– Arbeidsmiljø er viktigare enn haldningar for å forklare kvinners sjukefråvær

– Arbeidsmiljø er viktigare enn haldningar for å forklare kvinners sjukefråvær

Litt fleire kvinner enn menn meiner det er greitt å vere heime frå jobb sjølv om ein eigentleg er frisk nok til å jobbe. Kan det forklare kjønnsforskjellen i sjukefråværet?
Mer om Arbeidsliv
Er det greitt å vere heime frå jobb sjølv om ein eigentleg er frisk nok til å jobbe? Fleire kvinner enn menn svarer ja på dette spørsmålet. – Vi må heller sjå på det faktiske arbeidsmiljøet, seier forskar. Tilsette i helsesektoren er aller mest utsett for høge emosjonelle krav på jobben.

Kvinner har høgare sjukefråvær enn menn. Det finst mange hypotesar om kvifor det er slik, men ingen har fått solid støtte i forsking. Ein av hypotesane er at kvinner og menn har ulike haldningar til sjukefråvær.

No har tre norske samfunnsforskarar analysert materiale frå den store spørjeundersøkinga Norsk Monitor, som er blitt gjennomført annakvart år sidan 1985, for å finne ut om den forklaringa kan ha noko for seg.

Godtek fråvær «under tvil»

Sidan 1995 er deltakarane i Norsk Monitor blitt spurt om det å vere heime frå jobb sjølv om ein eigentleg er frisk nok til å gå, kan godtakast, godtakast under tvil, eller ikkje godtakast i det heile. Litt fleire kvinner enn menn meiner det kan godtakast å vere urettmessig heime frå jobb, dei aller fleste «under tvil». 

– Skilnaden er på fem prosentpoeng, men han er systematisk over tid og gjeld alle aldersgrupper. Dette er det einaste «moralspørsmålet» i undersøkinga der kvinner er meir tilgjevande enn menn, seier Tale Hellevik ved Velferdsforskingsinstituttet NOVA, ein av forskarane bak studien.

Dei som arbeider meir enn førti timer i veka, og dei som har leiarstillingar, er mindre tilbøyelege til å godta urettmessig fråvær.

Spørsmålet om «urettmessig» fråvær frå jobb kjem innimellom ei rad liknande spørsmål, til dømes om det kan godtakast å snyte på skatten eller køyre med promille. På alle spørsmåla svarer menn i større grad at ja, dette kan godtakast – bortsett altså frå det med å vere urettmessig heime frå jobb.

Motseier tidlegare forsking

Resultata kan tolkast som å motseie ein studie Hellevik var med på å publisere i fjor. I den vart 900 personar av kvart kjønn presentert for ulike forteljingar om sjukefråvær (såkalla vignettar), og bedne om å svare på kor akseptabelt det var å få sjukemelding frå lege i kvart scenario.


Tale Hellevik er ein av forskarane bak studien «Kan det godtas å være hjemme fra jobben selv om en strengt tatt er frisk nok til å gå?» Foto: Velferdsforskningsinstituttet NOVA, OsloMet

 Her tyda resultata på at menn og kvinner hadde like haldningar til sjukefråvær. Det var heller ikkje slik at dei scenaria som handla om ein kvinneleg arbeidstakar, vart bedømt annleis enn dei som handla om ein mannleg.

– Dei to undersøkingane har nok målt litt ulike ting, seier Hellevik.

Vignettstudien tok for seg spesifikke, helserelaterte scenario. Norsk Monitor nyttar derimot ei svært generell spørsmålsstilling som kan tolkast på mange ulike vis. Det blir spegla i at dei fleste som godtek urettmessig fråvær, gjer det «under tvil».

– Min overordna konklusjon er at det ikkje er nokon stor kjønnsskilnad i haldningar til sjukefråvær. Det trengst med andre ord eit stort utval respondentar for å påvise skilnaden, slik tilfellet er i Norsk Monitor-undersøkingane.

Dessutan gir den generelle spørsmålsstillinga i Monitor større spelerom for ulike tolkingar, slik at ulike oppfattingar blir meir synlege, seier Hellevik.

Samstundes peikar forskarane på at den absolutte skilnaden i sjukefråvær mellom menn og kvinner ikkje er så stor. I artikkelen refererer dei tal frå Statistisk sentralbyrå som viser at i fjerde kvartal 2014 var den absolutte skilnaden i sjukefråvær mellom kvinner og menn på berre 3,1 prosentpoeng for legemeldt fråvær, og 0,2 prosentpoeng for eigenmeldt fråvær. 

Om ulike haldningar kan forklare denne forskjellen, kan ikkje datamaterialet gje svar på, fordi ein ikkje kan vite om dei som i størst grad aksepterer fråvær, også faktisk har meir fråvær enn andre.

Menn mest restriktive

Det er vanskeleg å seie kva dei ulike haldningane kjem av. Forskarane har kontrollert for ein del sosiale kjenneteikn som er inkluderte i Monitor-undersøkinga, slik som utdanning, familiesituasjon, sjølvopplevd helse, og om ein er tilsett i offentleg eller privat sektor.

