Difor når så få kvinner toppen i akademia

Menn publiserer fleire vitskapelege artiklar. Men det forklarer ikkje kvifor dei dankar ut kvinnene på veg mot den akademiske toppen, viser ny doktoravhandling.
Kvifor forsvinn kvinnene, ikkje berre i dansk, men også i norsk akademia? Det har Mathias W. Nielsen undersøkt i doktoravhandlinga New and Persistent Gender Equality Challenges in Academia. (Foto: Colourbox)

Denne artikkelen er tidligere publisert på kifinfo.no.

Sjølv om Danmark, saman med resten med Norden, har ord på seg for å ha høg grad av likestilling mellom kjønna, er ikkje biletet like vakkert når ein ser nøyare etter.

Som i resten av Norden har talet på kvinnelege studentar eksplodert, og kvinner utgjorde over halvparten av masterstudentane allereie i 1999. Men så seint som i 2013 utgjorde kvinner framleis berre 31 prosent av førsteamanuensane og 19 prosent av professorane.

Kvifor fell kvinnene frå på vegen opp i akademia? Ifølgje Mathias Wullum Nielsen, som har undersøkt dette spørsmålet i doktorgradsarbeidet sitt, er det mange grunnar til det. 

Han finn at mange ulike faktorar, som kvar for seg er små, til saman er med på å gjere akademia til ein mindre freistande karriereveg for kvinner enn for menn. Han har brukt Aarhus Universitet som hovudeksempel.

‒ Det er altså ikkje snakk om éin einskild faktor som pressar kvinnene ut av universiteta, men det som i litteraturen blir kalla cumulative disadvantages, og som eg kallar mange bekkar små, seier han.

Kjønnsskeive måleinstrument

Ein av dei små bekkane Nielsen har studert, er dei tilsynelatande objektive måleinstrumenta som blir tekne i bruk i stadig større grad for å måle forskingsmerittar. Danmark har sitt eige teljekantsystem, den bibliometriske forskingsindikator (BFI), som blir brukt til å måle forskingsaktivitet og tildele midlar.

På same måte som det norske teljekantsystemet, opererer BFI med ei nivåinndeling av publiseringskanalar. Nielsen har kombinert bibliometriske data med ei spørjeundersøking for å finne ut om, og i så fall korleis, BFI kan slå uheldig ut for kvinner.

I det store og heile publiserer menn fleire artiklar enn kvinner gjer. 

Men ifølgje Nielsen har etableringa av BFI forstørra dette kjønnsgapet på den måten at mannlege forskarar i gjennomsnitt får fleire publikasjonspoeng for sine artiklar, spesielt på postdok- og førsteamanuensis-nivå. Dette skuldast ikkje at kvinner produserer dårlegare forsking enn menn, for Nielsen fann at kvinner blir like mykje siterte som menn.

I staden er det teikn som tyder på at ulike kjønnsskeive mekanismar kan vere innebygd i systemet. For det første er kvinner underrepresenterte i komitéane som skal vurdere kva for publiseringskanalar som skal inkluderast. For det andre har BFI ein tendens til å belønne internasjonalt samarbeid og høgt rangerte tidsskrift, noko som i gjennomsnitt gjev menn ein liten fordel.

‒ Så skilnaden i publiseringspoeng kjem ikkje av kvalitetsskilnader, men har heller noko å gjere med kva felt ein forskar på og kva tidsskrift ein publiserer i. Meir standardisering er altså ikkje nødvendigvis eit gode for likestilling, dersom standardiseringa tek utgangspunkt i eigenskapar ved ei spesiell gruppe, i dette tilfellet menn, seier han.

Tek ikkje omsyn til variasjon

Nielsen peikar på at når slike skilnader i vitskapleg produksjon oppstår tidleg i karrieren, vil dette kunne få konsekvensar for rekruttering til postdok- og førsteamanuensis-stillingar. Det er gjerne i doktorgrad- og postdok-fasen at forskarar stiftar familie, og små skilnader i publiseringsrate i denne perioden kan dermed forplante seg vidare i karriereløpet.

Rekruttering via uformelle nettverk er kjent for å gje menn ein fordel, og vi veit at om lag 20 prosent av førsteamanuensis- og professorstillingar ved Aarhus Universitet har blitt fylt utan utlysing dei siste åra, seier Mathias Wullum Nielsen. (Photo: Aarhus University)

I arbeidet med doktorgraden har han mellom anna intervjua instituttleiarar ved Aarhus Universitet om korleis rekruttering av vitskapleg tilsette går føre seg. Han fann at instituttleiarane var svært opptekne av kva kandidatane kunne vise til av publiseringar, og mindre opptekne av det framtidige potensialet deira.

‒ Tilsynelatande objektive mål er ofte blinde for variasjonar i karriereutvikling, spesielt når dei blir brukte tidleg i karrieren. I tillegg blir tidsskriftrangeringar brukt mykje, spesielt innanfor naturvitskap og medisin. Det er problematisk fordi slike rangeringar ikkje seier noko om kvaliteten på den enkelte artikkelen. Derimot medverkar det til å einsrette forskinga, slik at alternative forskingstema, som kanskje kvinner i større grad står for, blir sjalta ut, illustrerer han.

