Blir i jobben

Såkalla henteekteskap ser ikkje ut til å verka negativt på yrkesaktiviteten til innvandrarkvinner. Det kjem fram i ein ny artikkel i tidsskriftet Søkelys på arbeidslivet.

Dei såkalla henteekteskapa, der borgarar med minoritetsbakgrunn hentar ektefelle i opphavslandet, har vorte mykje diskutert i Noreg dei siste åra. Eit element i denne diskusjonen har vore om menn som har vokse opp i land med konservativt kvinnesyn hindrar ektefellen sin i å delta i arbeidslivet.

No viser fersk forsking at fødelandet til ektemaken ikkje har noko å seie for om kvinner med innvandrarforeldre deltek i arbeidslivet eller ikkje. 

– Overraskande

– Vi vart litt overraska over funna våre, vi antok i utgangspunktet at noen grupper kvinner som er barn av innvandrarar og som giftar seg med ein mann frå foreldras opphavsland, vil vere mindre yrkesaktive. Utgangspunktet for denne antakinga er at menn som har oppvokse i ikkje-vestlige land ikkje fullt har teke til seg dei norske likestillingsideala, og at dette så vil påverke konas yrkesaktivitet. Men det ser altså ikkje slik ut, seier Idunn Brekke, forskar ved Institutt for samfunnsforskning. Ho har skrive artikkelen «Godt gift? Betydningen av ektefellens landbakgrunn for kvinnelige etterkommeres arbeidsdeltakelse» i samarbeid med Jon Rogstad, som er forskingsleiar ved Fafo.

Tidlegare forsking har vist at kvinnelige etterkommarar av innvandrarar i mindre grad enn majoritetskvinner deltek på arbeidsmarknaden. For minoritetskvinner er prosentandelen 67, for majoritetskvinner 86. I tillegg har forskarar frå før påvist at kvinner med minoritetsforeldre ofte giftar seg med ektefelle med same landbakgrunn som foreldra.

Henteekteskapa

Brekke og Rogstad har brukt registerdata frå Statistisk sentralbyrå. Dei har henta ut informasjon om gifte kvinner i alderen 25-55, med foreldre frå Vietnam, India, Pakistan, Tyrkia og frå Noreg. Tala er frå tidsperioden 1995-2005.

– Kva kan funna dykkar bety i debatten om dei såkalla henteekteskapa? 

– Eg skal vere forsiktig med å seie det veldig sterkt, men det ser ikkje ut til at denne typen ekteskap har nokon negativ verknad på yrkesaktiviteten til desse kvinnene. Undersøkinga våre gir heller ikkje grunnlag for å seie at henteekteskap er noko politikarane slett ikkje treng å tenkje på, seier Brekke, og viser til at denne diskusjonen har handla om langt meir enn minoritetskvinner si deltaking i arbeidslivet.

To unntak

For alle gruppene verka det å ha høgare utdanning positivt på yrkesdeltakinga. Elles var yrkesdeltakinga til gifte majoritetskvinner og gifte kvinner med innvandrarforeldre nokså lik.

71 prosent av dei gifte kvinnene med norskfødde foreldre deltek i arbeidslivet. For kvinner med foreldre frå Vietnam, India eller Tyrkia var talet 69 prosent. Desse minoritetskvinnene skil seg altså ikkje i særleg stor grad frå majoriteten. Den einaste gruppa som skilde seg ut var kvinner med foreldre frå Pakistan, dei fleste i denne gruppa er gift med ein innvandrarmann. For desse kvinnene er yrkesdeltakinga på 55 prosent.

Forklåringa på forskjellane ser ut til å vere i ulikt syn på arbeid og familie. For alle kvinner verkar det å ha små barn under tre år negativt på deltaking i arbeidslivet. Men for kvinner med innvandrarforeldre er perioden der ein er ute frå arbeidslivet ofte lenger.

Idunn Brekke. (Foto: Astrid S. Dypvik)

Undersøkinga viser nemleg at det å ha barn i alderen 3-6 år verkar meir negativt inn på yrkesaktiviteten til kvinner som er etterkomarar av innvandrarforeldre enn det gjer for majoritetskvinner. Brekke og Rogstad ser dette i samband med ein Fafo-rapport frå 2009 skriven av forskarane Hanne Kavli og Marjan Nadim. Rapporten viser at enkelte minoritetskvinner meiner at det å vere heime med barn til dei er tre år, er ein viktig føresetnad for å vere ei god mor. I det utvalet som er med i denne undersøkinga, er det kvinner med pakistanskfødde foreldre som får flest barn.

– Det gir store utslag å få barn. Majoritetskvinner er til vanleg ikkje borte frå arbeidslivet i meir enn eit år når dei får barn. Minoritetskvinner som blir vekke frå arbeidslivet til barnet er tre år, kan kome til å bli borte i seks-sju år dersom dei får fleire barn, dermed blir det også mykje vanskelegare å kome inn på arbeidsmarknaden att, seier Brekke.

Positive band

Det er elles eit unntak frå regelen om at ektemannens opphavsland ikkje spelar nokon rolle for konas deltaking i yrkeslivet. Det gjeld majoritetskvinner som giftar seg med ein mann frå eit land utanfor OECD-området. Dei deltek i mindre grad på arbeidsmarknaden enn andre majoritetskvinner.

– Dette kan kome av at dei blir påverka av ektemannens syn, eller at dei få som går inn i slike ekteskap i utgangspunktet er mindre motiverte for arbeidslivet om ein samanliknar med dei kvinnene som har en norskfødd mann, seier Brekke.

Brekke og Rogstad meiner funna i artikkelen deira stemmer godt overeins med funna i doktoravhandlinga til sosiologen Espen Gran frå 2008. Gran gjorde ei undersøking blant irakiske kurdarar og fann ut at dei mest vellukka innvandrarane, altså dei som er best integrert sett med norske auge, også er dei som er mest transnasjonalt aktive.

Dei deltek i gjenoppbygging av opphavslandet, sender pengar tilbake og er aktivt med på å overføre kompetanse. Funna til Rogstad og Brekke tydar på at den økonomiske integrasjonen, i form av deltaking i arbeidslivet ikkje ser ut til å bli påverka negativt av transnasjonale ekteskaplege forbindelsar.

Viktige spørsmål

Brekke ønskjer fleire svar om minoritetskvinner, ekteskap og yrkesdeltaking. 

– Eg skulle ha hatt høve til å følgje eit utval av kvinner over eit livsløp, for å sjå på kva som skjer under utdanninga, akkurat når dei giftar seg og kva som skjer når dei får det første barnet, det andre barnet og så vidare. Då kan ein sjå om det er ulikt mønster for ulike grupper med omsyn til korleis dei tilpassar seg i yrkeslivet når dei får barn, seier Brekke.  
 

Artikkel

«Godt gift? Betydningen av ektefellens landbakgrunn for kvinnelige etterkommeres arbeidsdeltakelse». Publisert i Søkelys på arbeidslivet 1-2 2011
Forfattarar: Idunn Brekke, forskar ved Institutt for Samfunnsforskning
Jon Rogstad, forskingsleiar ved Fafo og post. doc ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi ved Universitetet i Oslo. 
 

Siste saker

Kalender

Nyhetsmagasinet

Vårt nyhetsmagasin er en uavhengig nettavis og medlem i Fagpressen.