Prostitusjon er eit av dei mest kontroversielle og polariserte temaa i kjønnsforskinga. På den eine sida finn vi den radikalfeministiske posisjonen som meiner at sexindustrien er strukturell kvinneundertrykking sett i system, og at all prostitusjon er seksuell vald. Målet er å avvikle all prostitusjon, kriminalisere sexkjøp og hjelpe dei prostituerte ut av bransjen.
På den andre sida finn vi den sexpositive posisjonen, kjenneteikna av ein liberteriansk individualisme som ser på kvinner som sel sex som sexarbeidarar og symbol på seksuell autonomi. Målet er å legalisere sal av sex og fjerne det sosiale stigmaet knytt til prostitusjon. Dei jobbar for å betre arbeidsforholda i sexindustrien og organisere dei som sel sex.
Kvinnegruppa Ottar kan ses som ein typisk representant for den første posisjonen i Noreg. Sexarbeidar Hege Grostad, som har deltatt aktivt i den offentlege debatten i Noreg, er ein typisk representant for den andre posisjonen. Og trass enkelte forsøk på å utvide rammene, går debatten i Noreg som regel langs desse linjene.
Kan vere eit rasjonelt val
Kjønnsforskarar tek no til orde for ei meir nyansert forståing, både av den globale sexindustrien og av dei som jobbar i han.
– Kvinner entrar sexindustrien av mange grunnar og prostituerte er ingen einskapleg gruppe. Radikalfeministar må akseptere at sexarbeid kan vere lukrativt, at det er langt betre betalt enn andre jobbar innanfor rekkevidde, og dimed eit rasjonelt val for mange kvinner. Samstundes må dei sexradikale innsjå at det å selje sex ofte er risikofylt, nedverdigande og inneber svært usikre framtidsutsikter.
Det sa Naila Kabeer, økonom og professor ved London School of Economics, i sitt framlegg om sal av seksuelle tenester under kjønnsforskarkonferansen Sex and Capital i Rovaniemi i Finland i sommar.
– Når vi diskuterer prostitusjon må vi forankre dei teoretiske posisjonane i den faktiske verkelegheita, som er langt meir kompleks enn det debattane ofte gir inntrykk av.
Meir kontroll i fabrikken
Somme debattantar har tatt til orde for å skilje mellom tvang og valfridom, mellom dei som blir tvunge inn i sexarbeid, til dømes gjennom trafficking, og dei som går inn i sexindustrien på eit meir frivillig grunnlag. Men heller ikkje dette skiljet er optimalt, ifølgje Kabeer.
Kabeer illustrerer med ein studie frå storbyane langs Zhujiang-elvedeltaet i Sør-Kina, der kvinner frå landsbyane dreg inn til storbyane for å søkje arbeid, som oftast i klesindustrien. Men sexindustrien tilbyr eit langt meir profitabelt alternativ.
– Som sexarbeidar kan du tene fem gonger så mykje, og bu i eigen leilegheit i sentrum, framfor overfylte sovesalar på fabrikken. Du kontrollerer di eiga tid, du må ikkje spørje om lov til å gå på toalettet, slik som på fabrikken. Alt i alt ser sexarbeidarane på seg sjølv som meir privilegerte enn kvinnene i klesindustrien, seier Kabeer.
Høgst avgrensa val
Eit liknande mønster finn Kabeer i ei studie frå Den dominikanske republikk, der einslege landsbykvinner søkjer mot sexindustrien på dei større turiststadene, for å forsørgje barna sine.
Mange av desse kvinnene håper dei kan møte ein velståande turist som kan gi dei eit betre liv.
– Men ingen av dei meiner at dei har vorte tvinga inn i sexindustrien, fortel Kabeer.
– I slike samanhengar gir ikkje skiljet mellom tvang og valfridom heilt meining. Så kalla «constrained optimalisation», å gjere det beste ut av alternativa ein har, er kanskje meir dekkande i dette tilfellet.
