Gro Hagemann: Med blikk for kvinner

Når Gro Hagemann ser på historia, ser ho meir enn kongar og krigar. Ho har skrive om husarbeid, kjøken og organisering av arbeidarkvinner.
Gro Hagemann. (Foto: Astrid Sverresdotter Dypvik)

Dei er fletta inn i kvarandre og eigentleg umoglege å skilje. Ein kan ikkje fortelje om den eine utan å fortelje om den andre. Slik er det med historieprofessor Gro Hagemann og den fagretninga ho var med på å grunnleggje her i landet – kvinnehistorie.

Gro Hagemann er eit namn ein ikkje kjem unna, om ein vil vite noko om kvinner si historie i Noreg. Vegen fram til der ho er i dag har vore lang, og med mange sidespor.

Om nokon hadde sagt til henne midt på det raude 1970-talet at ho ein dag skulle sitte med professortittel og bli rekna som ein nestor innanfor kvinnehistoria, ville ho ha sagt at dei fabulerte. For det første fantes ikkje kvinnehistorie som fag i Noreg på det tidspunktet. For det andre var ho meir oppteken av politikk enn av å gjere universitetskarriere. Ho var medlem av AKP og brukte tida si på å byggje opp Kvinnefronten. 

– Radikale folk tok ikkje doktorgrad på 1970-talet, veit du, seier ho.

Vestkantjente

Under oppveksten på Frogner, Oslo vest på 1950-talet var det noko litt uvanleg med Gro Hagemann sin familie. Dei var ikkje heilt som dei andre familiane i dei staselege vestkantbygardane. Det var ein familie utan far. Gro Hagemann sine foreldre var skilde, og mora hadde åleineansvaret for vesle Gro og  syster hennar.

Med ei mor som var farmasøyt og eineforsørgjar, fekk Gro Hagemann alt som barn eit eige blikk for korleis verda hang saman. Det at jenter var like flinke som gutar, og at dei skulle ha akkurat dei same moglegheitene, sto som noko sjølvsagt for henne. Dette synspunktet var det vanskeleg å få gjennomslag for blant barna på Uranienborg skole på det seine 1950-talet, og det hende at ho hamna i krangel med skolekameratane om akkurat dette.

Frelst av Weber

Då ho byrja studere hadde ho ingen klar idé om kor det skulle ende hen.

– Eg jakta frå fag til fag. Eg hadde ikkje nokon plan då eg byrja studere, bortsett frå at eg ville ha to undervisningsfag, fortel ho. Dei to faga skulle sikre at ho kunne lande trygt på to bein som lærarinne, viss då ikkje noko anna skulle dukke opp. Det vart norsk, historie og sosiologi. Den politisk engasjerte studenten syntes norskfaget og litterære analysar vart for livsfjernt, og sosiologien for teoretisk.

– Det var for mange modellar, for mykje metode og for lite ny kunnskap ut i andre enden, seier ho.

Men sosiologien vart likevel avgjerande. Då ho satt bøygd over Max Webers Protestantismens etikk og kapitalismens ånd, som var ein del av pensumet på sosiologi,  skjedde det noko. Det var ei slags oppvakning.

– Eg forsto at eg var interessert i det sosiologane kalla «sosial endring». Dette var alltid noko som vart nemnd heilt i slutten av analysen, og dei klarte aldri å seie noko fornuftig om det, seier Hagemann.

Ho byrja studere historie med Max Weber som leiarstjerne. 

T-baneturen

Det vart ein t-banetur som skulle kome til å avgjere retninga for Gro Hagemann sin historikarkarriere. Turen gjekk frå Sognsvann og nedover mot Blindern. Det var i 1971 og ho var fersk historiestudent. På t-banen kom ho i snakk med ei jente som hadde skrive hovudfagsoppgåve om kvinner i norsk organisasjonsliv på 1880-talet.

– Det trefte noko i meg, seier Hagemann.

