Studér kjønn - forstå samfunnet

Moglegheitene for å studere kjønn er fleire enn nokon gong. Her er tilboda.
(Ill.: www.colourbox.no)

I høve søknadsfristen for høgre utdanning 15. april gir KILDEN ei oversikt over utdanningstilbodet i kjønn ved universiteta i Noreg.

Men kvifor studere kjønn i ei verd kor menneske jagast på flukt, land går konkurs og polane smelter?

– I store politiske og sosiale spørsmål omkring til dømes migrasjon, helse, fattigdom eller arbeidsliv er det avgjerande å kunne ta høgde for og problematisere kjønn. Forsking som overser kjønnsproblematikken står i fare for gjere generaliseringar på sviktande grunnlag, seier Ellen Mortensen, leiar for Senter for kvinne- og kjønnsforsking og professor ved Universitetet i Bergen (UiB).

Ellen Mortensen. (Foto: Siri Lindstad)

Universitetet i Bergen er eitt av fire norske universitet som tilbyr utdanning i kjønn. UiB skiltar med eit treårig, tverrfagleg bachelorprogram i kjønnsstudium, kor ein fordjupar seg i eit av faga litteraturvitskap, sosiologi, engelsk, medievitskap, kulturvitskap, historie og nordisk. Etter bachelor  kan ein fortsette på eit toårig masterprogram i det faget ein har spesialisert seg i. Mortensen kan dessutan opplyse om at ein mastergrad i kjønnsstudium er i støypeskeia ved UiB. Målet er å få ein internasjonal, engelskspråkleg master i samarbeid med tre utanlandske universitet opp å stå i 2014.

Ikkje likestillingspolitikk

– Kva kjenneteiknar kjønnsstudiet i Bergen?

–Vi har ein noko meir teoretisk profil i vårt program enn dei andre universiteta. Vi har kanskje også eit større innslag av humanistiske fag, og er ikkje innretta mot likestillingspolitikk. Dessutan er vi orientert mot det internasjonale forskingsfeltet, seier Mortensen.

Ho skildrar Bergen som ein prima studentby og ynskjer alle velkomne til UiB – også austlendingar!

Sjølv om kjønnsforskinga har vore i hardt vêr dei siste åra er studentane er framleis interesserte i kjønn, ifølgje Mortensen.

– Vi har ikkje merka nokon nedgang i interessa for studiet, snarare tvert imot.

Ved HEMIL-senteret ved UiB finst dessutan den tverrfaglege internasjonale mastergraden Gender and Development. Her får studentane tverrkulturelle perspektiv på kjønn i kombinasjon med kritiske perspektiv på utvikling, og høve til å skrive ei feltarbeidsbasert masteroppgåve i eit svært internasjonalt miljø. Sidan programmet har opptak annakvart år, er det ikkje mogleg å søke her i år.

Tett kontakt med arbeidslivet

Også ved NTNU i Trondheim er det populært å studere kjønn, fortel Agnes Bolsø, som er forskar og undervisningsleiar for Kultur- og kjønnsstudium ved Institutt for tverrfaglege kulturstudium.

Agnes Bolsø. (Foto: Heidi Elisabeth Sandnes)

NTNU tilbyr ein master i tverrfaglege kultur- og kjønnsstudium. Om ein i tillegg ynskjer tett kontakt med arbeidslivet under studia kan ein no òg velje den nye studieretninga praksis- og prosjektorientert master i etnisitet, kjønn, seksualitet og demokrati som startar i haust.

– Dette er ei praksisorientert utdanning kor masterprosjektet knytast direkte opp mot ein arbeidsplass. Ein lærar mellom anna korleis kjønn, etnisitet, klasse og seksualitet spelar inn i arbeidslivet, i samband med til dømes rekruttering og arbeidsmiljø.

– Studiet er relevant for dei som kjem rett frå bachelor, men det kan òg fungere som ein form for vidareutdanning sidan ein har høve til å skrive med utgangspunkt i eigen arbeidsplass, seier Bolsø.

– Kva er det spesielle med dykkar kjønnsstudium?

