Arabisk kvinnefotball: støtta av regimet, men bryt fortsatt sosiale normer

Normer og lovverk set strenge grenser for korleis kvinner kan leve livet sitt i Saudi-Arabia og Qatar. Men kvinnar skapar likevel rom for å gjere det dei har lyst til – som å spele fotball.
Fotball er den mest populære idretten i Saudia-Arabia og Qatar, både for kvinner og menn, og mange jenter både ser på og spelar fotball heime i oppveksten. Men kvinner møter hindringar av mange slag når dei prøver å utøve idretten utanfor heimen. Photo: iStockphoto

Hausten 2019 gjekk den første offisielle futsal-turneringa – ein variant av innandørsfotball – for kvinner i Dei arabiske gulfstatane, av stabelen. Det var første gong at eit saudisk kvinnefotballag representerte landet sitt i ei offisiell internasjonal fotballturnering.

– Der var mange av dei same saudiske kvinnene eg har snakka med, kvinner som har drive med dette i mange år og som no fekk representere landet sitt for første gong. Det var ikkje VM eller noka stor internasjonal turnering, men for desse kvinnene var det eit stort steg, seier Charlotte Lysa.

Landet utan kvinneidrett

Lysa kom først i kontakt med kvinnelege fotballspelarar i Saudi-Arabia då ho som masterstudent hospiterte på den norske ambassaden i den saudiske hovudstaden Riyadh i 2014. Ho bestemte seg for å forske på fenomenet i doktorgradsprosjektet sitt.

Charlotte Lysa har intervjua kvinner som spelte fotball og andre involverte i idrettssektoren i Saudi-Arabia og Qatar. Foto: UiO

– Formelt fanst det den gongen ikkje idrettstilbod for kvinner i Saudi-Arabia i det heile, men eg fekk likevel høyre om ein kvinnefotballiga som hadde vore aktiv i fleire år, fortel ho.

– Ligaen var bygd opp frå grunnen av unge kvinner, og dreiv heilt uoffisielt og utan støtte frå styresmakter eller andre. Det vekte interessa mi.

Fram til no har Saudi-Arabia altså ikkje hatt noko kvinnelandslag i fotball. Nabolandet Qatar, knøttlite både i areal og innbyggjartal samanlikna med Saudi-Arabia, har hatt eit kvinnelandslag sidan 2010. Men rekrutteringa går trått.

Det tyder ikkje at kvinner i desse landa ikkje spelar fotball, for det gjer dei. Fotball er den mest populære idretten både for kvinner og menn, og mange jenter både ser på og spelar fotball heime i oppveksten. Men kvinner møter hindringar av mange slag når dei prøver å utøve idretten utanfor heimen.

Fotball som vindauge til samfunnet

– Samanhengen mellom fotball, samfunn og politikk er openberr, seier Lysa.

– Fotball er ei enorm sosial og politisk kraft i denne regionen, men kjønnsperspektivet har ofte vore fråverande, så det er spennande å sjå på.

Ho fortel at det også er interessant å bruke små og tilsynelatande snevre casestudium, som kvinnefotball, som vindauge inn til større samfunnsmessige og politiske dynamikkar i Saudi-Arabia og Qatar.

– Ein ting er at det er gjort lite forsking på kvinnefotball i desse landa, men det er gjort lite forsking på samfunnslivet også. Få gjer feltarbeid der, og få engasjerer seg i samfunnsspørsmål på kvalitativt nivå, seier ho.

I Qatar er kvinneidrett ønskt av styresmaktene, men dei sosiale barrierane kan til gjengjeld vere store.

– Eg seier ikkje at vi ikkje skal rette fokus mot menneskerettar og krig, men for dei som lever i desse landa, er det veldig mykje meir som pregar kvardagen.

Lysa gjorde feltarbeid i både Saudi-Arabia og Qatar. Ho intervjua både kvinner som spelte fotball, og andre som var involverte i idrettssektoren, og ho var med som tilskodar på treningar og kampar.