Då turen var over, var valet teke. Ho ville også skrive om kvinner. Emnet for oppgåva vart særskild vern av kvinner i industrien. Ho analyserte den tilspissa striden om nattarbeidsforbod for kvinner i 1909. Oppgåva hang tett saman med Hagemann sitt politiske engasjement på 1970-talet. Ho skreiv ikkje historia til krigerske kongar og store statsmenn. Ho skreiv sosialhistorie, der klassekamp og kvinnekamp sto i sentrum. 

– Eg synest det er litt underleg å lese oppgåva i dag. Det er så tydeleg at den er skrive i ei litt anna tid. Samstundes ser eg at det er fleire tema der som framleis er viktige i forskinga mi. Spenninga mellom individuelle rettar og sosiale omsyn er noko eg har teke med meg vidare, seier ho.  

Eit folkekrav

«Lønn til Gro Hagemann» var eit krav blant historiestudentane på Blindern i 1974. Året før hadde ho levert si eiga hovudfagsoppgåve. Samstundes hadde ei gruppe ivrige studentar laga sitt eige studieemne om kvinnehistorie. Gro Hagemann si hovudfagsoppgåve sto på pensumlista, og ho vart henta inn som lærar. Ho stilte opp utan betaling. Etter eit semester med gratisundervisning laga studentane eit opprop for lønn til læraren.

På dette tidspunktet var ei heil lita feministisk bølgje i ferd med å skylje inn over universitetet. På litteraturvitskap markerte Irene Engelstad, Irene Iversen og Janneken Øverland seg som representantar for kvinnebølgja. På sosiologi var Annemor Kalleberg ein tydeleg stemme.

For Gro Hagemann gjekk ikkje vegen vidare rett inn i korridorane på Blindern. Ho fekk jobb som arkivar, reiste rundt og registrerte kvinnehistoriske arkiv. Samstundes publiserte ho artiklar om kvinnehistorie. I 1977 kom den første samlinga med artiklar for dei nye, unge kvinnehistorikarane. Tittelen var Kvinner selv… sju bidrag til norsk kvinnehistorie. Gro Hagemann var redaktør for boka saman med den bergensbaserte historikaren Ida Blom. I 1981 fekk ho sitt første forskingsstipend.

Ein del av faget

Historia om kvinnehistoria er inga rettlinja forteljing. Fagretninga har til tider vore både usynleggjort og heftig kritisert innanfor historiefaget. Enkelte historikarar har prøvd å spenne bein for heile fagretninga gjennom å hevde at det er ein ideologi og ikkje eit skikkeleg fagfelt. Dei hardaste slaga sto på 1980-talet. I 1985 var det Ottar Dahl, ein av dei mest markante historieprofessorane ved UiO, sin tur. 

 «For så vidt som man vil sette kjønn særlig i fokus i mer omfattende sammenheng, vil familiehistorie eller demografi være de mest nærliggende og fruktbare disipliner,» skreiv han i ein artikkel i Historisk tidsskrift.

På det tidspunktet var Hagemann framleis berre doktorgradsstipendiat ved instituttet.

– Det var mange som svarte han, men eg syntes dei var for defensive, seier ho.

Difor bestemte ho seg for å skrive eit tilsvar sjølv, ei programerklæring for kvinnehistoria. I den skriv ho mellom anna at det ikkje held å skrive familiehistorie. Ein må også skrive om maktfordeling og arbeidsfordeling innan familiane. «Det kan virke som om det finnes en motvilje mot å rette søkelyset mot maktforhold nettopp innenfor husholds- og slektskapssystemene», skreiv ho. Diskusjonen vart teke opp på instituttseminaret.

– Eg hugsar det var heilt fullt i rommet. Historikarane kjem alltid når dei luktar blod, seier ho.

Ein ung doktorgradsstipendiat i debatt med ein gamal professor var ikkje kvardagskost. I ettertid seier ho at ho vart positivt overraska over diskusjonen.

– Eg fekk oppleve kor skvær Ottar Dahl var. Han gav meg ingenting i sak, men han uttykte respekt for at eg meinte det eg meinte og for at eg formulerte eit svar. Eg hadde erfaringane frå ML-rørsla i bakhovudet. Det var ikkje slik ein takla ueinigheiter der. Der hadde ein anten rett, eller så tok ein feil. Og viss ein tok feil, så vart ein ikkje møtt med same respekt, fortel Hagemann.