Det einaste som ser ut til å kunne forklare skilnaden i nokon grad, har å gjere med tilknyting til arbeidslivet: Dei som arbeider meir enn førti timer i veka, og dei som har leiarstillingar, er mindre tilbøyelege til å godta urettmessig fråvær. Menn er overrepresenterte i begge desse kategoriane. Andre faktorar såg ut til å ha lite å seie for kjønnsskilnaden.

Det ville vere rart om ikkje måten ein blir behandla på arbeidsplassen, påverkar lojaliteten til arbeidet.

I 2015-utgåva av undersøkinga vart folk dessutan bedne om å svare på om det kunne godtakast å vere heime frå jobb i ei rekkje spesifikke, men ikkje direkte helserelaterte, situasjonar. Desse spente frå høgt stressnivå på jobben til sorg i samband med dødsfall i nær familie. 

I alle situasjonane var menn litt meir tilbøyelege enn kvinner til å seie at dette ikkje gav grunn til sjukemelding. Både menn og kvinner hadde mest aksept for sjukemelding når årsaka var familiær, som dødsfall, eller omsorg for sjuke barn eller andre familiemedlemmar.

– På spørsmålet om omsorg for sjuke barn, var det ikkje signifikant skilnad mellom haldningane til kvinner og menn. Det stadfestar at likestilling i heimen er komen langt når det gjeld barneomsorg, seier Hellevik.

Usikre årsakar

Tale Hellevik tykkjer det er interessant kor komplekst det er å forklare skilnadene i sjukfråvær. Dersom ulike haldningar hos kvinner og menn er ein del av årsaka, er det ikkje utan vidare enkelt å sjå for seg korleis ein kan grave vidare i det. I analysen av datasettet frå Norsk Monitor valde forskarane å utelukke alle andre haldningsvariable som mogleg årsaksforklaring, for det er vanskelig å avgjere i kva retning årsakssamanhengen eventuelt går.

 På den måten kan ein fort ende i sirkelforklaringar. Vi kontrollerte i staden for sosiale bakgrunnsvariablar, og det synte seg altså at berre arbeidstimar og om ein er tilsett i leiarstillingar hadde noko å seie for kjønnsskilnaden. 

– Så kan ein spørje seg, kva tyder eigentleg det? Har vi eigentleg berre flytta forklaringsproblemet eitt hakk opp? seier Hellevik.

– Sjå på det faktiske arbeidsmiljøet

Anne-Marthe Rustad Indregard, som forskar på arbeidsmiljø ved Statens arbeidsmiljøinstitutt, meiner spørsmålet om ulike haldningar kan forklare sjukefråvær, er ein tanke søkt.

– Eg trur nok at det er meir fruktbart å studere det faktiske arbeidsmiljøet om ein vil forklare skilnader i sjukefråvær, seier Indregard.


Anne-Marthe Rustad Indregård forskar på arbeidsmiljø i heimesjukepleia i Noreg. Ho meiner arbeidsmiljø kan forklare kjønnsskilnader i sjukefråvær. Foto: STAMI

– Arbeidsmiljø kan truleg også langt på veg forklare ulike haldningar til sjukefråvær. Haldningar vil alltid vere komplekse, for ein kan ikkje vite korleis dei utviklar seg. Men det ville vere rart om ikkje måten ein blir behandla på arbeidsplassen, påverkar lojaliteten til arbeidet.

Indregård har forska på samanhengen mellom emosjonelle krav på arbeidsplassen og sjukefråvær. Resultata viste mellom anna at arbeidstakarar som ofte må undertrykke eigne kjensler for å kunne vise seg som nøytrale i møte med kundar eller klientar, har auka risiko for sjukefråvær.

Det viste seg også at langt fleire kvinner enn menn rapporterte om høge emosjonelle krav på jobben, og at tilsette i helsesektoren er aller mest utsett. 

No er Indregård midt i å kartleggje arbeidsmiljø i heimesjukepleia i Noreg, ein sektor som er svært kvinnedominert. Samanhengen mellom arbeidsmiljø og sjukefråvær i heimesjukepleia er ein sentral del av arbeidet.

– Tilsette i heimesjukepleia kjenner i stor grad på tidspress og krav om effektivisering, dei har gjerne lang avstand til leiinga, får dårlegare betalt enn andre yrkesgrupper, og er i direkte kontakt med menneske store delar av dagen. 

– Det gjer dei utsette for truslar og for emosjonell belasting. Skal ein forstå sjukefråvær, trur eg det er viktigare å kartleggje slike faktorar, seier Indregård.

Tale Hellevik svarer at det er viktig å forske på både holdninger og arbeidsmiljø for å forstå sykefravær.

– Holdninger er generelt mye brukt som forklaringsvariabler i samfunnsforskning, og trekkes ofte inn i debatten om sykefravær. Slik sett virker det rimelig å se nærmere også på holdninger når en leter etter årsaker til kjønnsforskjellen i sykefravær, sier Hellevik.

– Det betyr selvsagt ikke at arbeidsmiljø er uviktig. Men holdninger kan være det som ligger mellom og hjelper oss til å forstå en eventuell sammenheng mellom arbeidssituasjon og fravær, sier hun. 

Ytterligere kommentarer fra Hellevik er lagt til 06.06.19.