Misjonskvinner vart grasrotfeministar

Misjonskvinnene på 1800-talet vart føregangskvinner for den moderne kvinnefrigjeringa – mot si eiga vilje.
Henriette Gislesen argumenterte for det tradisjonelle kvinneidealet, men braut samstundes med det same idealet i iveren etter å spreie Guds bodskap. (Foto: Wilh. Cappelen. Kilde: Misjonshøgskolen, Misjonsarkivet)

Mykje tydar på at dei særs religiøse kvinnene som var aktive i misjonsrørsla gjennom 1800-talet var blant dei første grasrotfeministane her til lands. Det kjem fram i ny forsking, som kastar lys over misjonskvinnene si tyding for kvinnefrigjeringa.

Kvinnene som var aktive i misjonsrørsla på 1800-talet forkynna gjerne at kvinna skulle underordne seg Gud og mannen. Men måten dei spreidde denne bodskapen på førte til ei enorm myndiggjering og mobilisering av kvinner.

Braut med ideala i praksis

Ei av dei leiande misjonskvinnene var Henriette Gislesen, fødd 1809. Trass i Paulus formaningar om at kvinner skulle teie i forsamlingar var Gislesen forkynnar, foreiningsleiar og organisator i rolla som bispefrue i Tromsø.

‒ Gislesen argumenterte for det tradisjonelle kvinneidealet, kor kvinna var underdanig Gud og mannen. Som kvinneforeiningsleiar braut ho samstundes med det same idealet i iveren etter å spreie Guds bodskap til så mange som mogleg, seier historikar Rolf Inge Larsen, som har studert hennar liv og verke.

Gislesen var også ein viktig pådrivar for opprettinga av misjonsforeiningar for kvinner over heile landet, og skreiv og omsette ei mengd religiøse tekstar.

Kvinner var svært aktive

Den første misjonsforeininga vart truleg stifta i 1840 i Christiania. Ved inngangen til 1900-talet fanst det om lag 3500 misjonsforeiningar for kvinner i Noreg. Møta i kvinneforeiningane vart haldne i heimane, då dette var kvinnene sitt legitime domene. På møta laga kvinnene handarbeid som skulle seljast til inntekt for misjonsarbeidet. Det var også høgtlesing av religiøs litteratur og reiseskildringar, saman med bønn og salmesong.

Da misjonsrørsla var på høgda var kvinnene faktisk meir aktive i vekkingsrørsla enn i arbeidarrørsla, ifølgje religionssosiologen Inger Furseth.

Fristad frå mannleg dominans

Det var i hovudsak tre grunnar til det. For det første var det plass til kvinner i organisasjonsstrukturen. Misjonskvinnene vart foreiningsleiarar, søndagsskulelærarar og diakonar. Gjennom pengeinnsamlinga til misjonsarbeidet vart dei også sjølvstendige økonomiske bidragsytarar. Deltakinga i misjonsforeiningane gav kvinner høgare status og større handlingsrom enn det som var vanleg elles i samfunnet på denne tida.

For det andre auka det rekrutteringsgrunnlaget. Ein kunne frelse dobbelt så mange dersom kvinnene vart inkludert. For det tredje fungerte kvinnene stabiliserande for rørsla på grunn av familiebanda.

‒ Kvinnemisjonsforeiningane vart ein fristad frå den mannlege dominansen elles i samfunnet, nettopp fordi møta vart haldt i heimen, kor kvinnene bestemde, ifølgje Larsen.

Tok avstand frå kvinnekampen

Historikaren trur at Henriette Gislesen var mest sannsynleg klar over at arbeidet hennar i tenesta til misjonen kunne bli oppfatta som eit angrep på det beståande.

‒ Sjølv om Gislesens verksemd verka frigjerande for mange misjonskvinner, hadde ho neppe nokon aktiv intensjon om verken å endre maktforholda mellom kjønna eller å modernisere kvinnerolla, seier Larsen.

I ei av bøkene ho skreiv samanlikna ho kvinna med liljene på marka, inspirert av ei likning i Matteusevangeliet: På same måte som for liljene ligg lykka for kvinner i å vere reine, blide og elskelege for sine to Herrar, ektemannen og Gud.

Gud var aller viktigast

I Bibelen står det likevel at ein «skal lyde Gud mer enn mennesker», dette gjaldt også «mer enn husbonden», jamfør den rådande katekismeforklaringa i Noreg på 1850-talet. I tråd med Bibelens misjonsbefaling skal dei kristne drive misjon.

For misjonskvinner som Henriette Gislesen gikk befalinga om å spreie Guds ord framfor det meste.

‒ Som vekkingskristen kunne Henriette Gislesen rett og slett ikkje la vere å misjonere. Ho var meir opptatt av mennesket sitt ansvar og verdi og enn av skiljet mellom kvinner og menn, fortel Larsen.

Rolf Inge Larsen. (Foto: privat)

Ein av seks predikantar var kvinner

Kva låg så bak den sterke kvinnemobiliseringa i misjonsrørsla? Svaret finst i den haugianske vekkinga som lekpredikanten Hans Nielsen Hauge starta (1771‒1824). Haugianarane utgjorde Noregs første nasjonale grasrotrørsle. Også for Hauge var kallet til å forkynne evangeliet overordna skiljet mellom kvinne og mann.

‒ At det vart forkynt var viktigare enn kven som forkynte. Hauge var ikkje spesielt opptatt av kjønn, men av eit generelt likeverd for alle menneske, uavhengig av sosial stand. Dermed bleikna skiljet mellom mann og kvinne, seier Linda Helen Haukland, historikar ved Universitetet i Nordland.

