Kvinner får posttraumatisk stressliding dobbelt så ofte som menn

Etter bombeåtaket på Regjeringskvartalet 22. juli 2011, fekk over dobbelt så mange kvinner som menn posttraumatisk stressliding. Marianne S. Birkeland undersøkte årsaka.
Studien til Marianne S. Birkeland og kollegaer syner at kvinner fekk PTSD over dobbelt så ofte som menn etter bombeåtaket den 22. juli. Illustrasjonsfoto: iStockphoto

Kvinner får oftare posttraumatisk stressliding (PTSD) etter traumatiske hendingar som jordskjelv, klimakriser og terrorangrep. Det viser forskinga frå Marianne S. Birkeland, Ines Blix, Øivind Solberg og Trond Heir, som vart publisert rett før jul. Forskargruppa har gjort ei spørjeundersøking av 190 personar som var direkte råka og 1615 personar som var indirekte råka av bombeåtaket på regjeringskvartalet 22. juli 2011. 

Det er velkjend at kvinner oftare får PTSD enn menn.

– Det er velkjend at kvinner oftare får PTSD enn menn. Er det fordi kvinner opplever meir traumatiske ting i livet, eller er det fordi dei opplever traume annleis enn menn? Det er noko av det vi ville finne ut, fortel Marianne S. Birkeland, tilsett ved Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress.

Skvetten

PTSD er kjenneteikna av gjenopplevingar av hendinga, frykt og angst, og det at ein unngår situasjonar som kan minne om traumet. Søvnproblem, depresjonssymptom og dårleg konsentrasjonsevne er også vanleg. Ein person med PTSD kan dessutan bli irritabel, sint eller skvetten, til dømes ved situasjonar som triggar minnet, fortel Birkeland.

Marianne S. Birkeland er tilsett ved Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress. Foto: NKVTS.

– Når du opplever noko forferdeleg, hugsar du det godt. Det gir ofte flashbacks og påtrengande minne, seier ho.

Funna frå den nye studien syner at kvinner fekk PTSD over dobbelt så ofte som menn etter bombeåtaket den 22. juli. Av gruppa som var direkte involvert og fysisk til stades under angrepet, fekk 12 prosent av mennene og 31 prosent av kvinnene såpass mange symptom at dei kvalifiserte til diagnosen.

Av dei indirekte råka, det vil seie dei som jobba i regjeringskvartalet, men som ikkje var til stades, fekk om lag to prosent av mennene og fire prosent av kvinnene lidinga. Mange opplevde å miste nære kollegaar og venner. 

PTSD likt for kvinner og menn 

Studien vart utført ti månadar etter angrepet. Kvinnene hadde fleire symptom på PTSD enn menn, og særleg angst og gjenoppleving av minnet. Birkeland understrekar at det ikkje eksisterer kjønnsforskjellar i PTSD. Sjølve mekanismen er lik, uansett om du er mann eller kvinne.

Forsking kan tyde på at kvinner som gruppe vurderer sannsynet for at det skal skje noko negativt, eksempelvis eit jordskjelv, som høgare.  

– Det er ingen tydelege kjønnsforskjellar i PTSD. Det betyr at når du først har sjukdommen, er det likt uansett om du er mann eller kvinne. Men det er kjønnsforskjellar når vi ser på omfanget. Eg trur at det ligg både biologiske forklaringar og sosialisering til grunn for det, seier Birkeland. 

Kvinner tenker risiko

Ein teori er at kjønna fortolkar traumet ulikt, og at kvinner tenker at noko er farlegare. Ifølge forskaren er både katastrofetenking og persepsjon av høg risiko meir utbreidd blant kvinner. 

– Forsking kan tyde på at kvinner som gruppe vurderer sannsynet for at det skal skje noko negativt, eksempelvis eit jordskjelv, som høgare.  

Ei anna forklaring er dei sosialt tillærte, for eksempel at menn ikkje oppgjer at dei slit med noko når dei fyller ut skjemaet i undersøkinga. 

– Menn er lært opp til å vere tøffe, at dei skal klare seg. Kvinner seier ifrå og tenker at dei kanskje kjenner litt på ting. Det kan ha med oppdraging å gjere, men også med korleis samfunnet tenker om kjønn. Dette trur eg er i endring, heldigvis.

Fleire traume

Forskarane utelukka at kjønnsforskjellane hadde å gjere med at kvinner opplever meir traumatiske hendingar enn menn. Erfaring tilseier nemleg at menn opplever fleire traume generelt. 

– Likevel kan det hende at kvinner har opplevd andre traume tidlegare, som til dømes seksuelle overgrep. Dette forsterkar sannsynet for å få plager etter eit nytt traume. Eg trur det kan vere litt av forklaringa, men ikkje heile. For vi ser at når ein mann og ei kvinne opplever den same hendinga, som i regjeringskvartalet, så får kvinner dobbelt så ofte PTSD. 

Personar som er utsette for familievald får oftare PTSD enn soldatar i krig.

Eit traume kan jo oppstå av fleire typar hendingar – bilulykker, krig, familievald. Vil ikkje sjølve hendinga påverke kor mange som får PTSD?

– Ja, det er nok verre å bli utsett for traume som andre menneske har skapt. Eit terrorangrep blir av mange sett på som verre enn ei bilulykke eller ein naturkatastrofe, fordi det er ei villa handling. Det same gjeld også det å bli slått av nokon du er glad i. Personar som er utsette for familievald får oftare PTSD enn soldatar i krig, og det kjem av fleire årsaker, seier Birkeland, og held fram:

– Det er mykje som tyder på at kvinner får meir PTSD enn menn, nesten uansett kva slags traume dei er utsette for. Men blir hendinga ille nok, får alle diagnosen.

