Kjempar om det muslimske kvinneidealet

For iranske kvinneaktivistar er målet både å sikre kvinners rettar og å vere i tråd med islamsk sharia-lov.
Utforminga av ny familielov engasjerer iranske kvinneaktivistar. Men einige er dei ikkje. (Illustrasjonsfoto: Hamed Saber/Wikimedia Commons)

I vestlege land blir feminisme og sharia-lov ofte sett på som motsetningar som vanskeleg lar seg sameine. Feminismen handlar om kvinners kamp for frigjering, medan sharia, tradisjonell islamsk lov, blir forbunde med konservative kjønnsroller og kvinneundertrykking.

Kvinneaktivistar i Iran ser derimot annleis på saka. Dei kjempar for eit lovverk som tek omsyn til både sharia-lov og kvinners rettar. Det kjem fram i den nye boka Family Law in Contemporary Iran. Women's rights activism and shari'a, av religionsvetar Marianne Bøe.

‒ Det finst likevel ikkje ei einskapleg forståing av islamsk feminisme, men eit lappeteppe av idear, hevdar ho.

Religiøst motivert feminisme

Bøe har studert iranske kvinneaktivistar sine perspektiv på forslaget til ny familielov frå 2007 til 2012. Gjennom ulike alliansar med både politikarar og religiøse lærde, har dei bidratt til å trenere og revidere lovforslaget. Enno har ingen ny lov blitt vedtatt.

Både dei aktivistane som var for lovforslaget og dei som var imot, argumenterte med utgangspunkt i både religion og kvinners rettar. Forholdet mellom desse polane vitnar om ein pågåande kamp om det muslimske kvinneidealet, skriv Bøe i boka.

‒ Kvinneaktivistane forankrar argumenta sine i religionen og i iransk historie. Det fåtalet av aktivistane som avvisar islam og forfektar ein sekulær feminisme har liten eller ingen legitimitet i den offentlege debatten, seier ho.

Iranske kvinneaktivistar hentar legitimitet frå Koranen og iransk historie for å få gjennomslag i debatten, fortel religionsvetar Marianne Bøe ved Universitetet i Bergen. (Foto: Kristin Engh Førde)

Ved å hente legitimitet frå Koranen og iransk historie forsvarer dei seg også mot skuldingar om gharbzadegi – negativ vestleg påverknad.

Det gjer at eit skilje mellom sekulær feminisme og islam ikkje gir meining for å forstå den iranske kvinnekampen.

Aktivistar blir truga og fengsla

Iran er ein sjia-islamsk republikk, og islam og sharia-lov står svært sterkt. Ytringsfridomen er avgrensa, spesielt når det gjeld tema som religion og kjønn. Iranske kvinneaktivistar er blant dei som har fått kjenne det på kroppen. Mange av dei blitt truga, fengsla og har måtte flykte frå landet på grunn av meiningane sine.

Om ein tek til motmæle mot den statlege definisjonen av sharia, blir ein ikkje berre sett på som motstandar av den islamske republikken, ein blir også stempla som ein fiende av Gud.

Likevel rom for familiedebatt

Sidan byrjinga av 1900-talet har det likevel vore eit visst rom for å debattere familielovgiving i offentlegheita, der ikkje berre politikarar og religiøse lærde, men også kvinneaktivistar har hatt ei stemme.

I 2007 kom dåverande president Mahmoud Ahmadinejad med eit forslag til ny familielov, da det ikkje har vore nokon einskapleg lov på dette feltet etter den islamske revolusjonen i 1979. 

‒ For Ayatolla Khomeini var familielova frå 1967 uislamsk, og det fremste symbolet på alt det førre vestlegorienterte regimet hadde stått for, seier Bøe.
Før Khomeini tok makta gjennom revolusjonen i 1979 var også kvinnerørsla meir sekulært og vestleg orientert. Etter revolusjonen endra også kvinnekampen karakter.

Professor Ziba Mir-Hosseini, ei av dei fremste teoretikarane på islamsk feminisme og kvinners situasjon i den muslimske verda, har tidlegare uttalt til KILDEN:

– Eg hadde nok aldri vore ein muslimsk feminist om det ikkje hadde vore for den iranske revolusjonen.

