Kva kjenneteiknar skeive liv?

Kva kjenneteiknar skeive liv?

Skeive er ei særs mangfaldig gruppe, men nokre erfaringar har dei likevel felles, viser ein ny rapport. Kjensla av å vere annleis er ei av dei.
Mer om LHBTI
Lesbiske, homofile og transpersonar møter negative haldningar i mindre omfang enn før. Likevel viser undersøkinga at det å kome ut som noko anna enn ein heterofil cis-person framleis er vanskeleg for mange.

– Det å kjenne seg annleis er ei erfaring folk skildrar heilt frå ung alder, men som vedvarer gjennom livet, seier Helga Eggebø ved Nordlandsforsking.

Ho har leia arbeidet med ei intervju-undersøking mellom lhbtis-personar (lesbiske, homofile, bifile, transpersonar, interkjønnpersonar og skeive) i Noreg.

Intervjua viser at trass i dei store samfunnsmessige endringane som har skjedd når det gjeld haldningar og rettar for lhbtis-personar, så møter mange personar i desse gruppene framleis utfordringar som skil dei frå majoriteten.

Rapporten har fått tittelen «Skeive livsløp». Det er ikkje tilfeldig.

Stor variasjon i skeive liv

– Det viktigaste vi meiner at denne rapporten leverer, utover innspel til den komande kvantitative undersøkinga, er eit bidrag til tenkinga omkring livsløp, seier Eggebø.

– Hovudinntrykket er at det er stor variasjon mellom lhbtis-personar, men vi meiner likevel det gjev meining å snakke om nokre felles erfaringar, på tvers av generasjonar og andre ulikskapar.


Helga Eggebø ved Nordlandsforsking har leia arbeidet med ei intervju-undersøking mellom lhbtis-persona i Noreg. Foto: KUN

Forskarane har studert intervju frå tidlegare undersøkingar, og gjennomført nye intervju. Eggebø fortel at i utgangspunktet prøvde dei å strukturere intervjua kring kronologiske livsfaser som barndom, ungdom, vaksenliv med etablering av eigen heim og familie, og alderdom etter at den reproduktive fasen er over.

– Men så var det noko som skurra litt. Sjølvsagt er dette med kronologi og alder også relevant for skeive liv, men det er samstundes nokre erfaringar som synest felles for mange av informantane, og som dukka opp på ulike stadium i liva deira, seier ho.

– Så vi kjem med ein slags kritikk av den vanlege livsløp-forskinga som er kronologisk og aldersbestemt og organisert kring reproduksjon. Noko som kjenneteiknar skeive liv, er at ein, meir enn andre, må handtere det faktum at ein bryt med forventingane til eit vanleg livsløp, seier Eggebø.

Les også: Eit homoeventyr?

Identifiserer felles erfaringar

Konkret har forskarane identifisert nokre typar erfaringar i informantane sine forteljingar, blant anna å føle seg annleis, bli utsett for hatytringar, diskriminering, mobbing og vald, erfaringar med seksuelle krenkingar og forhandlingar om normative familieliv.

– Erfaringane handlar ofte om å bryte med kjønnsnormer, men kan også vere knytt til andre faktorar som innvandrarbakgrunn, samisk bakgrunn eller funksjonsnedsetting. Ein bryt med ei norm eller forventing, og den kjensla av annleisheit ser ut til å vere ei skjelsettande og viktig erfaring i skeive liv. Å leve med det og setje ord på det er ein identitetsjobb og forhandlingsjobb som tek plass i livet deira.

Må leve med risiko

I intervjumaterialet er det også mange som fortel om negative møte med andre. Det kan vere alt frå hatytringar eller hatkriminalitet, til diskriminering i arbeidslivet eller negative kvardagskommentarar.

– Mange har gjentakande slike opplevingar, fortel Eggebø.

– Og sjølv dei som ikkje opplever så mykje slikt sjølve, er veldig klar over at andre skeive er utsett for det, og at ein som skeiv må leve med denne risikoen. Det gjer at ein heile tida må gjere risikovurderingar.

Særleg mellom dei med innvandrarbakgrunn var det påfallande mange som snakka om erfaringar med seksuelle overgrep og krenkingar.