Minneforsking

Ei årsak som forskarane trur kan forklare mykje av kjønnsforskjellen, er at kvinner hugsar fleire detaljar enn menn. Dei har også mindre høve for å selektere bort delar av opplevinga. Minnet er rett og slett ulikt mellom kjønna. 

– Det kan verke som at menn ikkje gjenopplever hendinga like ofte, og dei hugsar ting meir overordna. Det er ikkje det at menn kan velje å gløyme eit minne, men at kvinner ikkje kan velje. Vi trur ikkje at dette er bevisste handlingar, men ei automatisk fortolking av det som skjer. 

– Ikkje fleire kjensler enn menn

Ein biologisk forskjell som kan forårsake dette, er kjønnshormon. Forskaren fortel at hormonelle syklusar påverkar korleis ei oppleving blir fortolka. Til dømes blir alvoret i ei hending forskjellig ut frå kor ein er i menstruasjonssyklusen. 

– Dette varierer jo frå kvinne til kvinne, og det er feil å generalisere. Likevel så er jo hormonsyklusar og PMS noko reelt. 

Eg trur kvinner sine kjensler får meir plass.

– Stereotypien er at kvinner er meir kjensleladde enn menn. Trur du det er hald i det?

– Nei, eg vil ikkje vere med på at kvinner har meir kjensler enn menn. Det er lite som tyder på det. Eg trur kvinner sine kjensler får meir plass. Minnet påverkar så klart kva slags kjensler du får. Om ein person hugsar noko som ille, så vil det kome fleire dårlege kjensler. Eg trur det heller er slik at menn har meir automatiske måtar å fortolke og å regulere kjensler på, slik at dei kanskje ikkje er like medvitne på dei.

– Kvinner har jo generelt dårlegare psykisk helse enn menn, det viser fleire undersøkingar. Er PTSD ein «kvinnesjukdom»?

– Det er feil å seie at det er ein kvinnesjukdom, det høyrest ut som noko gynekologisk. Men du kan tenke deg at mange av kvinnene som fekk PTSD hadde dårlegare psykisk helse enn menn frå før, der opplevinga forverra helsa. Sidan traumatiske hendingar oppstår plutseleg, er det vanskeleg å gjere forsking som tar høgde for den psykiske helsa dei utsette hadde på førehand.

Psykisk liding

I løpet av livet vil om lag 4,4 prosent kvinner og 1,4 prosent menn få PTSD. Det viser ein ny studie frå Sintef. Personar som er utsette for ei terrorhandling, ei ulykke eller ein krig kan også få andre psykiske lidingar. 

– Andre reaksjonar på eit traume kan vere depresjon, alkoholmisbruk eller annan form for sjølvmedisinering. Symptoma kan vere isolasjon, einsemd og at ein unngår vanskelege situasjonar. Det er overlapp mellom dette og symptoma til PTSD. 

Livsfare

PSTD kjem ofte etter ei oppleving av å vere i livsfare. Men personar kan også få PTSD av å vere vitne til noko, som Dr. Margaret Dessau i New York gjorde då ho såg flya styrte inn i tvillingtårna frå vindauget sitt. Om lag 10.000 personar er antatt å ha PTSD etter terroråtaket 11. september 2001. 

– Kan det ha oppstått ein kultur blant kvinner der ein kjenner lettare på PTSD enn menn? Altså at terskelen blir lågare for å få symptoma?

Kva som er traumatisk er veldig individuelt.

– Akkurat det vart vel også diskutert etter #Metoo-kampanjen, at mykje forskjellig blir innlemma i omgrepet. Det kan skje, men så lenge nokon er plaga, så skal dei jo få hjelp. Det betyr ikkje at det personen kjenner på, ikkje er ekte.

Birkeland fortel at ei kjensle av at ein sjølv eller nokon ein er glad i er i livsfare, er eit kriterium for diagnosen. Men du kan også få symptoma utan å ha vore direkte eksponert for livsfare. 

– Kva som er traumatisk er veldig individuelt. Det kan vere at du får forferdelege minne kvar gong telefonen ringer, fordi du fleire år tilbake fekk ein telefon om at nokon du kjenner har vore i livsfare. Nokre opplever det som traumatisk å føde, medan andre synest det går greitt. Somme gongar kan jo det å føde vere livstruande.

– Vi er robuste

Forskaren legg til slutt vekt på at dei aller fleste klarer seg godt etter eit traume. Særleg i land som Noreg: 

– Vi bur i eit rikt land med ressurser, nettverk og god tilrettelegging. Generelt sett er menneske robuste og toler mykje.  

Posttraumatisk stressliding
  • PTSD kan råke dei som er direkte eller indirekte involvert i ei farleg hending
  • Dei fleste får PTSD rett etter hendinga, men somme får symptoma etter fleire månadar eller år
  • Typiske kjenneteikn på diagnosen er søvnvansker, mareritt, flashbacks, nervøsitet, irritasjon og sinne. Enkelte isolerer seg
  • Symptoma kan også vere fysiske og skape kvalme, hovudverk, hjartebank og ørske
  • Globalt sett får 30 prosent PTSD etter ei traumatisk hending. Nesten to tredjedelar er kvinner

Kjelde: Helsenorge.no

Siste saker

Kalender

Nyhetsmagasinet

Vårt nyhetsmagasin er en uavhengig nettavis og medlem i Fagpressen.