I Iran er kvart menneske sitt liv prega av religiøse tolkingar av kjønn. Til dømes har alle offentlege bygg separat inngang for menn og kvinner. På vegen inn blir kvinnene utsett for religiøs inspeksjon: Er de tilstrekkelig dekka til? Har dei for mykje sminke?

Les saka: Tidens krav

Ei mangfaldig rørsle

Bøe har intervjua 28 kvinneaktivistar, både i kvinneorganisasjonar og statlege organ, så vel som enkeltaktivistar. Av yrke er dei professorar, journalistar, advokatar, statstilsette og studentar. To av aktivistane er menn.

Ho identifiserte tre posisjonar blant aktivistane, avvisande, revisjonistar og lojalistar, ut frå korleis dei stiller seg til sharia og kva slags plass religionen har i argumentasjonen deira.

‒ Dei avvisande avviser religionen heilt, og argumenterer ut frå sekulære kjelder, til dømes vestlege feministiske tenkjarar og FNs kvinnekonvensjon. Revisjonistane argumenterer ut frå rettslege prinsipp innan shari‘a, men tolkar dei i lys av dagens situasjon i Iran, fortel Bøe.

Den internasjonalt hylla, men nasjonalt fordømde, nobelprisvinnaren Shirin Ebadi, høyrer til blant desse.

Aktivistane som Bøe har klassifisert som lojalistar jobbar tett opp mot dei statlege definisjonane av sharia, ofte innanfor statsapparatet. Dei meiner at alle lover skal ha basis i islam, og at eventuelle endringar må innførast gradvis.

‒ Til no har den revisjonistiske strategien hatt mest påverknad. Det at revisjonistane viser til religionen og iransk historie gir argumenta deira autoritet, seier Bøe.

Det er likevel dei lojalistiske kvinneaktivistane som har mest påverknad i dagens Iran.

Les også: Strid om ny familielov

Religiøst velsigna prostitusjon?

Eitt av stridstemaa i forslaget til ny familielov har vore tilgangen på såkalla mellombelse ekteskap.

Det inneber at iranske menn kan inngå mellombelse ekteskap for ein time, ei natt eller nokre månader. Slik kan dei ha forhold utanom det permanente ekteskapet utan å forbyte seg mot religionen, i eit land der sex utanfor ekteskapet potensialt kan straffast med døden.

I utkastet til familielov føreslo styresmaktene å gjere det enda lettare for menn å gifte seg mellombels. Siktemålet var å hindre sex utanfor ekteskapet, og dermed avgrense skilsmisser og få ned talet på kvinner som ikkje giftar seg.

Kvinneaktivistane var delte i synet på lovforslaget:

‒ Somme av aktivistane ser på dei mellombelse ekteskapa som ein religiøst akseptert form for prostitusjon, sterkt knytt til skam og økonomisk naud hos kvinnene. Andre aktivistar peiker på at det mellombelse ekteskapet også fungerer som ein form for prøveekteskap eller sambuarskap, fordi det ikkje finst andre moglegheiter for menn og kvinner til å bli kjent på og bu saman før ekteskapet i Iran, seier Bøe.

Striden om medgifta

Ei anna heit potet i familielovdebatten er spørsmålet om medgift, mahr, ein formue som kvinna får av ektemannen når dei giftar seg. Mahr skil seg frå andre medgiftspraksisar, fordi blir rekna som kvinna si eigen økonomiske eigedom, ei betaling ho får frå ektemannen.

I Iran, så vel som i mange andre muslimske land, har medgifta auka voldsamt dei siste åra. Summane som blir nedfelt i ekteskapskontrakten kan vere så høge at mannen aldri vil vere i stand til å utbetale ho.

‒ Nokre av kvinneaktivistane meinte at medgifta bør halde fram, fordi ho trass alt er kvinners økonomiske eigedom og sikkerheit, og gir ho betre kort på handa i samband med samlivsbrott. Dei meinte at ein enten burde betre skilsmisserettane eller halde på medgifta, seier Bøe.

I utkastet til ny familielov føreslo styresmaktene ei standardsum på medgifta for å bremse utviklinga. Dersom nokon krev ei høgare medgift enn standardsummen, skal mellomlegget skattleggjast.

Utfallet av diskusjonen var at lovartikkelen om medgift vart fjerna frå forslaget, og verken skattlegging eller fjerning av medgifta vart vedtatt.

