Alle vil til USA, ingen vil til Kina

Phd-studentar let vere å søkje på forskarkurs i Shanghai fordi dei ser på Kina som for framand og eksotisk.
Det som skjer den angloamerikanske forskingsverda, blir lett oppfatta som universelt. Forskarkurs i land som Kina blir rekna for å vere for spesielt interesserte. Her illustrert med eit eksotisk klokketårn i X'ian. (Illustrasjonsfoto: Colourbox)

‒ Når eg spør folk om ikkje dette kurset kan vere noko for dei, så er den typiske reaksjonen at «det hadde vore kjempespennande, men eg forskar jo ikkje på Kina, så då er det neppe relevant for meg», fortel professor Harriet Bjerrum Nielsen ved Senter for tverrfagleg kjønnsforsking ved Universitetet i Oslo.

USA er universelt, Kina spesielt

Senteret har ansvaret for den nasjonale forskarskulen i kjønnsforsking. I mai arrangerer dei, saman med Sino-Nordic Gender Studies Network, eit PhD-kurs med temaet moderniseringsprosessar, kjønn og generasjonar, som skal gå av stabelen ved Nordic Centre ved Fudan-universitetet i Shanghai.

Påmeldinga har vore god, men Bjerrum Nielsen tykkjer det er påfallande at nesten alle dei påmeldte anten kjem frå Kina eller har Kina som studieobjekt – trass i at kurset rettar seg mot kjønnsforskarar med interesse for moderniseringsprosessar.

Det ville aldri ha skjedd om kurset vart arrangert i til dømes USA eller England, meiner ho. Ingen tenkjer at det er ein føresetnad å forske på USA, for å kunne reise dit på kurs.

‒ Det som gjeld den angloamerikanske verda, blir lett oppfatta som universelt, medan det som gjeld andre stader, blir oppfatta som spesielt. Det interessante er at sjølv vi kjønnsforskarar, som veit så mykje om maktubalanse og marginalisering, og som kan vår Simone de Beauvoir på fingrane, også sit fast i denne tankegangen, seier ho.

Harriet Bjerrum Nielsen tykkjer det er påfallande at nesten alle dei påmeldte på forskarkurset i Kina anten kjem frå Kina eller har Kina som studieobjekt – trass i at kurset rettar seg mot kjønnsforskarar med interesse for modernisering. (Foto: Ida Irene Bergstrøm.

Låg interesse frå nordiske forskarar

Seniorforskar Cecilia Milwertz ved Nordisk institutt for Asiastudier (NIAS) ved Københavns universitet fortel at nordiske kjønnsforskarar generelt er mindre interesserte i å møte kinesiske kollegaer enn motsett. I 2002 etablerte ho Sino-Nordic Gender Studies Network saman med ein kollega.

Nettverket arrangerer ein konferanse kvart tredje år, vekselvis i Norden og i Kina, som skal fungere som møtepunkt for tverrkulturell diskusjon og gje nye perspektiv på kjønnsforskingsspørsmål.

‒ Dei kinesiske forskarane er svært interesserte i å høyre kva som skjer på dette feltet i Norden, og dei vil gjerne vende blikket litt vekk frå den anglosaksiske verda og få kunnskap om kva som skjer andre stader. Vi møter mindre interesse frå nordiske forskarar. Ei tilbakemelding eg ofte får, er at folk tenkjer at Kina ikkje har noko med deira forsking å gjere. Men konferansane er jo ikkje mynta på kinaforskarar, men på kjønnsforskarar, fortel Milwertz.

Vil publisere i USA

Ho trur at måten akademia er innretta på, der publisering i prestisjetunge anglosaksiske tidsskrift er det aller viktigaste for den som vil ha ei karriere som forskar, er ein stor del av forklaringa.

‒ Heile målesystemet vårt løner jo publisering i dei store engelskspråklege publikasjonane, og særleg unge forskarar må prioritere aktivitetar som gjev akademisk utteljing. Denne orienteringa mot det angloamerikanske er eit grunnleggjande trekk ved den akademiske verda, som det ikkje er lett å gjere om på.  Men vi skulle likevel gjerne ønskje oss at også forskarar som er baserte i Norden og som studerer nordiske forhold, ville kome på konferansane våre, seier ho.

Harriet Bjerrum Nielsen kom i kontakt med kinesiske forskarar meir eller mindre tilfeldig, og sit no som UiO sin representant i rådet for Nordic Centre ved Fudan-universitetet. Ho er ikkje oppteken av at forskarar skal endre på forskinga si, men snarare at det er mykje å tene på å utsette eiga forsking for impulsar utanfrå.

Får impulsar utanfrå

‒ Eg forskar ikkje på Kina, men på ungdom, kjønn og moderniseringsprosessar i Noreg. Spesielt har eg sett på kjønn og endring over generasjonar. Eg vart beden om å halde ei gjesteforelesing i Kina, og dei kinesiske forskarane vart svært interesserte i det eg hadde å seie om generasjonsprosjektet mitt. Dei kunne fortelje at dei ser nokre av dei same konsekvensane for tilhøvet mellom generasjonane i Kina som eg har funne i Norden. Då gjekk det opp for meg at det jo er utruleg spennande å samanlikne desse moderniseringsprosessane. Kontakten har gjeve meg nye perspektiv på mi eiga forsking, så for min del har det vore ein rein bonus.

Ho peikar på at Kina er i ferd med å vekse fram som ein av verdas største forskingsnasjonar, og at dei som startar på ei forskarkarriere i dag, før eller seinare vil kome i kontakt med kinesiske forskarar. Det har vore ein vekkar å sjå kor lett forskarar, som burde vite betre, sjaltar ut ting som verkar framande.

‒ Eg kjenner att mekanismane frå meg sjølv, som aldri forskingsmessig har vore spesielt oppteken av forhold utanfor Vesten. Dette er ikkje noka ny innsikt, folk som arbeider i andre delar av verda kjenner godt til desse mekanismane. Men det er frustrerande å sjå kor faste baner vi tenkjer i. Så lenge vi berre kan sjå på andre delar av verda som eksotiske forskingsobjekt eller turistmål, sit vi framleis fast i ein kolonialistisk tankegang, seier ho.

PhD-kurs om moderisering, kjønn og generasjon
  • PhD-kurset «Modernization, gender and generation – reconfigurations of everyday life. Cases from China and the Nordic countries» blir arrangert ved Nordic Centre ved Fudan-universitet i Shanghai 19.-21. mai i år.
  • Kurset er meint for PhD-studentar med interesse for kjønns- og generasjonsspørsmål i Norden og/eller Kina, og legg opp til kunnskapsutveksling og samanlikning av funn og perspektiv.
  • Kurset er arrangert av Senter for tverrfagleg kjønnsforsking (UiO), Nordisk institutt for Asiastudiar (KU), Nordic Centre (Fudan) og Sino-Nordic Gender Studies Network.

Latest news

Calendar

News Magazine

Our news magazine is an independent online newspaper and a member of the Norwegian Specialised Press Association Fagpressen.