Menn og mat: Frå potetskrellar til superchef

Kokebøker for menn speglar ei utvikling der synet på mannen har endra seg frå hjelpelause kløner til kompetente kokkar som er i sitt ess når dei får lage mat til familie og vener.
– Eg trur ikkje det er mogleg å skrive i ei moderne kokebok at å lage mat er noko du må kunne i tilfelle kona di av ein eller annan grunn ikkje er heime, seier Stig Kvaal. Han har sett på utviklinga i kokebøker for menn frå 1945 til i dag. Illustrasjonsfoto: iStockphoto

Det kjem fram i artikkelen «Om mat og menn» i nyaste utgåve av Tidsskrift for kjønnsforskning. Forfattar Stig Kvaal, førsteamanuensis ved Institutt for tverrfaglege kulturstudiar ved NTNU, har sett på korleis kokebøker med menn som eksplisitt målgruppe, dannar eit bilete av kjøkenmaskulinitetar i endring.

– Som historikar er eg opplært til å gå i arkiv og grave meg ned i styreprotokollar og slikt. Men med tida har eg merka at dei små daglegdagse tinga kan fortelje vel så mykje om det norske samfunnet i utvikling og endring, seier han.

Den hjelpelause mannen

Den første kokeboka for menn kom i 1945. Den var skriven av Mons Matsen, eit pseudonym for journalisten Oskar Redin.

I forordet skriv Matsen at boka er meint som naudhjelp til mannfolk som har hamna i ein situasjon der einaste måten dei kan få mat på, er om dei lagar han sjølv. Mannen skal kunne halde liv i seg til kona kjem heim.

Historiker Stig Kvaal har sett skrevet artikkel i Tidsskrift for kjønnsforskning om kokebøker for menn. Foto: NTNU

Og sidan mannen underforstått er heilt kunnskaps- og hjelpelaus i utgangspunktet, må maten vere enkel. Næringsinnhald er uinteressant og grønsaker mest eit vedheng til kjøtet, som er den ekte mannfolkmaten. Baking skal ein overlate til kvinner og profesjonelle, men dersom det ikkje er nokon veg utanom, kan ein steike vaflar: Det er enkelt, godt, og ingrediensane har ein truleg allereie i huset.

– Det er sjølvsagt vanskeleg å seie om denne første kokeboka var representativ for synet på menn sine ferdigheiter på kjøkenet, seier Kvaal.

– Men når ein les litteratur og tidsskrift frå same periode, verkar det som om menn jamt over var fråverande på kjøkenet.

Det tok ein mannsalder før neste mannekokebok, «Kåres nam-nam-bok», kom på marknaden i 1974, men mellom permane er mykje likt: Matlaging skal vere enkelt, og målet er å bli mett. Ernæring spelar lita rolle.

Boka var skriven av pianisten Kåre Siem, og undertittelen lemnar liten tvil om målgruppa sitt kompetansenivå: «Primitiv minikokebok for de absolutte nybegynnere, duster og kløner».

Mat som sosial arena

Først i 1982 kom ei kokebok for menn som tok for seg ernæring og matkvalitet, ikkje berre kvantitet. «Mat og menn. Enkel kokebok» var laga av Britt Kåsin frå Opplysingskontoret for frukt og grønt.

Kåsin skreiv for ein ny type mann: Om familiefaren som i likestillingas namn skal bidra på kjøkenet og finn ei barnleg glede i å prøve seg fram.

– Mi oppfatning er at før Kåsin, var bøkene litt som skulekjøken-bøker for menn. Og frå Kåsin blir det meir vekt på kvalitet, vitaminar og grønt, slik vi kjenner det frå Ingrid Espelig Hovig sine bøker, seier Kvaal.

– Etter Kåsin har matfeltet, i alle fall i kokebøkene, gått meir i retning av kompleksitet. Mat er ikkje berre vomfyll, men ein sosial arena, både når du lagar han og serverer han. Det kjem fram i dei nyare kokebøkene, seier Kvaal.

I dag trur eg mange menn ser på matlaging som både noko som er nødvendig, hyggeleg, og som gjev anerkjenning.

Anerkjenning er noko som veks fram når matlaging blir meir komplekst enn noko ein berre gjer for å bli mett. Kvaal peikar på at ein før kunne høyre eldre folk seie om ein mann at «han er så flink til å hjelpe til heime».

– Og då skjønar ein jo kven det var som hadde hovudansvaret. I dag trur eg ingen seier det. Men det gjev respekt å kunne lage eit godt måltid, uavhengig av kjønn. I dag trur eg mange menn ser på matlaging som både noko som er nødvendig, hyggeleg, og som gjev anerkjenning.

Den hjelpelause, inkompetente kokken finn vi derimot att i ei anna kokeboknisje: Singelkokebøkene.

– Singelkokeboka har gått inn og teke den nisjen der det handlar om lære seg å spegle eit egg. Så den typen bøker finst framleis, men no vender dei seg også til kvinner, seier han.

– Det har kanskje noko med likestillingskampen å gjere, at det ein periode var viktig for ein del kvinner å ikkje gå i mors fotefar og ta på seg det tradisjonelle kvinnearbeidet. Så no er det like ofte jenter som sit med manglande kunnskap om kjøkenting. Skulekjøkenet er jo heller ikkje akkurat blitt styrkt dei seinare åra.

