– Visst finst det muslimske feministar

– Visst finst det muslimske feministar

Med boka «Feminisme i islam» vil Marianne Hafnor Bøe ikkje berre skape merksemd om islamske feministar, men også utvide feminisme-omgrepet.
Mer om Islam
Mer om Feminisme
Mer om Religion
– Eit gjennomgåande argument hos feministiske muslimar er at regime som godkjenner diskriminering og undertrykking, ikkje oppfører seg i tråd med islam slik dei ser det, seier Marianne Hafnor Bøe.

– Mange kjenner ikkje til at det finst muslimske feministar. Hovudinntrykket mitt er at det er lite kunnskap om det.

Det seier Marianne Hafnor Bøe, som er førsteamanuensis i religionsvitskap ved Institutt for kultur- og språkvitskap ved Universitetet i Stavanger og aktuell med den ferske boka Feminisme i islam. Boka er ei innføringsbok i temaet, ei fagbok meint for studentar såvel som andre interesserte.

Vanskeleg merkelapp

Rett nok er det ikkje berre enkelt å bruke omgrepet «feminisme» i denne samanhengen. I boka skriv Bøe at mange muslimar som arbeider for likestilling og for kvinners rettar, likevel vegrar seg for å kalle seg feministar.

– Det er jo ikkje noko som berre gjeld muslimar. Det er eit breiare problem med feminisme-merkelappen, seier ho.

– Men akkurat når det gjeld personar med muslimsk bakgrunn, så forbind dei gjerne feminisme med noko vestleg og anti-islamsk, noko som ikkje let seg sameine med religion.


Marianne Hafnor Bøe tykkjer feminismens historie ofte blir framstilt gjennom eit amerikansk eller europeisk blikk. Foto: UiS.

Mange blir difor forsiktige med å bruke ordet, ettersom det ikkje nødvendigvis vil hjelpe dei i kampen deira.

– Det er viktig for mange av dei å ha legitimitet til å diskutere og tolke islam. Då kan det heller løne seg å kalle seg aktivist eller noko anna som gjev dei større gjennomslag, seier ho.

– Og så har du ein korantolkar som pakistanske Asma Barlas, som meiner at ordet feminisme har vore så nært forbunde med imperialisme og vestleg kolonisering av Midt-Austen at det gjer det vanskeleg å bruke det.

I boka har ho likevel valt å bruke ordet feminisme om arbeid for å promotere kjønnslikestilling med utgangspunkt i islam, uavhengig av om aktørane sjølve identifiserer seg som feministar eller ikkje.

Det er tolkingane dei presenterer og diskusjonane dei fører, ho kallar feministiske, og ikkje dei enkelte personane.

– Vil vise fram mangfaldet

Bøe har arbeidd med feminisme i islam i meir enn femten år, heilt sidan ho som hovudsfagstudent i religionsvitskap ved Universitetet i Bergen gjorde feltarbeid mellom kvinneaktivistar i Iran.

– Det er viktig for meg å løfte fram at dette med diskusjonar om kvinners rettar og likestilling i islam ikkje berre er noko politikarar og samfunnsdebattantar er opptekne av, seier ho.

– Det er ein debatt som går, og har gått, føre seg mellom muslimar i lang tid. Eg vil vise fram noko av meiningsmangfaldet som finst innanfor islam og vise at det skjer diskusjon og religionskritikk også innanfor religionen.

Bøe sporar feministiske tolkingar av islam tilbake til starten på 1900-talet i land som Egypt, Iran og Libanon. Men på 1990-talet fekk islamsk feminisme ein ny giv. Amerikanske Amina Wadud publiserte si feministiske tolking av Koranen, Qur’an and Woman, i 1992.

– Den boka har inspirert mange og blitt eit muslimsk feministisk manifest, seier Bøe.

Generelt kan ein seie at korantolking har vore meir utbreidd mellom muslimske feministar som er busette i vestlege land.