‒ Kvinneaktivistane argumenterte for at det ikkje er staten si oppgåve å regulere ein religiøs praksis, og fekk medhald frå både politikarar og dei religiøse lærde, fortel Bøe.

Fleirkoneri

Den same blandinga av sharia og kvinnekamp pregar kvinneaktivistane i synet på fleirkoneri. Fleirkoneri er tillate i Koranen, og dimed også i Iran. Spørsmålet har mellom anna dreia seg om mannen fritt kan ta seg ei kone til, eller om han skal vere plikta til å be den første kona om løyve først.

Dei revisjonistiske aktivistane argumenterte ut frå ein mellomposisjon, ifølgje Bøe:

‒ Dei anerkjenner at fleirkoneri er greitt ifølgje Koranen. Samstundes peikar dei på at Koranen stammar frå ei anna tid, da fleirkoneri var utbredt. I dagens Iran, så vel som gjennom historia, har monogamiet vore mest utbredt. Dei hevdar også at dette også er til det beste for samfunnet som heilskap.   

Mellom anna som følgje av kvinneaktivistane sin innsats i debatten, er det framleis ikkje vedtatt nokon ny, einskapleg familielov i Iran.

Det større bildet

Bøe meiner at familielovforslaget frå 2007 må sjåast i ein større samanheng, som peikar på ei politisk dreiing i det iranske samfunnet.

Fram til 2000-talet handla familiepolitikken om å avgrense vekst i folkesetnaden. Irans politikk for  familieplanlegging var retta mot kvinners reproduktive sjølvråderett, og samstundes auka utdanningsnivået hos både kvinner og menn.

I år 2000 var omkring 70 prosent av studentane i landet kvinner. Prevensjon var også lett tilgjengeleg.

Politikken fungerte, og befolkningsveksten flata ut. For mykje, ifølgje dagens styresmakter. For iranarar i dag giftar seg seinare og får færre barn enn før. Det har også vore ei auke i talet på ugifte kvinner.

Tilbakeslag

‒ Forslaga om å fjerne konas samtykke til fleirkoneri, å liberalisere det mellombelse ekteskapet, og få ned den høge medgifta er alle tiltak for å gjere ekteskapet meir attraktivt og snu befolkningsnedgangen, seier ho.

Nyleg kom det eit nytt lovforslag om å forby frivillig sterilisering, avgrense tilgangen på prevensjon, auke fødselspersmisjonen for mor og innføre to vekers permisjon for nybakte fedrar.

I ein fersk rapport kritiserer Amnesty International kritiserer dette lovforslaget for å sette kvinners rettar tiår tilbake og redusere dei til fødemaskinar.

‒ Det er også innført avgrensingar på kva for fag kvinner får lov til å studere. Til dømes er det restriksjonar for kvinner å studere kjernefysikk og ingeniørfag, fortel Bøe, som meiner denne utviklinga er urovekkande.

Irans noverande president Hassan Rouhani blir rekna som ein reformist og har blant anna vorte hylla av vestlege medier, som avisa The Guardian, for å ha fått i hamn ei atomavtale med USA.

‒ Når det gjeld forholda på heimebane, spesielt i forholda mellom kjønna, er det ingen stor grunn til å vere optimist akkurat no, meiner Bøe.

Iran
  • Islamsk republikk, med grenser til mellom anna Pakistan og Afghanistan, Tyrkia og Irak og Det kaspiske hav.
  • Rekna som ei regional stormakt i Midtausten og spelar ei viktig rolle i verdsøkonomien på grunn av store olje- og gassressursar.
  • Sjiaislam er den offisielle statsreligionen, medan rundt 8 prosent er sunnimuslimar.
  • Hovudstad er Teheran.
  • Før 1935 var Iran kjent under namnet Persia.
Forskaren
  • Marianne Bøe er religionsvitar ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR), Universitetet i Bergen.
  • Boka Family Law in Contemporary Iran: Women's rights activism and shari'a er basert på doktorgradsavhandlinga hennar frå 2012. Boka er utgitt av I.B. Tauris.

Siste saker

Kalender

Nyhetsmagasinet

Vårt nyhetsmagasin er en uavhengig nettavis og medlem i Fagpressen.