‒ Au pairar er underbetalte hushjelper

Norske styresmakter kallar au pair-ordninga for kulturutveksling. I realiteten er au pairane profesjonelle hushjelper med ei løn ned mot 69 kroner i timen, hevdar forskarar.
The majority of the au pairs who come to Norway are professional housemaids. (Illustration: Colourbox.com)

Vi kan kalle ho Nicole. Nicole er ei ung kvinne frå Filippinane og au pair. Ho bur hos ein norsk familie, kor både mor og far har tidkrevjande, men godt betalte, fulltidsjobbar. Nicole passar dei tre barna mellom 2 og 8 år, som skal hentast og bringast frå barnehage, skule og fritidsaktiviteter. I tillegg er det hennar jobb å halde det store huset reint og ryddig, og å handle mat på måndagar.

Ifølgje au pair-kontrakten skal ikkje Nicole jobbe meir enn 30 timar i veka. Det blir ofte ein del timar ekstra likevel, for grensene mellom jobb og fritid er utydelege. Det er vanskeleg å seie nei når ungane kjem og vil leike på fridagen hennar, eller når vertsmora spør om ho kan bake kake til foreldremøtet.

Nicole vegrar seg for å snakke med vertsfamilien om desse tinga. Ikkje snakkar ho norsk og ho fryktar at familien vil bli misnøgd med henne og avslutte kontrakten hennar, dersom ho gjer seg vanskeleg. Da står ho i fare for å miste opphaldsløyvet i Noreg.

Billig hushjelp

Ifølgje norske myndigheiter er Nicole på kulturutveksling for å bli kjent med det norske språket og samfunnet. Forskarar hevder at å kalle ordninga ei kulturutveksling ikkje betyr at det stemmer med verkelegheita.

I realiteten er au pairar som Nicole underbetalte hushjelper som manglar vanlege arbeidstakarrettar.

– Au pair-ordninga handlar om billig, kvinneleg arbeidskraft i heimen. Majoriteten av au pairane i Noreg reiser ikkje primært for kulturutvekslingas skuld. Dei er først og fremst profesjonelle hushjelper, seier jurist Lene Løvdal.

Ho har saman med forskar og jurist Helga Aune undersøkt den norske au pair-ordninga i eit arbeids- og strafferettsleg perspektiv.

– Au pair-ordninga set desse kvinnene i ein særleg sårbar situasjon. Dei er unge, snakkar ikkje norsk, har eit svakt sosialt nettverk i Noreg, dei bur på arbeidsplassen og er dermed heilt underordna viljen til arbeidsgivar, seier Løvdal.

Au pair-ordninga set kvinnelege arbeidsmigrantar i ein svært sårbar situasjon, ifølgje jurist Lene Løvdal. (Foto: Privat)

95 prosent av au pairane i Noreg er kvinner. Løvdal og Aune hevdar at au pair-ordninga difor er strukturell diskriminering av kvinner – at sjølve ordninga er kvinnediskriminerande. 

Fleire tusen au pairar i Noreg

Au pair-ordninga har vore mykje debattert i den norske offentlegheita dei siste femten åra, noko som heng saman med den store veksten av au pairar som har kome til Noreg i denne perioden. Da den såkalla au pair-konvensjonen vart ratifisert og innført i Noreg tidleg på 70-talet var det om lag 40 au pairar som årleg kom til Noreg. I år 2000 var talet 691.

I dag er det i overkant av 2000 au pairar med opphald i Noreg, ifølgje Utlendingsdirektoratet (UDI). Det er ingen teikn til at auka vil minke.

90 prosent av dei er som Nicole, unge kvinner frå Filippinane. Mange av desse jobbar som reisande hushjelper i ulike land, da au pair-ordninga berre gir opphaldsløyve for to år av gongen. For å jobbe som au pair kan ein ikkje ha eigne barn.

Noreg er i dag eit attraktivt mottakarland for au pairar. Slik har det ikkje alltid vore.

Vesteuropeiske kvinner på eventyr

Da au pair-ordninga vart innført i 1969 var den jamne au pair ei ung, vesteuropeisk middelklassekvinne som reiste til USA eller andre europeiske land.

Ordninga var meint som ein gylden moglegheit for unge, mindre pengesterke kvinner til å reise ut, lære eit språk og sjå verda, i bytte mot lettare husarbeid og barnepass.

