Debatt

‒ Arabiske menns seksualitet er ikkje ein gitt og fast storleik

Kronikken ble først publisert i Klassekampen, som del av Feminist Javisst-spalten 25. januar 2016.

 

Dei mennene som tafsa, klådde, og elles forgreip seg på kvinner i tyske og nordeuropeiske storbyar nyttårseftan, gjorde ikkje nokon nokon særleg teneste, kanskje bortsett frå på eitt punkt.

Dei gjorde det brått og dramatisk legitimt å snakke om seksualitet som kultur igjen. Vi har hatt nokre år med eit vulgærbiologistisk interregnum der alle samfunnsfenomen og alle uttrykka for kroppslege behov, drifter og lyster, utelukkande skulle forklarast som om dei var fjernstyrte av genstoffet eller av hormonell innverknad på fosteret.

Så langt - ein bør kanskje krysse fingrane - har eg til gode å høyre nokon forsøkje seg på ei biologisk forklaring av overgrepa. Den kulturelle forklaringa ligg derimot klar. Det er kulturen til dei arabiske, nordafrikanske - eventuelt muslimske - mennene som er feil. Samtidig renn offentlegheita over av nyutklekte ekspertar på arabiske skråstrek muslimske menns seksualitet som står klare med diagnosar som det er heilt overflødig å repetere her.

Generaliseringar på makroplanet er nesten verdilause.

Eg jobbar for tida med seksualkulturen til ei lita gruppe meksikanske menn, som bur i eit avgrensa område. I det arbeidet har eg prøvd å lese meg opp på det ein kan kalle ein «nasjonal» meksikansk seksualitet. Finst det ein slags seksuell overbygnad over alle dei lokale variantane? Kva eventuelle fellestrekk går igjen hos mine informantar, og på kva punkt skil dei seg ut? Det interessante når ein les om seksualkulturar, er at ein så godt som alltid i siste omgang hamnar på mikroplanet.

Stephen J. Walton (Foto: Ragnhild Fjellro)

Generaliseringar på makroplanet er nesten verdilause. Og dei som gir seg ut for å skrive om den «nasjonale» seksualiteten, til dømes i det meksikanske tilfellet, endar opp med å skrive om ei lita gruppe med kvite folk frå middelklassen med tilgjenge til informasjon og ei referanseramme i media. Dei blir da tildelt oppdraget med å skulle representere ein oppdatert og allmenn seksualitet. Den er som regel meir oppdatert enn allmenn.

Poenget mitt er altså at det faktisk er umogeleg og illusorisk å skrive om arabiske eller muslimske menns seksualitet som om den var ein gitt og fast storleik. Det er for mange av dei, og dei lever på for mange ulike sett, og i for mange ulike miljø til det. Seksualitet er svært flytande og omskifteleg. Reglane for rett og gale, aktuelt og uaktuelt, er utruleg dynamiske, særleg i moderne samfunn, men ikkje berre der.

Vi har òg, som Foucault minte oss om i «Seksualitetens historie», vorte mindre interesserte i kva folk gjer, enn i kva slags identitet det dei gjer, eller kunne ha tenkt seg å gjere, utstyrer dei med.

Dermed blir det folk gjer, overbestemt av kven dei er, eller kven vi trur dei er. Og dermed hamnar vi i eit vanføre når vi som ei reflekshandling straks tolkar pøbelstrekar og direkte overgrep inn i ei førestilling vi har om ein identitet dei fleste av oss, for å seie det rett ut, ikkje veit ein drit om, og som ikkje eingong finst som felles identitet.

Det vi treng når det gjeld hendingane nyttårseftan, er eit dramatisk betre informasjonsgrunnlag. Så får ein eit faktagrunnlag å drive ein fornuftig politikk på.

Dei som vil investere eit par timar i å bli litt klokare på seksualiteten til både menn og kvinner i Nord-Afrika, kan godt ta ein titt på ei bok frå 2013, Shereen El Fekis «Sex and the Citadel. Intimate Life in a Changing Arab World». Boka er seriøs, empatisk, og nyansert, men langt frå ukritisk, og ser på mange ulike seksualkulturelle miljø. Ho skriv mellom anna om korleis seksualiteten og kjønnsrollemønsteret i den arabiske verda blir påverka direkte av politiske hendingar, og om korleis ei form for aggressiv og sjølvdestruktiv maskulinitet voks fram i kjølvatnet av omfattande kollaps i økonomien, og dermed i familiestrukturane.

Det vi treng når det gjeld hendingane nyttårseftan, er eit dramatisk betre informasjonsgrunnlag, og studiar på mikronivå som kan kaste lys over motivasjonen og sjølvforståinga til dei som gjorde ugagn, same om dei er arabarar, muslimar, kvite, flyktningar eller fastbuande - eller dei to finske kvinnene som kjøpte sex med afghanske mindreårige i Helsinki same kveld. Så får ein eit faktagrunnlag å drive ein fornuftig politikk på.

Det kan til og med kome til å vise seg at det ikkje berre er åtferda til einskildpersonar som må endrast, men politikken. Kanskje treng vi til dømes meir og raskare familiegjenforeining for å stabilisere rotlause og ukontrollerte unge menn, heller enn eit system som gjer det stadig vanskelegare for dei å leve i familie. Vi treng altså mykje meir forsking på mikronivå, og mindre bullshit i ropert.

 

Les også kjønnsforsker Wencke Mühleisens innlegg om hendelsene i Köln – Fellesnevneren i overgrepskulturer er ikke etnisitet, men kjønn.

Mer om Stephen J. Walton kan du lese i vårt portett av forskeren; Ny norsk mann.

Latest news

Calendar

News Magazine

Our news magazine is an independent online newspaper and a member of the Norwegian Specialised Press Association Fagpressen.