Den klare innrettinga vi har mot arbeidslivet utanfor universitetet. Vi er sjølvsagt forskingsførebuande for dei som ynskjer doktorgrad og vi har dessutan eit eige doktorgradsprogram, noko som òg skil oss frå dei andre lærestadene.

Om studentbyen Trondheim seier Bolsø:

– Trondheim har eit godt studentmiljø og blei nyleg kåra til Noregs beste studentby. Dessutan har vi lengst erfaring i Noreg med masterstudium i kjønn og er godt innkjørte, med dyktige førelesarar og nøgde studentar.

Frå bachelor til master

Inntil nyleg var NTNU i Trondheim aleine om å tilby ein master i kjønnsstudium. Men i fjor haust kom òg Universitetet i Oslo (UiO) på bana med ein tverrfagleg master i Gender Studies. Her er undervisninga og pensum på engelsk, men det er høve til å skrive masteroppgåva på norsk eller andre skandinaviske språk.

Elisabet Rogg. (Foto: Francesco Saggio/UiO)

– UiO er den einaste staden i Noreg kor ein kan ta eit heilt studieløp frå bachelor til master, fortel Elisabet Rogg, program- og undervisningsleiar og forskar ved Senter for tverrfagleg kjønnsforsking.

I den treårige bachelorgraden vel studentane ei fagfordjuping blant 14 forskjellige fag, til dømes sosialantropologi, kunsthistorie, litteratur, idéhistorie, pedagogikk eller kriminologi. Ein kan òg ta ei eittårig årseining i tverrfaglege kjønnsstudium. Dette er eit sjølvstendig vidareutdanningstilbod for dei som ynskjer oppdatering og auka kompetanse på kjønns- og likestillingsfeltet. Rogg framhevar kontakta mellom undervisarar og studentar ved Senter for tverrfagleg kjønnsforsking ved UiO.

– Det er god kontakt mellom lærarane og studentane hos oss. Vi har mykje undervisning i mindre grupper, noko som gjer at studentane blir sett i undervisningssituasjonen.

– Dessutan er studia våre svært arbeidslivsrelevante. Likestilling er alltid eit tema - både i forvaltinga og i det offentlege ordskiftet og arbeidslivet generelt. Med ei utdanning frå oss får ein ei djup forståing for kjønnsrelaterte problemstillingar, seier Rogg.

Sexologi og trolldomsprosessar

Også ved Universitetet i Tromsø (UiT) kan ein studere kjønn. Kjønnsstudiet her er eittårig, og eit relativt nytt studium. Ifølgje Johan Schimanski, styreleiar i programstyret for årsstudie i kjønnsstudium og forskar ved UiT, har studiet i Tromsø ein god balanse mellom samfunnsvitskap og humaniora, med viktige innslag av til dømes psykologi.

– Vi byggjer på ein sterk tradisjon for kjønnsforsking frå forskingssenteret Kvinnforsk og har eit ekstra fokus på sentrum-periferi-problematikk, nordområda og den tredje verda, seier Schimanski.

– Korleis er studentbyen Tromsø?

– Levande, aktiv, annleis og stolt.

I tillegg til obligatoriske emne kan ein mellom anna velje emne som «Dei europeiske trolldomsprosessane», «Sexologi» eller «Kjønn og identitet i nordisk litteratur». Schimanski legg vekt på at kjønnsstudium er ein verdifull særkompetanse om ein ser for seg ein jobb i forvalting, undervising, forsking eller næringsliv.

– Gjennom kjønnsstudium oppdagar ein kor gjennomgripande kjønn er i våre kulturelle, sosiale og politiske liv - ofte på måter ein tidlegare ikkje har vore klar over seier, Schimanski.

Søknadsfrist

Den ordinære søknadsfristen for høgare utdanning er 15. april. Sjå samordnaopptak.no for meir informasjon.

Aktuelle lenker

Her finner du en oversikt over kjønnsstudier på norske utdanningsinstitusjoner

Siste saker

Kalender

Nyhetsmagasinet

Vårt nyhetsmagasin er en uavhengig nettavis og medlem i Fagpressen.