– Samstundes byrja representantar for kvinnerørsla i Iran sjølve å bruke religiøse argument og å lese Koranen på ein ny måte. Det vaks fram ein ny debatt som inspirerte muslimsk feminisme også andre stader.

Amina Wadud representerer det Bøe omtalar som den akademiske og tekstorienterte islamske feminismen, til skilnad frå den andre hovudframgangsmåten som er meir aktivistisk.

Den tekstorienterte retninga diskuterer kvinners stilling med utgangspunkt i lesing og tolking av Koranen og den omfattande hadith-litteraturen. Hadith er forteljingar om kva profeten Muhammad skal ha sagt og gjort.

Den aktivistiske retninga rettar si merksemd mot kjønnsdiskriminerande og kvinnefiendtlege praksisar, både i lovverk og i tradisjonar, som blir grunngjevne ved å vise til religion.

Dei muslimske feministane hevdar at koplinga til islam ikkje nødvendigvis finst. Aktivistane er også opptekne av korantolking, men set det inn i ein større samanheng av lovverk, skikkar og internasjonale konvensjonar.

Ifølgje Bøe er skiljet mellom desse to framgangsmåtane grunnleggjande for å forstå feminisme i islam.

– Det er ikkje så klare geografiske skiljeliner her, men generelt kan ein seie at korantolking har vore meir utbreidd mellom muslimske feministar som er busette i vestlege land, seier ho.

– Dei er også meir opptekne av om kvinner kan vere imamar, til dømes. Den diskusjonen skjer ikkje i same grad i muslimske majoritetsland.

Støttar seg på Koranen

Fleire av dei  muslimske feministane meiner at islam opphavleg var ein religion som støtta kvinners rettar, nokre hevdar jamvel at Muhammed var feminist.

Som Bøe skriv, viser desse feministane gjerne til at Koranen definerer kvinner som økonomiske rettssubjekt, og innførte eigedomsrett, arverett og rett til skilsmisse for kvinner.

Dei meiner at dei mange kvinnediskriminerande praksisane som blir rettferdiggjorde ved å vise til islam, eigentleg kjem av at religionen er blitt tolka i lys av tradisjonar og skikkar, som har fått overdøve den religiøse bodskapen.

Ein feminist som den egyptisk-amerikanske historikaren Leila Ahmed peikar på at islam har ei innebygd tvetydigheit: Det finst ei hierarkisk og mannssentrert side som er knytt til juss og politikk og som dominerer mellom dei lærde og hos styresmakter.

Samstundes finst det ein etisk og egalitær dimensjon som kjem til uttrykk i vanlege muslimars kvardagsliv. Den er bakgrunnen for at mange muslimar meiner islam ikkje er kvinnediskriminerande, men heller legg vekt på rettferd og likeverd mellom menneske.

– Slik eg ser det, kan alle religionar brukast til å grunngje både likestilling og undertrykking – det er ikkje noko som er spesielt for islam. Men mitt inntrykk er at tolkingsmangfaldet innanfor islam ikkje kjem så godt fram. Til og med i faglitteraturen tykkjer eg muslimar ofte blir skildra som veldig bundne av religionen sin, og med lite fleksibilitet. Det er noko som ikkje heilt stemmer med røyndommen, seier Bøe.

– Eit gjennomgåande argument hos feministiske muslimar er at regime som godkjenner diskriminering og undertrykking, ikkje oppfører seg i tråd med islam slik dei ser det. Så her finn vi ein tydeleg religions- og autoritetskritikk på den eine sida, men det ligg også ein kritikk av feminismeomgrepet her.

Kjempar for borgarrettar

Når mange samfunnsdebattantar, også i Noreg, gjev uttrykk for at islam ikkje let seg sameine med likestilling mellom kjønna, bygger det gjerne på visse vers i Koranen. I boka går Bøe igjennom ulike tolkingar av nokre av desse versa.