Ho var spesielt interessert i å undersøke korleis kvinnene handterte maktstrukturane dei opererte innanfor, og kvar dei fann motstand og støtte.

– Skilnaden i storleik er interessant. I Saudi-Arabia som er så stort, er det kanskje enklare for enkeltpersonar å forsvinne litt i mengda. Samstundes er dei institusjonelle barrierane større, seier ho.

– I Qatar er kvinneidrett ønskt av styresmaktene, men dei sosiale barrierane kan til gjengjeld vere store.

Organiserer sjølve

I Qatar har ho først og fremst studert unge kvinner under utdanning i det som blir kalla «Education City», eit campusområde i Doha med mange filialar av vestlege utdanningsinstitusjonar.

– Dei framstilte gjerne seg sjølve som kvinner frå familiar som var opne og støtta dei i det dei dreiv med, og er nok ikkje representative for alle kvinner i Qatar, seier Lysa.

Frå styresmaktene si side blir det gjort forsøk på å etablere ein kvinneleg offisiell fotballiga, og dessutan eit landslag. Men rekruttering har vist seg vanskeleg. Ein grunn er truleg at rekrutteringsgrunnlaget er lite – mindre en 15 prosent av landets nær tre millionar innbyggjarar er qatariske statsborgarar. Det er også vanskeleg for kvinner å utøve sporten på ein måte som er sosialt akseptabel.

– Dei fortel om eit sterkt sosialt press for å bruke tida si på studium og familie, men også om idear om femininitet. Dei offisielle ligaene blir assosierte med ein type fotball som er meir maskulin, og driv du med det, så kan du kanskje møte skuldingar om at du ikkje er heterofil, fortel Lysa.

– I tillegg må ein då spele kampar i settingar som ikkje er kjønnsegregerte, og dei færraste vil kjenne seg komfortable med å vere eksponerte for menn medan dei er kledd i fotballdrakt. Dei vil ikkje bryte med slike samfunnsnormer, kanskje av omsynet til familien.

Løysinga intervjuobjekta hennar fann, var å spele fotball i ein liga som dei organiserte sjølve på universitetet. Dermed unngjekk dei skuldingar om at dei sløste vekk tida si, for fotballen var ein aktivitet dei kunne drive med medan dei likevel var på universitetsområdet. Og ettersom dei organiserte ligaen sjølve, kunne dei halde menn utanfor, og dermed få fridom til å kle seg som dei ville.

På den måten greidde kvinnene å skape eit rom der dei sjølve kunne få definere kva fotballen skulle vere.

Reformer i Saudi-Arabia

I Saudi-Arabia har dei institusjonelle hindringane endra seg mykje dei siste åra. Medan det ikkje har vore eit direkte forbod mot at kvinner spelar fotball, så har det i praksis vore vanskeleg. Både trenarar og fysiske stader å spele har vore vanskeleg å finne utan støtte frå samfunnet.

Det var viktig for kvinnene Lysa snakka med, å ikkje tiltrekke seg merksemd, av frykt for å provosere og dermed få enno større vanskar.

Men dei siste par åra, særleg etter at Mohammad bin Salman vart kronprins i 2017, har regimet aktivt gått inn for å bli sett som meir moderne på fleire område. Kvinner har no lov til køyre bil, og dei kan vere tilskodarar på fotballstadion.

I Qatar, men også i Saudi-Arabia, så dreier det seg også om korleis ein står fram internasjonalt.

– Stadion vart bygd om med familieseksjonar der kvinner kunne kome åleine eller i følgje med menn. Det var ei viktig signalendring, for tidlegare har sportsarenaen primært vore ein maskulin arena.

Men andre endringar har vore vel så viktige sjølv om dei har fått mindre merksemd, fortel Lysa. Ein har fått kvinner som medlemmar i fotballforbundet, og prinsesse Reema bint Bandar Al Saud, som no er ambassadør til USA, fekk ansvar for kvinneidrett i 2016.

– At ein inkluderte kvinner i satsing på fysisk aktivitet og idrett, medførte samstundes ei større satsing på breiddeidrett. Ein fekk kampanjar for å utdanne gymlærarar, og familiesportdagar der barn får prøve ulike aktivitetar.

