Heklande gutar og jenter på elgjakt

Det svenske barnebladet Kamratposten (KP) snur kjønna framferd på hovudet utan å gjere noko nummer av det. Å snakke likeverdig til jenter og gutar kan bidra til auka likestilling, hevdar masteroppgåve.
Det svenske barnebladet Kamratposten aukar medvitet om kjønn i kulturen ved å utfordre dei rådande forteljingane om gutar og jenter, ifølgje Birgitta Wentzel. (KP nr. 2/12, faksimile)

KP inviterer lesarane sine inn i eit mangfaldig handlingsrom, det forskar Anne Lorentzen kallar eit «frikjønna» rom, kor ein kan bli «frikjend» frå føregåande meiningar med grunn i om ein er jente eller gut. Bladet snakkar først og fremst til ungdom, utan å sortere ut frå kjønn. Slik fungerer bladet som ein motstemme i ungdomskulturen når det kjem til kva unge gutar eller jenter kan vere og gjere, seier studenten bak masteroppgåva, Birgitta Wentzel.

40 prosent gutar

Slik er KP ein sjeldan fugl i bladjungelen. Medan dei jamne barneblada ofte er enten rosa eller blå, er KP retta mot både jenter og gutar i det relativt store aldersspennet 8 til 14 år. Bladet har heller ikkje reklameannonsar. Eit marginalt fenomen? På ingen måte. Svenske KP har eit opplag på 60 000 og ei lesarskare på 250 000 – 40 prosent av desse er gutar. Bladet er det største i sitt slag, og har halde koken i 120 år. I masteroppgåva Handlingsutrymme i frikönat rum: Positionering genom språkande har Birgitta Wentzel analysert korleis KP snakkar til lesarane sine.

– KP kan minne om ein litt eldre og meir erfaren ven. Ein ven som byr på seg sjølv gjennom å fortelje om eigne erfaringar, vise empati og gi råd gjennom å fortelje om ulike måtar å gjere ting på, forklarar Wentzel.

Ekstremsport og handarbeid

Omtrent ein tredjedel av artiklane i KP handlar om lesarane sine hobbyar, husdyr eller sportsaktivitetar. Når bladet skriv om folk som held på med aktivitetar som ikkje er så vanleg for sitt kjønn, blir det sjeldan poengtert i artiklane. I hobbyartikkelen «Hekle lua som både er kul og varm» møter lesaren ein mannleg ekstremsportutøvar som fortel kor kult det er å drive med handarbeid på fritida:

«Ski-proffen og super-heklaren Sverre Lilliequist lager luer av merket Kask. Dei finaste i verda, synest mange. Her gir han sine beste tips».

– Her likestiller KP ekstremsport med handarbeid på ein sjølvklar måte. Bladet trer ikkje dei uvanlege aktivitetane ned over hovudet på lesaren, men presenterer dei heller som moglegheiter. Slike historier kan fungere som førebilete for lesaren, seier Wentzel.

KP  set heller ikkje spørsmålsteikn ved kjønnet til Emma og Kristina på 13 som jaktar på elg. Derimot får ein lære om våpenlisensar og aldersgrensar for å få skyte.

Men den kjønna framferda er likevel ikkje alltid snudd på hovudet i KP-universet.

– For at dei utradisjonelle historiene skal verke truverdige er det òg naudsynt med artiklar om jentene som baker kaker og guten som er hockeydommar. Viss ikkje blir det stereotypt i den andre retninga, forklarer Wentzel.

Gutar som klemmer – i blant

Om kjønn som regel ikkje er tema i reportasjar i KP, dukkar det ofte opp i lesarbrevspaltane og i redaktørspalta – då ofte som motstand mot stereotype bilde av gutar og jenter. I ei av lesarbrevspaltene stiller to gutar spørsmål ved kvifor gutar som klemmar blir erta.

«Vi er to 12-årige gutar som har eit problem. Alle i klassa vår kallar oss for ’homsar’ av di vi klemmer kvarandre i blant. Men alle jentene får klemme kvarandre så mykje dei vil utan at dei blir kalla for ’lesber’. […] Vi har forsøkt å prate med læraren vår, men han berre ler det bort».

Gutane får svar frå seksualopplysaren Daniel som er klar på at «det er ikkje berre jenter som får klemmast her i verda. Om to personar vil klemmast så får dei gjere det. Slik er det berre!»

Birgitta Wentzel. (Foto: Beate Sletvold Øistad)

Sjølv om homoseksualitet ikkje er tema i lesarbrevet nyttar Daniel òg høvet til å problematisere diskriminering av homofile:

«Dessutan aner eg at dei andre i klassa nyttar orda ’homo’ og ’lesbe’ på ein negativ måte. Altså som om det hadde vore feil med kjærleik mellom to gutar eller to jenter. Men det er så klart ikkje feil!»