Hauges tilhengjarar vart kalla for haugianarar. Dei danna såkalla venneflokkar, reiste rundt på gardane og samla både menn og kvinner, lærte dei frå Bibelen og oppmuntra til lesing og skriving. Haukland har studert det ho kallar for den haugianske feminismen.

Refsa tradisjonelle kjønnsroller

Hauge var langt meir radikal enn Henriette Gislesen i sitt syn på kjønn. Han hadde lite til overs for den tradisjonelle arbeidsdelinga mellom menn og kvinner, kor kvinner vart viste til matlaging og husarbeid, og menn til jordbruk og det offentlege liv.

Sjølv strikka Hauge mykje på sine mange og lange reiser i Noreg.

Hauge meinte også at Paulus’ berømte fråsegn om at kvinner skal tie i forsamlingar er ei feiltolking.

‒ Han hevda at Paulus adresserte eit ordensproblem, ikkje at han forbydde kvinner å tale generelt, seier ho.

Ikkje opptatt av kvinnefrigjering

Det er likevel mykje som tydar på at Hauge ikkje hadde kvinnefrigjering i tankane da han sendte ut kvinner som lekpredikantar, ifølgje Haukland.

‒ At kvinnene vart mobiliserte var først og fremst ein konsekvens av hans sterke vektlegging av likeverd mellom menneska.

Om ein er god til å tale i forsamlingar, bør ein bruke denne evna til å spreie Guds ord, uavhengig om ein er mann eller kvinne, fattig eller rik, meinte Hauge.

‒ Å byggje fellesskap skugga over ynskje om å halde på posisjonar. Dette føreutsette likevel audmjuke menn blant haugianarane, påpeikar ho.

Møtte motstand

Ei av leiarskikkelsane blant haugianarane i dei første åra var Sara Ousten (1777-1822) frå Vingelen i Tolga. Ho var høgt verdsatt leiar for haugianarane på Vingelen og for koppargruva same stad.

Det var likevel mange som ikkje likte at kvinner var leiarar og tala Guds ord i forsamlingar. Av dei var prosten på Tynset, Andreas Fuglesang Dircks. Etter å ha avbrote eit bønnemøte Ousten leia, slo han ho i ansiktet, kasta Hauges salmebok i flammane og refsa forsamlinga for å ha samla seg lovstridig. Dette var på den tida då private bibel- og bønnemøte måtte få godkjenning frå presten, slått fast gjennom den såkalla Konventikkelplakaten

‒ Da prosten skulle gå, spurte han Ousten om ho syntest at han hadde gjort henne urett. Sara Ousten skal ha svara at prosten hadde gjort mest urett mot seg sjølv, fortel Haukland.

Ifølgje Haukland er denne hendinga samstundes illustrerande for haugianarane si ikkje-konfronterande linje. Haugianarane, kvinner som menn, følgde si overtyding og haldt fram med sitt, trass i valdeleg motstand frå øvrigheita.

Samla bygda til opprør

Linda Helen Haukland. (Foto: Anders Haukland)

Det fanst likevel kvinner blant haugianarane som gikk meir direkte til verks. Blant dei var Kari Nielsdatter Ressel (fødd 1767) frå Meldal. Da ein 17 år gammal lekpredikant vart alvorleg mishandla av sokneprest Steenbuch og fengsla som straff for å ha forkynna Gods ord på kyrkjebakken, mobiliserte Kari til opprør i bygda. Ho samla ei par hundre personar frå Meldal og Rennebu og kravde lekpredikanten frigjort frå varetekt.

‒ Mange av dei kvinnelege leiarane blant haugianarane hadde sterk støtte i lokalsamfunnet. Det var ikkje akkurat normalen i Noreg på byrjinga av 1800-talet, hevdar Haukland.

Under radaren

Dei mange politiske omveltingane på 1800-talet er via stor merksemd i historiefaget. Det same kan ikkje seiast om kvinnemobiliseringa i misjonsrørsla.

Ifølgje Haukland var Hauges kvinnemobilisering ein stor del av forklaringa på haugianarane si gjennomslagskraft i det norske samfunnet, saman med spreiinga av lese- og skriveferdigheiter.

‒ Misjonskvinnene la dessutan grunnlaget for den norske velferdsstaten, gjennom matutdeling til fattige og etableringa av institusjonar for sjukepleie, seier ho.

‒ Misjonskvinnene si hardnakka insistering på at dei ikkje var ein del av den politiske kvinnekampen kan ha ført til at innsatsen deira gikk under radaren for historikarane, trur Rolf Inge Larsen.

Forskarane

Linda Helen Haukland er historikar er stipendiat ved Universitetet i Nordland. Ho har haldt ei rekke føredrag om Hans Nielsen Hauge over heile landet. Artikkelen «Spor av haugiansk feminisme» sto på trykk i Kirke og kultur 4/2014.

Rolf Inge Larsen er historikar og førsteamanuensis ved UiT Noregs arktiske universitet. Artikkelen «Markens liljer. Henriette Gislesen og kvinneidealet ‒ hjemmets pryd eller aktiv samfunnsborger» ble publisert i Historisk tidsskrift 4/2014.

Aktuelle lenker

Siste saker

Kalender

Nyhetsmagasinet

Vårt nyhetsmagasin er en uavhengig nettavis og medlem i Fagpressen.