Folkehelse og økonomi

Dei kvinnelege fotballspelarane ho har snakka med, fortel difor at mykje har endra seg sidan ho møtte dei første gong i 2014. No kan dei annonsere aktivitetane sine ope på sosiale medium, fordi dei opplever at dei har støtte frå regimet.

Ei av årsakene til endringane er folkehelse, ei anna er økonomi, ifølgje Lysa.

– Treningssenter, sportsutstyr, tilskodararrangement – ein har eksludert femti prosent av innbyggjarane frå desse industriane. Når ein opnar for at kvinner kan delta, så ligg det til rette for ein stor auke, seier ho.

– Så dette er ein del av ein økonomisk utviklingsplan. Og kanskje særleg i Qatar, men også i Saudi-Arabia, så dreier det seg også om korleis ein står fram internasjonalt. Kvinnespørsmålet har jo vore ein stygg flekk på imaget til desse landa.

Ikkje noko anten/eller

Sjølv om kvinnene Lysa har intervjua, har brote med sosiale normer ved å spele fotball, så kan dei ikkje karakteriserast som regimemotstandarar. I staden har dei forhandla om handlingsrom innanfor dei eksisterande strukturane.

– Det kjem an på kva ein legg i ordet motstand. I den tida der det var nær uråd å drive kvinnefotball i Saudi-Arabia, så var det jo nødvendigvis ei form for motstand om ein likevel gjorde det, fortel ho.

– Men dei gjorde det ikkje ute i gatene, dei konfronterte ikkje normene på same måte som kvinnene som slåst for retten til å køyre bil.

I denne situasjonen blir det feil å framstille motstand som ein dikotomi der det anten er snakk om full konfrontasjon eller full aksept, meiner Lysa.

Det at kvinner no kan køyre bil i Saudi-Arabia, til dømes, medfører jo ikkje nødvendigvis ei demokratisering.

– Dersom ein legg dette med folkeleg opprør og demonstrasjonar til sides – kva er det eigentleg folk gjer dersom dei ikkje er tilfredse med status quo? Desse kvinnene ser det slik at dersom dei blir for konfronterande, vil det berre føre til restriksjonar, seier ho.

– Så lenge dei ikkje pressar for hardt, så kan dei skape moglegheiter til å gjere det dei har lyst til. Og dei opplever at det ikkje er styresmaktene som er motstandarane, men det dei kallar «konservative krefter» i samfunnet.

Samstundes peikar ho på at reformene skjer innanfor eit snevert område og ikkje nødvendigvis er eit signal om større politiske endringar.

– Når ein snakkar om reform, er det igjen lett å bli dikotomisk. Det at kvinner no kan køyre bil i Saudi-Arabia, til dømes, medfører jo ikkje nødvendigvis ei demokratisering, heller tvert imot, seier ho.

– Dei kvinnelege fotballspelarane, som ikkje er i konfrontasjon med eit politisk system, har no fått litt større rom til å drive med sine aktivitetar. På same tid er mange av kvinnene som engasjerte seg i køyrekampanjen, sett i fengsel. Det er ikkje noka naturlov at politisk pluralisme følgjer av bilkøyring for kvinner.

Les også:

Lila Abu-Lughod: Muslimske kvinner trenger ikke reddes

Kjempar om det muslimske kvinneidealet

Om forskeren:

Charlotte Lysa disputerte i desember 2019 for doktorgraden ved Universitetet i Oslo med avhandlinga «Yallā Banāt! Women, Football and Social Change in Saudi Arabia and Qatar».

Lysa har studert to grasrotinitierte kvinnefotballigaer, ein i Saudi-Arabia og ein i Qatar, for å sjå på korleis dei kvinnelege fotballspelarane går fram for å tilpasse seg eller utfordre kjønnsnormer i samfunnet.

Siste saker

Kalender

Nyhetsmagasinet

Vårt nyhetsmagasin er en uavhengig nettavis og medlem i Fagpressen.