Macho-kokken

Etter Kåsin kom det  ei lita bølgje med kokebøker for kjøkenvande mannemenn. «Mat for ekte mannfolk» av Ole Johannes Hesjedal Øvretveit kom ut i 1994, med eit framsidebilete av forfattaren sjølv i rosaruta forkle og rosa cowboyhatt.

Sverre Aurstad og Jan Swensson gjekk enno lenger: Då boka deira, «Mannfolkmat», kom ut i sitt andre opplag i 2006, var omslaget pryda av ei hårete brystkasse iført patronbelte. På framsida står det også kven boka er skriven for, mellom anna jegeren, fiskaren, forsørgjaren, forføraren og «Mr. Rock’n roll».

– Det er vanskeleg å lese dette som noko anna enn ein ironisk flørt med stereotypiar. Men i og med at det var mogleg å gje ut ei slik bok, så må det også bety at det var ein viss klangbunn for dette, seier Kvaal.

Han meiner at sjølv om mykje ved slike mannekokebøker kan vere meint som spøk, og ein ikkje skal lese dei for bokstavleg, kan dei likevel gje eit slags ekko av ei samtid som endrar seg over tid.

– Når ein legg bøkene etter kvarandre, viser dei ei utvikling. Eg trur ikkje det er mogleg å skrive i ei moderne kokebok at å lage mat er noko du må kunne i tilfelle kona di av ein eller annan grunn ikkje er heime, seier han.

– Og baking har gått frå å vere det minst maskuline som finst, til å vere kjempemaskulint – du kan få bruke musklar og utstyr, som det gjerne står i mannfolkkokebøkene. Så noko har jo skjedd.

Kjønnsskilnadene forsvinn

Utover 2000-talet vart mennene i kokebøkene meir kompetente og komplekse, og maten dei lagar endrar seg frå eksistensminimum til å bli noko som også tener andre føremål. Det gjer utlaup for kreativitet, styrkar sosiale band og tilfredsstiller mannens «naturlege» mekkebehov.

Den førebels siste mannekokeboka kom i 2014 og heiter «Den velutstyrte mannen», skreve av Jørgen O. Grann og Olav Birkeland. Her verkar maten å fungere mest som ei unnskyldning for å kunne kjøpe dyre og glinsande kjøkenmaskiner.

I dei seinare kokebøkene kunne du like gjerne ha snakka om kvinner som om menn.

– Eg kjenner jo meg sjølv litt att i det. Det er artig å ha skikkeleg utstyr. Eg har ikkje gjort empirisk forsking på det, men mellom mine vener er i alle fall mennene meir fascinerte og opptekne av kjøkenutstyr enn kvinnene.

Elles er dei nyaste mannekokebøkene mest kjenneteikna av at det er lite ved sjølve innhaldet, når ein ser vekk frå dei overflatiske manneappellane, som er spesielt mynta på menn.

– Det ser ut som kjønnsforskjellane blir meir og meir utviska, og kjønn har endra seg frå å vere eit premiss til bli ein ferniss. I dei seinare kokebøkene kunne du like gjerne ha snakka om kvinner som om menn. Så sett på spissen kan ein tenkje seg at det å vende seg til menn, mest er eit marknadsføringsgrep, seier Kvaal.

– Vil det seie at tida for mannekokebøker kanskje er forbi?

– Det er vanskeleg å seie, men dei kjem kanskje på andre måtar. Ølbryggebøkene var i starten hardt marknadsførte mot menn, så det kan vere at ølbøkene tok mennene på same måte som singelmarknaden tok dei heilt enkle basiskokebøkene. Men no kjem det etter kvart bryggebøker for kvinner også.

Når bøker får liv

Koplinga av innhald og kven bøkene blir marknadsførte mot, forandrar seg stadig, og kan potensielt følgjast i mange ulike retningar.

– Vi kan lese mykje ut av kokebøker. Eg har prøvd å få auge på mannen og følgje utviklinga hans, eller snarare førestillingane om han, gjennom dei 70 åra som har gått sidan han først dukka opp breibeint og usikker bak ein sau og ein haug med kål i 1945.

Men det var ei heilt anna kokebok som først kveikte interessa for å bruke kokebøker som kjelde til samfunnsforståing. Det skjedde den gongen Kvaal sto i eit antikvariat med ei standard grunnkokebok frå førtiåra i hendene.

– Og på tittelbladet hadde nokon skrive: «Til Inger, julekveld 1947. 'Veien til mannens hjerte går gjennom magen.' Fra Terjes mor.» Der og då vakna den boka til liv. Eg fekk eit klart bilete av denne julekvelden der Inger sit og pakkar opp gåva og lurer på om ho skal bli glad eller snurt. Og Terjes mor som er i tvil om den nye kjærasten eller forloveden til sonen eigentleg har det som skal til for å syte godt for gullungen hennar. Det er det spennande med kokebøker: Kva dei fortel, kva historier som ligg bakom. Eg tenkte at her er noko eg vil skrive om!

Les hele artikkelen: «Om mat og menn»

Siste saker

Kalender

Nyhetsmagasinet

Vårt nyhetsmagasin er en uavhengig nettavis og medlem i Fagpressen.