Staten straffa tyskarjentene utan lov og dom

Medan det offisielle Noreg smykka seg med å stille krigsforbrytarar for retten i rettsoppgjeret, vart dei såkalla tyskertøsene straffa utan lov og dom, sjølv om dei ikkje hadde gjort noko kriminelt.
Kvinner som hadde forhold til tyske soldatar under krigen vart utsatt for straff og forfølging. (Foto: Deutsches Bundesarkiv/Wikimedia Commons)

Medan nordmenn flest feira frigjeringa våren 1945, vart minst 5000 norske kvinner internert i omkring 20 leirar rundt omkring i Noreg i opp mot 120 dagar. Den størte leiren låg på Hovedøya, rett utanfor Oslo.

Dei vart kalla for tyskarjenter eller tyskertøser, fordi dei hadde forhold til tyske soldatar, eller jobba for tyskarane under krigen, som til dømes vaskehjelp eller sydame. Dette var ikkje straffbare handlingar, slik som til dømes medlemskap i Nasjonal samling og spionverksemd for tyskarane. Handsaminga av tyskarjentene var difor ikkje ein del av landsoppgjeret.

Eit slags fengsel

Men straffa vart desse kvinnene likevel, ifølgje professor Knut Papendorf, jurist og professor ved Institutt for kriminologi og rettssosiologi ved Universitetet i Oslo. Ikkje berre av folk flest, som skamklipte dei, tok frå dei jobben, og frøys dei ut av det norske samfunnet, men også av norske myndigheiter.

– Også politiet, med Rikspolitisjefen og Justisdepartementet i spissen, var delaktig i ei rettsstridig kvasi-strafferettsleg sanksjonering av ei nær forsvarslaus gruppe i samfunnet. Interneringa var eit slags fengsel, hevdar Papendorf.

Politiavhøyra av dei som vart internert på Hovedøya er berre ein liten del av Riksarkivets omfattande dokumentasjon av handsaminga av tyskarjentene etter krigen. Resten er framleis stengt for innsyn for offentlegheita.

Ein måte å temme hatet på

I den nye boka Siktet som tyskertøs. Rettsoppgjøret i videre forstand hevdar han at det norske, statlege byråkratiet straffa dei som ikkje kunne straffast. Offisielt og juridisk sett var interneringa ikkje meint som straff, men som vern mot hatet frå befolkninga og som tiltak mot spreiing av kjønnssjukdommar.

– Folk var sinte fordi desse kvinnene hadde hatt for nær kontakt med tyskarane. Det var eit sterkt hat i befolkninga mot dei, så myndigheitene kjente på at noko måtte gjerast, seier Papendorf.

Hovudkjeldene for boka er saksdokumenta til dei 347 kvinnene som satt internert i leiren på Hovedøya rett utanfor Oslo i 1945.

Internering på samleband

To provisoriske anordningar, det vil seie mellombelse lovar frå eksil-regjeringa i London, gjorde interneringa mogleg, utan å gå vegen om det ordinære domstolsapparatet. Prosessen vart handsama av politiet eller helsemyndigheitene, og kravde ingen domsavgjersle.

Professor Knut Papendorf har forska på myndigheitene si juridiske handsaming av tyskerjentene i tida etter frigjeringa i 1945. (Foto: Marit Fosse)

– Det gjorde prosessen langt mindre tidkrevjande. Politiet kunne seie «du, kvinne, sånn og sånn, skal internerast på bakgrunn av det og det i 30 dagar», seier Papendorf.

Dersom politiet meinte at forholdet var meir alvorleg, vart saka sendt til rikspolitisjefen, som kunne utvide interneringa til 120 dagar.

– Behandlinga gikk etter samlebandprinsippet. I eit tilfelle søkjer politiet rikspolitisjefen sitt samtykke for internering av heile 38 kvinner samla. Det er i strid med alle strafferettslege prinsipp, seier juristen.

Vern mot gatas justis

Dei offisielle grunnane var for det første å verne kvinner «som blir eller befryktes å ville bli utsatt for overlast frå befolkningens side på grunn av formodning om unasjonalt sinnelag».

For det andre var styresmaktene uroa for spreiinga av kjønnssjukdommar blant prostituerte kvinner som hadde hatt omgang med dei mange tyske soldatane under okkupasjonen.

Med heimel i den såkalla smitteanordninga hadde helsemyndigheitene høve til å internere dei ein rekna med var smitta med kjønnssjukdom «på sykehus eller annet sted … når … det er skjellig grunn til å frykte for at vedkommende vil komme til å smitte andre.»

Bar preg av konsentrasjonsleir

Nestkommanderande på Hovedøya, Adolf Hals, sa følgjande om leiren, i eit intervju gjort over 40 år seinare:

«Nei, vi betraktet det ikke som noe fengsel. Interneringen var et medisinsk forebyggende tiltak, hvor mulig smittebærere kunne holdes i inntil tre måneder. […] Men det er klart, - når man ser tilbake på det i dag, så kan man reagere på det preg av konsentrasjonsleir som stedet hadde.»

I teorien gjaldt smitteanordninga for begge kjønn, men ingen menn vart internert for å hindre spreiing av kjønnssjukdommar.

Dei 28 mennene som gifta seg med tyske Wehrmacht-kvinner fekk ikkje noko straff, medan kvinner som gifta seg med Wehrmacht-menn vart deportert og fråtatt statsborgarskapet, ifølgje Bergens Tidende.

Å ligge med fienden var berre eit problem for kvinner.

Eit dobbelt svik

Hatet mot tyskarjentene kom mellom anna til syne i dei såkalla klippeaksjonane, der kvinner ein meinte hadde fraternisert med fienden vart dratt ut på gata og klipt håret av som straff.