– Ein av dei opphavlege siktemåla med au pair-konvensjonen var å bidra til fremje sosioøkonomisk likskap og sosial framgang, fortel forskar Berit Gullikstad ved NTNU.

Ho har saman med kollega Trine Annfelt forska på korleis ordninga har vorte forstått  i norske politiske dokument i dei 45 åra ho har eksistert.

Frå og med tusenårsskiftet ser dei ei tydelegare vektlegging av kulturaspektet, trass i at mange au pairar ser på ordninga som ein migrasjonsmoglegheit.

– Ein snakkar ikkje lenger om mottakarfamiliar, men vertsfamiliar, meir i tråd med forståinga av au pairen som ein gjest. Omgrepet au pair-tilsetting har også forsvunne. Kanskje har det å gjere med at desse omgrepa gir tydelege assosiasjonar til det tradisjonelle tilsettingsforholdet, undrar forskar Trine Annfelt.

Der ein før snakka om mottakarfamiliar, snakkar ein no om vertsfamiliar. Forskar Trine Annfelt trur dette speglar eit ynskje om å tone ned assosiasjonane til det tradisjonelle tilsettingsforholdet. (Foto: KILDEN)

Timeløn ned mot 69 kroner

Eit poeng i au pair-konvensjonen frå 1969 er at au pairane verken er arbeidstakarar eller studentar, men ein slags mellomkategori, men med trekk frå begge. På same måte blir familien som au pairen bur hos både sett på som arbeidsgivar og vertsfamilie. 

– Au pairane jobbar tvungen deltid fordi kontrakten deira forbyr dei å jobbe meir enn 30 timar i veka. I dei fleste tilfella svarer lommepengane til ei timeløn på om lag 69 kroner, seier Lene Løvdal.

Utrekninga er basert på minimumsbeløpet frå 2012, som da var 5000 kroner før skatt, delt på talet på arbeidstimar i veka, maksimalt 30 timar. Kost og losji er tatt med i reknestykket, basert på Skatteetatens satsar.

Løvdal har tidlegare jobba med kartlegging av au pairane sine rettar i JURK (Juridisk rådgiving for kvinner). JURK avdekka at au pairane i Noreg manglar mange av rettane som dei fleste vanlege arbeidstakarar har.

– Fokuset på kulturutveksling dekker over at au pairane er fråtatt alminnelege arbeidsrettar, meiner ho.

Fordi dei ikkje er rekna som arbeidstakarar er dei ikkje omfatta av arbeidsmiljølova. Det betyr til dømes at dei ikkje er dekt av sjukepengeordninga, og har verken pensjonsrettar eller uføreforsikring. Dei kan heller ikkje fagorganisere seg.

Risikerer å bli kasta ut av landet

Løvdal peikar på at det ikkje finst lovlege måtar til å gi ekstra betaling eller overtidsbetaling, sjølv om både au pairen og vertsfamilien ofte ynskjer at au pairen skal jobbe meir. Ifølgje JURKs rapport arbeidar mange au pairar meir enn 30 timar i veka, og enkelte blir tvunge til det.

Dersom au pairen krev lønn for utført arbeid utover dei 30 timane som er slått fast i au pair-kontrakten, er det på same tid eit bevis på at vilkåra for opphaldsløyve er brote. Det betyr at au pairen må forlate Noreg dersom ho ikkje kan vise at det var under press eller tvang.

– Det er i praksis ein effektiv trussel som ofte vil hindre au pairen i å krevje løn for utført arbeid, seier Løvdal.

Eit springbrett til opphaldsløyve

Gullikstad og Annfelt peikar på at ein må sjå au pair-ordninga i samanheng med den norske migrasjonspolitikken.

Dei skriv at da ordninga vart innført var Noreg først og fremst eksportør av au pairar. Det var ingen som tenkte på dei få europeiske au pairane som kom hit som moglege arbeidsinnvandrarar.

No ser forskarane at ordninga i langt større grad enn før blir brukt som ein veg inn i Noreg for kvinner frå land utanfor EU. Samstundes ynskjer ikkje styresmaktene å opne opp for ufaglært arbeidsinnvandring frå ikkje-EU-land. Berre såkalla ekspertar med spesiell kompetanse som Noreg har bruk for, kan i dag få opphaldsløyve.

– Norske styresmakter underkommuniserer arbeidstakardimensjonen ved au pair-ordninga for å hindre ufaglært arbeidsmigrasjon, hevdar Annfelt.

