det vel?”, sto det å lese i avisa USA Today

Moralsk forfall

Feminisme og feministar spelte ei stor rolle i debatten, men ikkje som premissleverandørar. Bitsch skriv i oppgåva at berre 20 prosent av innlegga kan karakteriserast som feministiske. Men svært mange skreiv om feministar, og kritiserte standpunkta deira.

− Feministar provoserte mange, dei vart oppfatta som svært mektige, seier Bitsch.

Det var særleg to typar feminisme som gjorde seg gjeldande i diskusjonen, det eine var den radikalfeministiske, det andre var ein konservativ feminisme. Det var særleg radikalfeministane som møtte motbør.

− Slik radikalfeminismen sto fram i debatten, hadde den ein tendens til å avfeie debattmotstandarar som sexistiske og rasistiske, seier ho.

I tillegg føresette radikalfeministiske skribentar at dei tre sikta var skuldige heilt frå dag ein. Det straffa seg då sanninga kom fram.

”Å ”leige” eit anna menneske til eit kvart slag av tvilsam glede er aldri greitt. At dei meinte det var ok (…) seier mykje om kven dei er,” skreiv ein innsendar i avisa USA Today ikkje lenge etter at skuldingane vart kjende. Desse synspunkta er typiske for konservative feministar, meiner Bitsch. 

− Dei var opptekne av skam og moralsk forfall. Dei problematiserte det at kvinna var leigd inn for å vere eit objekt for mennene.

Blant dei konservative feministane fann Bitsch også att fleire av dei same synspunkta som dominerte på ytste høgre fløy.

− Det handla om seksuell promiskuitet som hadde gått for langt, og om eit ønske om moralsk endring. Det vart også antyda at offeret hadde skulda, seier Bitsch.

− Sett frå eit maktperspektiv, har det noko å seie om feministiske diskursar fremmer individforklåringar framfor strukturelle forklåringar. Individforklåringar har ein tendens til å avpolitisere valdtekta og den kulturelle og sosioøkonomiske konteksten den skjer i, legg ho til. Dermed får enkelthendingar mykje meir merksemd enn det faktum at enkelte jenter og kvinner, dei som har låg økonomisk og sosial status, er meir utsette for denne typen overgrep enn andre.