Wentzel fortel at lesarbrevspaltene tek opp urettvise som lesarane kan kjenne seg att i. I svara får innsendarane ofte konkrete verktøy for å gjere noko med saka. Gutane som klemmar blir oppmuntra til å prate med rektor og får vete at dei har støtte mot diskriminering i lova.

Mannleg fornedring

Wentzel peiker på at det er mykje snakk om kjensler i Kamratposten. Det kan til dømes handle om forelsking og glede, men òg om sinne og fornedring. I eit humoristisk intervju med det svenske popbandet E.M.D. byrjar intervjuaren og dei to andre bandmedlemmene å diskutere utsjånaden til ein tredje, som har fått kallenamnet «pen-Erik» i svenske medium. Det blir presentert slik:

«Erik blir med eitt alvorleg og seier at han synest det er fornedrande å bli kalla for pen-Erik overalt.

 – Det blir jo som ein vits til slutt. Ein kjenner seg ikkje tatt på alvor. Eg er nøgd med korleis eg ser ut, men det er kanskje det minst viktige for meg».

– Fråsegn som «fornedrande» og «ikkje tatt på alvor» blir kanskje vanlegvis forbunde med ein kvinneleg posisjon. Når ein vaksen mann, pop-idolet Erik, nyttar dei orda bidreg det til å løyse opp denne koplinga, slik at det verker meir uproblematisk for ein mann å prate om og reflektere over kjensler, ifølgje Wentzel.

 Djupn og overflate

– I blad retta mot barn og unge er det generelt mykje fokus på idol og kjendisar, forklarer Wentzel.

Kamratposten er ikkje noko unntak. Det finst eit par kjendisreportasjar og eit stort ønskebilete i kvart nummer, og lesarane spør etter meir. Wentzel peiker på at kjendisstoffet i KP vekslar mellom djupn og overflate, mellom det underhaldande og det alvorlege. Intervjuet med bandet E.M.D er til dømes lettbeint i stilen, men det er òg plass til meir enn berre moro. På oppfordringa om å fortelje noko dei ikkje har sagt til noko anna blad, svarar popstjernene:

«Eg tissa i senga til eg var omtrent 11 år, seier Mattias etter ei stund. Eg våga aldri sove over hos kompisar som ikkje visste om det. Det var veldig pinleg.

– Eg var òg sengevætar, vågar Erik å seie då Mattias har fortalt.»

– Gjennom ordet «vågar» blir Erik og Mattias posisjonert som modige. Dei vågar å fortelje om personlege og pinlege tema sjølv om dei er berømte popstjerner, og er slik eit døme på manndomsideal i endring, hevdar Wentzel.

Den store forteljinga

I arbeidet med oppgåva fekk Wentzel auge på ei grunnleggjande forteljing som i vekslande grad gjekk att i Kamratposten: Eit ungt menneske møter indre eller ytre utfordringar – den unge må nytte eigne ressursar – det gode sigrar over det vonde – noko som fører til indre utvikling og modning for den unge. Den grunnleggjande forteljingsstrukturen var mest tydeleg i novellene, men dukka òg ofte opp i til dømes lesarinnlegga. Gutane som klemmer møtar motstand i form av erting. Det vonde kjem i form av dei ertande klassekameratane. Dei stiller spørsmål ved urettvisa og diskuterer korleis dei skal kjempe mot ho. Men i motsetnad til novellene, er det ikkje alltid det gode sigrar på lesarbrevplass.

Kamratposten nr. 16/11 (Faksimile)

– Vi får heller ikkje vete om Erik i E.M.D kjem seg over den fornedrande kjensla av ikkje å bli tatt på alvor på grunn av utsjånaden sin. Men Erik viser mot – ein eigen ressurs– når han likevel pratar om det og seinare om sengevætinga. Ein veks seg større når ein vågar å prate om problem, seier Wentzel.

For Wentzel er KP eit døme på at det går an å snakke likeverdig til gutar og jenter. Gjennom å synleggjere dette vonar Wentzel å bidra til auka likestilling.

– Det er umogleg å oversjå kjønn i kulturen, også for Kamratposten. Men det går an å skape medvit omkring det for å utfordre dei rådande forteljingane om gutar og jenter, seier Wentzel.

Masteroppgåve

Birgitta Wentzel har skrive masteroppgåva Handlingsutrymme i frikönat rum: Positionering genom språkande ved Institutt for språk- og kommunikasjonsstudium ved NTNU i Trondheim.

 

 

Aktuelle lenker

Siste saker

Kalender

Nyhetsmagasinet

Vårt nyhetsmagasin er en uavhengig nettavis og medlem i Fagpressen.