Eitt døme er vers 4:34. I den norske omsetjinga av Koranen seier dette verset at «menn er kvinners formynderar», og formanar menn om å straffe ulydige kvinner. Verset blir brukt til å rettferdiggjere ei lang rekkje kvinneundertrykkande praksisar. Men verset er omdiskutert, og Bøe viser korleis det er blitt gjenstand for ulike feministiske tolkingar.

Nokre meiner at «formyndar» berre må forståast som «økonomisk forsørgjar», og at verset difor berre gjeld visse typar familiar i visse omstende. Andre peikar på at «formyndar» ikkje er einaste moglege omsetjing av det arabiske qawwamun. Ordet kan også bety til dømes «verjar» eller «ansvarleg». Dei meinar at verset difor omhandlar rådgjeving og omsorg som likeverdige venskapshandlingar, og ikkje dominans.

Organiserte kvinnerørsler voks fram i Midt-Austen på byrjinga av 1900-talet, om lag samstundes med i Noreg.

Slike feministiske tolkingar blir brukt som grunnlag for kampanjar mot kvinnediskriminerande praksisar og for utvida rettar for kvinner.

– I Iran, som eg kjenner best, har det til dømes vore ei lang kampsak for kvinner å få lov til å reise utan løyve frå ektemannen. Etter lova må kvinner ha godkjenning frå far, mann eller bror for å gjere ei lang rekkje ting.  Dei muslimske feministane ønskjer eit oppgjer med denne formyndarskapen. 

Kampen for grunnleggjande borgarrettar for kvinner har ikkje vore enkel, men Bøe meiner det ikkje er tvil om at situasjonen for kvinner ville vore mykje verre utan denne kampen.

– For berre nokre veker sidan avgjorde det iranske parlamentet at kvinner som er iranske statsborgarar, no får lov til å vidareføre sin eigen statsborgarskap til borna sine. Det er ein rett som berre menn har hatt, og dermed har barn med utanlandsk far ikkje hatt rett til gode som skulegang eller helsetilbod. Men det er altså endra no.

Feminisme ikkje berre vestleg fenomen

Boka har allereie skapt stor merksemd og viser at mange er interesserte i å vite meir om feminismen i islam. Når det gjeld norske muslimar, møter Bøe både dei som kjenner seg att i feministiske tolkingar av islam, og dei som meiner feminisme er unødvendig fordi  islam allereie gjev kvinner alle rettane dei treng.

– Men særleg yngre norske muslimar kan tenke at ja, det er slik eg forstår religionen min, utan at dei dermed tykkjer det er nødvendig å kalle seg feministar, seier Bøe.

Ho viser til at forsking tyder på at unge norske muslimar er opptekne av å forstå likestillingsverdiar som noko som er i tråd med islam. Og at det gjeld både kvinner og menn.

– Eg trur denne måten å forstå islam på, alltid har vore der, men at det no kanskje blir løfta fram på ein ny og meir strategisk måte.

Bøe vonar at boka også kan medverke til å nyansere feminismeomgrepet.

– Eg tykkjer det ofte er slik at feminismens historie blir framstilt gjennom eit amerikansk eller europeisk blikk. Denne boka kan vise at feminisme ikkje berre er eit vestleg eller sekulært fenomen. Organiserte kvinnerørsler voks fram i Midt-Austen på byrjinga av 1900-talet, om lag samstundes med i Noreg, seier ho.

Bøe peikar også på at framstillingar av norsk feminisme ikkje i særleg grad løftar fram religiøse røyster, slik som kvinnerørslene som hadde utspring i misjonsorganisasjonar.

– Det finst ei førestilling om at ein ikkje kan vere ordentleg feminist før ein kvittar seg med religionen. Men det finst andre måtar å vere feminist på. Så kan ein vere usamd om kva som er rett, men dette er ein del av kompleksiteten, seier ho.