Denne forstudien er spesiell ved at eit fleirtal av dei som er intervjua, også tilhøyrer andre grupper som ofte blir marginaliserte i samfunnet: I tillegg til å vere skeive, har dei også innvandrarbakgrunn, samisk bakgrunn, nedsett funksjonsevne, bakgrunn frå små bygdesamfunn, eller dei er eldre.

– Særleg mellom dei med innvandrarbakgrunn var det påfallande mange som snakka om erfaringar med seksuelle overgrep og krenkingar, seier Eggebø.

– Og nokre strevar med spørsmål kring om dei var blitt til dømes homofile eller lesbiske som resultat av overgrep.

Ein veit frå anna forsking at skeive barn og unge er meir utsette for seksuelle overgrep enn heterofile ungdommar fortel Eggebø.

– Så vi meiner det er viktig å reise spørsmål om kva dette kjem av, og korleis hjelpeapparatet kan handtere det, seier ho.

– Generelt er jo ofte ungdomstida ei tid med seksuell utforsking, og det vil alltid innebere ein viss risiko. Dette treng ikkje vere spesielt for skeive ungdommar, men vi meiner det er verd å dykke litt djupare i dette.

Framleis vanskeleg å «kome ut»

Dei siste tiåra har vi sett ein sterkt aukande aksept i Noreg for at ikkje alle vil eller kan leve etter idealet om den tradisjonelle kjernefamilien.

Lesbiske, homofile og transpersonar har fått fleire formelle rettar og møter negative haldningar i mindre omfang enn før. Likevel viser undersøkinga at det å kome ut som noko anna enn ein heterofil cis-person framleis er vanskeleg for mange.

Det å kome ut og kome inn er framleis ei viktig livshending.

Samstundes vil det å kome ut for mange også innebere å kome inn i nye fellesskap, peikar Eggebø på.

– Det har vore litt underkommunisert at det å identifisere seg som til dømes lesbisk, kan vere ein inngangsbillett til fellesskap som ein kan kjenne seg vanleg, og ikkje annleis, i lag med, seier ho.

– Fellesskap der ein kan finne venskap, kjærestar og støtte. Det å kome ut og kome inn er framleis ei viktig livshending, seier ho.

Forhandlingar om normalitet

Den siste erfaringa forskarane trekk fram, er korleis lhbtis-personar stadig må handtere at dei bryt med normer for eit vanleg, heterofilt livsløp som er basert på etablering av eigen familie med barn.

– Somme vel aktivt å leve annleis. Andre fortel om ei sorg fordi det å identifisere seg som skeiv, inneber at dei ikkje utan vidare kan få den familien dei har ønska seg, eller dei må handtere foreldras sorg over at det kanskje ikkje blir barnebarn, seier Eggebø.


Janne Bromseth er fagleg leiar i Skeiv kunnskap hos Fri i Oslo og Akershus. Foto: Siri Lindstad

– Eitt par som vart intervjua, hadde fått barn og levde det dei skildra som eit vanleg a4-småbarnsfamilieliv. Samstundes opplevde dei også heile tida at dei ikkje vart sett på som heilt vanlege, for dei var jo to menn. Ein er heile tida involvert i forhandlingar om det normative.

Informantane gjev uttrykk for ulike meiningar om i kva grad ein skal tilpasse seg eller bryte med forventingane. Nokre meiner at feiringa av tilgang til adopsjon og hjelp med reproduksjon inneber eit knefall for heteronormativiteten. Dei vil seie at det var jo ikkje det som var meininga. Medan andre opplever at det er ein viktig rett å kunne leva «vanleg» eller «normalt», og at juridiske og reproduktive rettar er ein føresetnad for det.

– Nokre snakkar om barn, andre om tosamheit og forventingar til parforhold. Nokre fortel om korleis ein blir sett som mislukka dersom ein ikkje fiksar parforholdet, seier Eggebø.

– Skeive har statistisk sett større risiko for å miste relasjonen til oppvekstfamilien. Og i den grad ein er singel eller ikkje har barn, er gjerne alderdommen ei årsak til uro for mange. Så desse forhandlingane vedvarer gjennom heile livet, seier Eggebø.