Resultata gjev ifølgje Nielsen grunn til å setje spørjeteikn ved det veletablerte narrativet om at «hjå oss rekrutterer vi berre dei beste».

Tilsett utan utlysing

Ein annan faktor som spelar inn, er at ein stor del av tilsettingane i vitskaplege stillingar, skjer utan offentleg utlysing. For førsteamanuensis- og professorstillingar ved Aarhus Universitet, har om lag 20 prosent blitt fylt utan utlysing dei siste åra, og om lag 40 prosent har hatt berre éin søkar, noko som tyder på at det har skjedd ei eller anna form for seleksjon i forkant.

Rekruttering via uformelle nettverk er kjent for å gje menn ein fordel. Nielsen finn at kvinner har klart høgare sjanse både til å søke, og til å få stillinga, når ho er offentleg utlyst.

‒ Så ideen om universitetet som ein stad der kompetanse og evner gjer grunnlag til maktfordeling og sosial statusar til dels er forfeila, for mekanismane fungerer ikkje nødvendigvis slik, seier han.

Arbeidsmiljø medverkar

Det er gjerne etter doktorgraden at kvinnelege forskarar forsvinn ut gjennom den lekke røyrleidninga, og diskusjonen går stadig friskt om dei forsvinn av eige val fordi dei vil prioritere eit anna liv, eller om dei blir pressa ut av strukturelle årsaker.

Ved hjelp av intervju, ei spørjeundersøking og resultat frå ei arbeidsmiljøkartleggjing ved Aarhus Universitet, undersøkte Wullum Nielsen kva yngre forskarar som hadde valt å forlate universitetet, sjølv sa om valet sitt.

Uviss jobbsituasjon, vanskar med å kombinere jobb og familieliv, og aukande krav til internasjonal mobilitet, var mellom dei dilemma som forskarane snakka om, kvinner i noko større grad enn menn. Arbeidsmiljøkartleggjinga viste at kvinner kjenner seg litt meir åleine, litt mindre inkluderte og litt mindre sett pris på enn dei mannlege kollegaene deira gjer.

‒ Det å forlate akademia kan dermed vere resultatet av mange små utfordringar som bygger seg opp over tid, slik at ein tilpassar framtidige karriereambisjonar til dei erfaringane ein allereie har samla opp – det Martha Nussbaum kallar «adaptive preferences», seier Nielsen.

Auka press for forskarar

I løpet av arbeidet med avhandlinga samanlikna Nielsen norske, svenske og danske universitet og fann at der er skilnader i synet på likestillingsarbeid, og dermed i kva tiltak som har legitimitet.

Les også: Forestillingen om det likestilte universitetet

Undersøkingane av publiseringsmønster, tilsettingsprosedyrar og arbeidsmiljø har derimot alle skjedd ved Aarhus Universitet. Men kan dei også gjelde andre institusjonar?

‒ Eg har i alle fall prøvd å gjere Aarhus Universitet til eit representativt case for dansk akademia. Nokre trekk, til dømes systemet for bibliometri, er spesielle for Danmark, men andre mekanismar kan vere verd å halde auge med også andre stader, meiner Nielsen.

‒ Har du sett på korleis desse mekanismane har utvikla seg over tid?

‒ Mine studiar har vore augeblikksbilete, men eg trur ikkje det er tvil om at auka internasjonal konkurranse og omstilling har ført til at utviklinga på nokre område har akselererert, og at det er eit større press på forskarar tidleg i karrieren no enn før. Spørsmålet er om ein blir selektert ut av akademia før ein får tid til å utfalde potensialet sitt, seier han.

Referanse: 

Mathias Wullum Nielsen. New and Persistent Gender Equality Challenges in Academia, Aarhus university, 2015.

kifinfo.no

  • kifinfo.no er en ressursbank for likestillings- og mangfoldsarbeid i forskningssektoren.
  • Drift av nettstedet er et av Kilden kjønnsforskning.nos prosjekter, på oppdrag fra Komité for kjønnsbalanse og mangfold i forskning (Kif-komiteen).
  • Kildens nyhetsmagasin vurderer kifinfos nyhetssaker ut i fra redaksjonelle hensyn og journalistiske vurderinger, og republiserer noen av dem i nyhetsmagasinet - tydelig merket som saker fra kifinfo.
Kjønnslikestilling i Danmark
  • Kvinner i leiarposisjonar: 27 prosent (gjennomsnittet i EU: 33 prosent)
  • Kvinner i bedriftsstyre: 16 prosent (Sverige/Island 25 prosent, Finland 27 prosent, Noreg 42 prosent)
  • Kvinnelege toppleiarar: 14 prosent (Finland 17 prosent, Sverige 18 prosent, Noreg 21 prosent)
Kvinner ved Aarhus universitet 2008-2014
  • Andelen kvinnelege professorar auka frå 12 til 17 prosent.
  • Andelen kvinnelege førsteamanuensar stabil kring 30 prosent.
  • Andelen kvinnelege doktorgradsstudentar stabil kring 50 prosent.

Siste saker

Kalender

Nyhetsmagasinet

Vårt nyhetsmagasin er en uavhengig nettavis og medlem i Fagpressen.