Ifølgje den danske forskaren Anette Warring blir kvinners seksualitet til ein nasjonal og maskulin eigedom i krig, og seksualiteten får ein ekstra symbolverdi. Å bokstaveleg tala ligge med fienden blir difor sett på som eit dobbelt svik.

Klipping som stadfesting av patriotisme

Den 13. mai 1945 vart ei 19 år gammal kvinne drege ut av heimen sin av om lag 40 unggutar frå Kjelsås og klipt, ifølgje avhøyrsrapporten til politiet. Ho hadde hatt eit forhold til ein tysk underoffiser og jobba som kjøkkenhjelp for tyskarane under krigen.

Papendorf meiner at klippeaksjonane også for somme vart ein måte å skjule sitt eiga dårlege samvit for at ein ikkje hadde vore aktiv i motstandskampen i krigsåra.

– Klippinga kan forståast som ei stadfesting av eigen patriotisme. Gjennom å delta i klipping av tyskarjentene kunne ein få stadfesta at ein sjølv likevel var ein god patriot, seier han.

Ifølgje Papendorf var det heller ikkje uvanleg at Heimefronten deltok, aktivt eller passivt i desse aksjonane.

– Verken Heimefronten eller politiet gjorde noko for å hindre klippeseansane, sjølv om deira oppgåve var å hindre lovlause tilstandar i den kaotiske tida etter frigjeringa.

Representative for norske kvinner

I samtida vart dei såkalla tyskarjentene skildra som litt dumme og naive kvinner frå botnsjiktet av samfunnet, fortel forskaren.

Til dømes sendte Filmavisen ein reportasje  frå den største leiren på Hovedøya utanfor Oslo, der det vart slått fast at 75 prosent av kvinnene i leiren hadde kjønnssjukdommar. 

Dei 347 saksmappene frå Hovedøya viser derimot eit heilt anna bilde, ifølgje Papendorf. Her kjem det fram at berre 20 prosent hadde kjønnssjukdommar.

– Det var berre tullball. Kvinnene på Hovedøya var ikkje prostituerte eller såkalla lausaktige kvinner. Dei var tvert imot ganske representative for norske kvinner på den tida, hevdar han.

Sjå filmen: Tyskerjenter i interneringsleiren på Hovedøya

Unasjonale haldningar

I avhøyrsrapportane frå politiet er det, ifølgje Papendorf, tydeleg at det først og fremst er kvinnenes såkalla unasjonale haldningar som var grunnen for interneringa, sidan dei fleste av dei verken hadde behov for vern eller var smitta av kjønnssjukdommar.

Døme på unasjonale haldningane kunne vere «tysk arbeid», «ringforlovelse», «var iført tysk uniform» og «utrolig frekk».

I avhøyrsdokumenta blir kvinnene nemnt som «siktede» og «mistenkte», sjølv om dei juridisk sett ikkje var skulda for noko straffbart. Ein ser også at saker «henlegges», dersom politiet ikkje meiner det er grunnlag for internering.

– Omgrepsbruken til politiet styrkar mitt inntrykket av at det var snakk om straff, uavhengig av det faktiske trusselbildet desse kvinnene møtte, hevdar Papendorf.

Sexfiksert politi

I tillegg til spørsmål om tyskararbeid, var politiet opptatt av kvinnens sexliv, ifølgje Papendorf.

Frå avhøyrsrapportane går det fram at kvinnene ofte vart spurt om kor mange gonger dei hadde hatt samleie med tyske soldatar og kor mange tyske soldatvener og -kjærastar dei hadde hatt.

Men det kjem også fram at mange av kvinnene gjorde motstand mot dei meir intime spørsmåla til politiet.

«Vil ikke oppgi hvor mange hun har hatt samleie med» står det i ein politirapport, datert  1. november 1945.

«Om vi har stått i forhold til hverandre vil jeg ikke svare på, det blir min privatsak», svarer ei anna kvinne.

Forelska i fienden

Fleire peikte på at dei heller ikkje hadde noko behov for å bli verna frå folkehatet, og klarte seg sjølv.

– Avhøyrsrapportane viser at kvinnene tilbakeviste politiets skildring av saka og vegra seg mot å sjå på deira forhold til tyske soldatar som straffbart. Desse kvinnene er langt ifrå det evneveike bildet av tyskarjentene i samtida, seier Papendorf.

For mange av kvinnene som vart internert på Hovedøya var deira fremste «brottsverk» å bli forelska i fienden.

Tyskarjentene
  • Om lag 100.000 norske kvinner hadde eitt eller fleire forhold til menn i tysk teneste under den andre verdskrigen.
  •  Desse kvinnene vart utsett for sterke reaksjonar, både frå befolkinga og myndigheitene, dei første månedene etter frigjeringa i mai 1945.
  •  Fleire tusen kvinner vart utsett for såkalla klippeaksjoner, der dei vart angripe av mobben og fekk håret klipt av.
  • Minst 5000 kvinner vart internert av myndigheitene i 1945, i leirar over heile landet.
  • Den største leiren låg på Hovedøya, ei øy rett utanfor Oslo.
Forskaren

* Knut Papendorf er jurist og professor ved Institutt for kriminologi og rettssosiologi ved Universitetet i Oslo.

* Aktuell med boka Siktet som tyskertøs. Rettsoppgjøret i en videre forstand, som tek for seg politiet og helsemyndigheitene si handsaming av dei såkalla tyskarjentene.

Siste saker

Kalender

Nyhetsmagasinet

Vårt nyhetsmagasin er en uavhengig nettavis og medlem i Fagpressen.