Større kategori-mangfald

I rapporten har forskarane brukt lhbtis-personar som samleomgrep på personar som på ulike måtar bryt med hetero-norma. Men desse kategoriane er ikkje nødvendigvis eintydige, og er dessutan i utvikling. Forskarane har brukt eit kapittel i rapporten på å gå grundig igjennom dei ulike omgrepa og gjere opp status over kva som synest gangbart i dag.

– Fleire har byrja stille spørsmål ved kor dekkjande omgrepa lesbisk, homofil og bifil eigentleg er. På norsk er «skeiv» eit samleomgrep som har fått ganske bra gjennomslag, tilsvarande det engelske «queer», seier Eggebø.

– Ein fordel med ordet skeiv, er at det ikkje har den same negative historiske ballasten som ordet queer. «Queer» har lenge vore brukt som skjellsord, så når ein vel å bruke «queer» om seg sjølv, er det ein måte å ta ordet tilbake på. Vi meiner «skeiv» er eit godt norsk ord som framstår som ein akseptabel samlekategori, og som ikkje er tynga av openberre kontroversar som ein bør unngå.

Det har vore litt fortvilande at det i levekårsundersøkingar om skeive oftast er få informantar over 60 år.

Forskarane finn ein tendens til at dei yngre informantane har eit større mangfald av omgrep å navigere mellom. Og sjølv om tilhøvet til dei ulike kategoriane for nokre informantar er prega av ambivalens, så er dei likevel viktige for mange.

– Mange skildrar aha-opplevingar: Dei har kanskje hatt ei kjensle av å vere annleis, utan å ha ord til å artikulere kva kjensla handlar om, seier Eggebø.

– Så møter dei kanskje ei lesbisk kvinne for første gong, eller dei finn uttrykket «transperson» på nett, og tenkjer at aha, slik er jo eg! Så kategoriane kan ha stor forklaringskraft for å forstå seg sjølv, eins eigen identitet og møte med verda.

Reint praktisk har forskarane landa på at den komande kvantitative spørjeundersøkinga bør dekke flest mogleg omgrep for å gje respondentane høve til å finne den kategorien dei kjenner seg mest heime i.

Men i tillegg vil deltakarane bli bedne om å plassere seg sjølve i ein av nokre få samlekategoriar, av omsyn til statistikken.

Dessutan peikar forskarane på at det er viktig at den komande levekårsundersøkinga om mogleg kartlegg tidlegare erfaringar med mobbing, diskriminering og seksuelle overgrep, og inneheld spørsmål om samansette identitetar.

– Høgt medvit om samansette identitetar

Janne Bromseth, fagleg leiar i Skeiv kunnskap hos Fri Oslo og Akershus meiner forstudien legg eit godt grunnlag for utforminga av den komande levekårsundersøkinga. Ho har sjølv forska på koblingar mellom kjønn, seksualitet og aldringsvilkår og har materiale som er representert i rapporten.

– Det har vore litt fortvilande at det i levekårsundersøkingar om skeive oftast er få informantar over 60 år, slik at ein ikkje har noko statistisk grunnlag for å seie noko om dei som gruppe, seier Bromseth.

– Og vil ein nå eldre skeive, må ein bestemme seg på førehand for at dette er stemmer det er viktig å ha med, og så gjere ein innsats for å nå dei. Andre store studiar av eldre skeive internasjonalt viser at deltakinga aukar ved målgruppespesifikk og variert rekrutteringsmetode.

Rapporten viser at forskarane har høgt medvit om kor viktig det er å få fram dei erfaringane av marginalisering som skeive som også bryt med andre normer kan oppleve, meiner ho.

– Det er viktig fordi det er så store skilnader innad i gruppa skeive. Då må ein ta høgde for kompleksiteten som følgjer av det, og det gjer ein ved å vere medviten om spørsmål som gjeld tilhøyrsle til fleire minoritetskategoriar.

Bromseth er glad for at transpersonar no er inkluderte i levekårsundersøkinga.

– Det kjem til å gjere ein stor forskjell, seier ho.

Les også: Syk, kriminell og normal