– Når vi snakkar om val i samband med sexsal, snakkar vi om høgst avgrensa val. I tillegg har vi den ibuande kjønnsasymmetrien i den globale sexindustrien. I sexmarknaden er det i all hovudsak ofte velståande menn som kjøper sex og fattige kvinner som sel.
Ein segmentert marknad
Kabeer peikar på at den globale sexindustrien er tydeleg delt etter klasse, etnisitet og alder.
Ho trekk fram Elisabeth Bernsteins forsking på prostitusjonsmarknaden i San Fransisco som døme, og meiner at mønsteret ein finn her går att i store delar av verda.
– Øvst i hierarkiet finn ein middelklassekvinnene som sel sex i underhaldningsdistrikt. Dei har gjerne utdanning og kjem frå gode kår. Dei er rebellar som har valt å vende storsamfunnet ryggen ved å selje sex. Dei jobbar som regel under tilfredsstillande forhold i innemarknaden og tener gode pengar.
Mellomsegmentet er dei såkalla «street walkers», som jobbar på gata.
– Du har dei unge, vakre og velkledde kvinnene som tener relativt godt i dei meir velståande delane av San Francisco, så vel som dei i dei meir frynsete delane av byen, som tener mindre pengar, går dårlegare kledd og ofte er litt eldre.
Nedst i hierarkiet finst «sex for crack»-segmentet, unge så vel som eldre kvinner som sel sex for å finansiere eiget narkotikaforbruk.
– For 20 dollar timen (155 norske kroner, journ. mrk) har dei råd til sitt neste skott, sier Kabeer.
– Om vi ser bort frå dei openberre tvangstilfella sit vi att med ulike kvinner med ulik klassebakgrunn som prøver å «make a living», der nokre har fleire valmoglegheiter enn andre.
– For meg er avkriminalisering av prostitusjon essensielt. Viss ikkje kriminaliserer ein nokre av dei aller fattigaste kvinnene i verda, hevdar Kabeer.
«Det eldste yrket i verda»
Korleis ein skal forstå og definere sal av sex er ein omstridd debatt. Mange som jobbar for legalisering av sexsal argumenterer at det å selje sex er eit yrke på lik linje med andre yrke. Dei oppfattar kvinner som sel sex som sexarbeidarar, ikkje prostituerte.
Gitt at det å selje sex er eit yrke, som andre yrke, kva kjenneteiknar arbeidsforholda i sexbransjen? Kva for kunnskap og kompetanse treng ein sexarbeidar, og kven skal i så fall stå for denne?
Det var temaet til Suvi Ronkainens innlegg på Sex and Capital-konferansen. Ho er forskar og rektor ved Universitetet i Vaasa i Finland.
– Sexarbeid har blitt skildra som eit yrke, men blir sjeldan analysert som eit yrke. Arbeidsomgrepet har i staden blitt brukt for å kjempe mot stigma knytt til det å vere ein som sel seksuelle tenester, hevdar ho.
Arbeidsforholda i sexindustrien
Generelt sett er sexarbeid ufaglært, kvinnedominert og arbeidsintensivt, men likevel ofte godt betalt, samanlikna med andre ufaglærte fulltidsjobbar i sektorar med tilsvarande kompetansekrav og alderssamansetning. Men det er også ein svært uformell og uregulert bransje. Det finst ingen arbeidskontraktar, ingen jobbsikkerheit og få framtidsutsiktar.
Forskinga viser også at dei som blir rekruttert inn i sexbransjen ofte har låg klassebakgrunn, lite utdanning, og ein vanskeleg oppvekst, ofte prega av misbruk eller vald.
– Ei kvinne som sel sex kan tene mykje pengar i byrjinga av 20-åra, men det er neppe å sjå på som ei investering i framtida. Lønna blir lågare jo eldre ein blir, og tida som prostituert gagnar ikkje desse kvinnene seinare i livet, seier Ronkainen.
Ho meiner at eitt av problema med korleis dei som kjempar for legalisering har skildra det å selje sex, er skiljet mellom kva som kjenneteiknar arbeidsforholda i bransjen og kva som kjenneteiknar arbeidet i seg sjølv.
