Pris til artikkel om Jesus og maskulinitet

Pris til artikkel om Jesus og maskulinitet

Teolog Halvor Moxnes fekk prisen for årets artikkel i Tidsskrift for kjønnsforskning for sin studie av kristen maskulinitet.

Halvor Moxnes, ein ikkje heilt gjennomsnittleg kjønnsforskar. (Foto: Ida Irene Bergstrøm)

I artikkelen har Moxnes studert maskulinitet i Jesus-framstillingar i bøker og artiklar i overgangen frå 1800- til 1900-talet. Prisen blir delt ut årleg av Tidsskrift for kjønnsforsking.

Halvor Moxnes, som er professor i teologi ved Universitetet i Oslo, fortel at prisen kom som ei overrasking.

– At eg som ein 70 år gammal teolog fekk prisen er jo ganske morosamt. Eg har drive ein del med kjønnsforsking, men er jo ingen klassisk kjønnsforskar. Eg synest det er generøst gjort av vurderingskomiteen og eg er glad for at teologisk kjønnsforsking er av allmenn interesse innanfor kjønnsforskingsfeltet.

KILDEN har tidlegare skrive om artikkelen.

Les saka: Da Jesus ble mann

Særdeles verdifull

I grunngivinga frå juryen sto det mellom anna:

«Moxnes’ historiske beskrivelse er særdeles verdifull og informativ i forhold til et lite utforsket emne både i kjønnsforskningen og i religionsforskning. Artikkelen er ikke eksplisitt komparativ, men dens verdi består i høy grad også i at den åpner opp for nye spørsmål og refleksjoner i forhold til de store utfordringer som det globale gjennombrudd stiller kjønns- og samfunnsforskning overfor».

Eksamen i kjønnsforsking

– Artikkelen er jo på ein måte ei stadfesting på at eg kan kalle meg kjønnsforskar. Å skrive han var som å ta eksamen i kjønnsforsking, fortel Moxnes.

Arbeidet med artikkelen starta i 2011 med eit innlegg om universitetshistorie og kjønn, som Moxnes haldt på Senter for tverrfaglig kjønnsforskings (STK) jubileumskonferanse i samband med Universitetet i Oslo sitt 200-årsjubileum.

– Redaktørane i Tidsskrift for kjønnsforsking, Hilde Danielsen og Kari Jegerstedt, skal ha ein stor takk. Dei pressa meg til å jobbe med materialet, og det er eg glad for, seier Moxnes.