Ho meiner at au pairordninga vitnar om ein kjønnsskeiv migrasjonspolitikk.

For at norske par skal vere likestilte, gjer ein seg avhengig av billig, kvinneleg arbeidskraft frå fattige land. (Foto: NTNU)

– Tre av fire arbeidsinnvandrarar som kjem til Noreg i dag er menn. Au pair-ordninga er ein av dei få måtane kvinnelege arbeidsmigrantar utanfor EU utan godkjent utdanning har for å arbeide i Noreg, seier ho.

Éin måte å gjere det på er å gifte seg med ein nordmann og søkje om familiegjenforeining. Ein annan veg inn er å byrje på ei utdanning i Noreg og få studentopphald.

Likestilling er berre for nordmenn

Tidlegare forsking har vist at det først og fremst er behovet for hjelp i heimen, og ikkje kulturutveksling, som får norske familiar til å skaffe seg au pair.

–Det er grunn til å vere kritisk til at folk vil ha hushjelp utan å betale marknadspris, seier Lene Løvdal, som meiner au pair-ordninga må endrast radikalt.

Ifølgje Gullikstad  snakkar norske myndigheiter med to tunger i likestillingspolitikken.

– Au pair-ordninga hindrar at mødrer kan kome til Noreg for å jobbe, medan den norske likestillingspolitikken er å få norske mødrer ut i arbeidslivet. Likestilling er berre for norske familiar. For at norske par skal vere likestilte, gjer ein seg avhengig av billig, kvinneleg arbeidskraft frå fattige land.

Au pair-ordninga
  • Au pair-ordninga opnar for at unge menneske mellom 18 og 30 år kan reise ut i verda for å lære eit anna språk og kultur, i bytte mot lettare husarbeid og kost og losji hos ein vertsfamilie.
  • Au pair er fransk for «på like fot».
  • 95 prosent av au pairane i Noreg er kvinner. Frå og med 2012 kan au pairen ikkje ha eigne barn.
  • Au pairen skal berre gjere lettare husarbeid og kan arbeide maks 30 timar i veka.
  • Au pairen får opphaldsløyve i landet i inntil to år, men ikkje arbeidsløyve.
  • *Ho skal ha fri kost og losji og få minst 5400 kroner i lommepengar før skatt.
  • Au pairen skal bu hos familien i eit eiget rom heile kontraktperioden.
  • Au pairen har rett på minst ein fridag i veka, og ein fast ettermiddag per veke.
  • Den europeiske au pair-ordninga vart stifta i 1969. I dag er det i overkant av 2000 au pairar i Noreg. 90 prosent av dei kjem frå Filippinane.
  • Ordninga er omdiskutert her i landet, mellom anna fordi det blir hevda at norske familiar misbruker ordninga til å skaffe seg underbetalte hushjelper.
Forskarane
  • Lene Løvdal er advokat og tilsett i Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO).
  • Saman med forskar og advokat Helga Aune har ho skrive kapittelet «Au pair-ordningens rettslige konstruksjon - sårbarhet i et arbeids- og strafferettslig perspektiv» i boka Like rettigheter - ulike liv (red. Anne Hellum og Julia Köhler-Olsen).
  • Berit Gullikstad er forskar og førsteamanuensis ved Insitutt for kulturstudier ved NTNU. Trine Annfelt er forskar ved same stad.
  • Gullikstad og Annfelt bidreg med eit kapittel i ein antologi med den førebelse tittelen Paid Domestic Work in a Changing Europe. Questions of Gender Equality and Citizenship.
  • Normal 0 21 false false false NO-BOK X-NONE X-NONE /* Style Definitions */ table.MsoNormalTable {mso-style-name:"Vanlig tabell"; mso-tstyle-rowband-size:0; mso-tstyle-colband-size:0; mso-style-noshow:yes; mso-style-priority:99; mso-style-parent:""; mso-padding-alt:0cm 5.4pt 0cm 5.4pt; mso-para-margin:0cm; mso-para-margin-bottom:.0001pt; mso-pagination:widow-orphan; font-size:10.0pt; font-family:"Times New Roman","serif";} Redaktørar for boka er Berit Gullikstad, Guro Korsnes Kristensen og Priscilla Ringrose. Boka er venta i 2016.

 

Aktuelle lenker

Siste saker

Kalender

Nyhetsmagasinet

Vårt nyhetsmagasin er en uavhengig nettavis og medlem i Fagpressen.