Gammaldags debatt
Synnøve Jahnsen, som forskar på menneskehandel og prostitusjon ved Politihøgskolen, var ikkje på Sex and capital-konferansen i sommar, men ho er godt kjend med konfliktlinjene. Jahnsen meiner debatten om i kva grad prostitusjon er tvang eller fri vilje er gammaldags og utdatert.
‒ Nye forskarar søkjer vegar utanom denne striden, som er veldig snever og altfor tett knytt opp til politisk kamp om rettar og ideologi.
Samstundes viser debatten at det er umogleg å skilje politikk og forsking helt frå kvarandre, meiner Jahnsen.
‒ Omgrepa vi bruker for å beskrive verda er aldri nøytrale. Uansett kor mykje ein vil, illustrerer desse prostitusjonsdebattane at ein ikkje kan skilje vitskap og politikk heilt frå kvarandre. Dette er ikkje nytt for samfunnsvitarar, men det blir kanskje særleg satt på spissen i dette feltet samanlikna med andre forskingsfelt med mindre kontroversar og mindre tydelege konfliktlinjer.
Sexkjøpsloven som grensekontroll
Jahnsens doktoravhandling tek for seg norsk prostitusjonspolitikk og politiets arbeid med menneskehandel. Hun fann at sexkjøpsloven først og fremst ramma utanlandske kvinner. Rettstryggleiken deira er svekt og dei har god grunn til å vere redde for utvising.
Også May-Len Skilbreis forsking har vist at grensekontroll og migrasjonsomsyn er viktige underliggjande tema i norsk prostitusjonsdebatt.
‒ For meg er ikkje prostitusjon eit statisk fenomen, seier Jahnsen.
‒ Ordet prostitusjon rommar mange ting, akkurat som ordet sexarbeid er meir enn prostitusjon. Det går an å forske på prostitusjon ut i frå teoriar om arbeid og profesjonsutvikling, og det går an å sjå på det i lys av teoriar om seksualitet og ei endra oppfatning i samfunnet av kva som er seksuell utnytting.
Det er konteksten og situasjonen som avgjer kva slags forsking og kva slags resultat ein vil få, meiner Jahnsen.
Les om Jahnsens doktoravhandling i artikkelen Sexkjøsploven rammer innvandrede kvinner.
Skilbreis forskning har vi blant annet skrevet om i saken Loven mot synlige horer.
Amnesty vil avkriminalisere
Amnesty International vedtok i august 2015 at organisasjonen er for avkriminalisering av kjøp og sal av sex. Posisjonen deler dei blant anna med Verdas helseorganisasjon, UNAIDS og det vitskapelege tidsskriftet The Lancet.
Amnesty meiner kriminalisering gjer ei marginalisert gruppe endå meir utsatt, og viser til dokumentasjon og forsking som finn at dei som sel sex vert utsett for omfattande trakassering, diskriminering og vald, inkludert valdtekt og drap.
«Sexarbeidernes menneskerettigheter, som retten til bolig, til helse og til beskyttelse mot overgrep, blir krenkt på daglig basis. Og jevnt over er det få som bryr seg», skreiv Amnesty Norge i Dagbladet, som tilsvar på Dagbladets kritikk av vedtaket. Mange feministar og anti-traffickingorganisasjonar over heile verda raste også over vedtaket.
‒ Problemet med å for eksempel definere prostitusjon som vald mot kvinner i seg sjølv, er at ein står i fare for å usynleggjere eller bagatellisere valden personar som sel sex vert utsett for, seier Jahnsen.
‒ Eg synest i alle høve det er svært problematisk å avvise påstanden om at repressiv politikk kan føre til økt risiko for vald. Ein burde i det minste anerkjenne at dette er noko vi veit for lite om, og at det er verdt å forske meir på. Eg vil tru vi vil finne store forskjellar mellom landa, delvis fordi det ikkje berre er straffelova som avgjer kor utsett bestemte grupper er.