Tung teori

Både nordiske kvinnehistorikarmøter og dagens Senter for tverrfaglig kjønnsforsking, som hadde namnet Senter for kvinneforsking då det vart starta opp i 1986, er tydelege resultat av den kvinnepolitiske vendinga som starta på Universitetet i Oslo på 1970-talet. Hagemann var involvert i begge.

– Kontakten med nordiske historikarar har vore heilt avgjerande for det faglege livet mitt. Eg har hatt fleire lange forskingsopphald i Sverige og Danmark. Senteret var særleg viktig for meg på 1980- og 1990-talet. Det var ein lærerik periode med mange spennande, søkande diskusjonar og viktige seminar, seier ho.

I dag har ho lite kontakt med miljøet rundt senteret. Årsaka er den same som då ho forlèt sosiologien på 1970-talet. For mykje teori.

– Det verka som om teorien vart eit mål i seg sjølv medan empirien forsvann ut av interessefeltet. Mi faglege interesse går i andre retningar no, men det verkar som det skjer mykje spennande i det tverrfaglege miljøet rundt senteret når det gjeld forsking på innvandrarar. I tillegg har dei jo også fått inn mannsforskinga, seier ho.

Ny orientering

Blikket for kvinner har trekt Hagemann i stadig nye retningar. Då ho starta forskingskarrieren var kjønn og klasse dei to store analytiske kategoriane ho interesserte seg for. Ganske snart byrja ho orientere seg i litt andre retningar. Det var særleg ein forskar som fanga interessa: Den amerikanske historikaren Joan Scott. Ho gav eit vidare utsyn.  

– Ho var ein del av den poststrukturalistiske vendinga. Ho hadde blikk for dette med dekonstruksjon. Det hjelpte meg ut av det eg sjølv hadde begynt å sjå på som ei tvangstrøye, dette med klasse versus kjønn. Ho klarte også å formulere ein posisjon som gjekk litt bortanfor desse store teoriane, seier Hagemann.

Scott tok språket inn i analysane, og viste korleis omgrep og sosiale kategoriar verkar inn på vår tolking av verkelegheita.

– Den sosialhistoriske tradisjonen eg sjølv var prega av, bygde på omgrep som «arbeidarklasse» og «kvinner», som implisitt definerte det mannlege som norma, og det kvinnelege som sekundært, seier ho.

Frå tidleg på 1980-talet las Hageman alt det ho kom over av Scott. Ho las til og med upubliserte utkast som Ida Blom kom heim med frå internasjonale forskingskonferansar. Blant dei unge kvinnehistorikarane sirkulerte bunkar med papir frå Scott med påskrifta «not to be published or quoted». Hagemann slukte alt med stor interesse. Det byrja med arbeidarkvinnene. Då ho skreiv historia om Lærarlaget, fekk lærarinnene særleg merksemd. Sidan har også dei heimeverande kvinnene og deira husarbeid vorte tema for Hagemann sitt analytiske blikk.  

Gro Hagemann
  • Fødd i Oslo i 1945.
  • Professor i historie ved Universitetet i Oslo.
  • Var sentral i å etablere kvinnehistorie som fagdisiplin i Noreg.
  • I 1977 var ho og Ida Blom redaktør for boka Kvinner selv – sju bidrag til norsk kvinnehistorie, ei artikkelsamling med artiklar om den ferske fagdisiplinen.
  • Blant hennar viktigaste utgjevingar er Kjønn og industrialisering, (1994) og Feminisme og historieskriving: inntrykk fra en reise, (2003)
  • I tillegg var ho medredaktør på storverket Med kjønnsperspektiv på norsk historie. Fra vikingtid til 2000-årsskiftet, som kom i 1999.

Siste saker

Kalender

Nyhetsmagasinet

Vårt nyhetsmagasin er en uavhengig nettavis og medlem i Fagpressen.