Forskeren svarer

Kva er kjønnsperspektiv i litteraturvitskap?

Vi spør Marie Nedregotten Sørbø, professor i engelsk ved Høgskulen i Volda.
– I dag vegrar mange menn seg for å forske på kvinnelege forfattarskap eller bidra til ei meir kjønnsbalansert litteraturhistorie, som om det var fare for hormonsmitte, seier Marie Nedregotten Sørbø.

Marie Nedregotten Sørbø er professor i engelsk ved Høgskulen i Volda. Sørbø sitt spesialområde er engelsk litteratur og kvinnelege forfattarar gjennom tidene.

– Kva forbinder du med kjønnsperspektiv i forsking?

– Kjønnsperspektiv vil seie medvit om at kjønn er ein faktor i all undervisning og forsking, enten vi vedkjenner oss det eller ikkje. Å tru at ein gir nøytral kunnskapsformidling er ein illusjon.

– Korleis kan kjønnsperspektiv vera nyttig i fagfeltet ditt?

– Kjønnsperspektiv vil gje meir balanserte pensumlister i utdanningane som formar framtidige forskarar. Slik det er i dag, er pensumlistene ofte studium i mannelitteratur, med nokre eksepsjonelle kvinner som pynt.

– I neste omgang vil kjønnsperspektiv gje større horisont for kva som er relevant forskingsmateriale. Fleire kvinner vil forske, og fleire menn vil bidra til forsking på kvinne-relevante problemstillingar.

– I dag vegrar mange menn seg for å forske på kvinnelege forfattarskap eller bidra til ei meir kjønnsbalansert litteraturhistorie, som om det var fare for hormonsmitte.

– Korleis har du jobba med kjønnsperspektiv i forskinga di?

– Eg har saman med partnarar frå andre land  nettopp avslutta eit treårig EU-støtta prosjekt om importen av kvinnelege forfattarskap til Noreg, Finland, Nederland, Slovenia og Spania frå 1790-tallet og fram til første verdskrigen. HERA-prosjektet er eit svar på mangelen på kjønnsperspektiv og balanse i europeisk  litteraturhistorie.

– Vi treng å skaffe ny kunnskap om kor mange kvinner som publiserte og vart leste på tvers av landegrensene også før i tida. Vi har dokumentert så langt 6420 kvinnelege forfattarar før 1930 frå Europa og Amerika, og talet veks.

– Desse kvinnene og arbeida deira ligg gøymt i gløymte historiske kjelder, som avisspalter og bibliotekskatalogar. No blir dei avdekka gjennom systematiske undersøkingar og digital registrering i eigen database, NEWW Women Writers. Denne er open for alle og ein ressurs for dei som vil danne seg eit betre bilde av kva kvinner har bidrege med i fortidas kultur.

– Neste steg er å sjå på korleis dei 6420 kvinnelege forfattarane kan nyttast i undervisning og vere med å endre studentane og elevane sitt kjønnsperspektiv.

– Kva fagområde kunne i større grad hatt eit kjønnsperspektiv?

– Alle. Men ikkje minst litteraturhistorie, og andre former for kulturhistorie. Vi ønskjer å gje framtidas historieskrivarar og lærarar eit betre faktagrunnlag, slik at vi slepp å sjå fleire lærebøker som påstår det var svært få kvinner som skreiv i den eine eller andre perioden.

Sjå også Med Europa som lesesirkel

Kjønnsperspektiver i forskning

Forskningsrådet og EU vil at forskere skal integrere kjønnsperspektiver i forskning der det er relevant. Det skal øke sjansen for forskningsfinansiering. Men hva er kjønnsperspektiver? Når er det relevant? Hvorfor er det viktig? Og hvordan skal man få det til? 

Kilden kjønnsforskning.no spør forskere fra ulike fagfelt om hva de forbinder med kjønnsperspektiver, hvordan slike perspektiver kan være nyttig og hvordan de selv har jobbet med det.

Denne serien er en del av prosjektet Integrering av kjønnsperspektiver i forskning

Se også Forskningsrådets policy om Kjønnsbalanse og kjønnsperspektiver i forskning og innovasjon.

Les alle svarene fra forskerne

Latest news

Calendar

News Magazine

Our news magazine is an independent online newspaper and a member of the Norwegian Specialised Press Association Fagpressen.