Kvinnehistorie: Korleis eit fagfelt vart til

Da forskar Dunja Blazević spurde kvinnehistorie-nestor Ida Blom om korleis det var å vere kvinnehistorikar på 1970-talet, fekk ho følgjande svar: Vi visste ingen ting om kvinners historie.
Kvinnehistorikarane på 1970-talet forska mykje på arbeidarkvinner. Dette bildet viser ei strømpesyerske ved Janus fabrikker på 1930-talet (Foto: Atelier KK, Bildebasen UB)

Da Ida Blom jobba med sin studie om barneavgrensing på 1800-talet var det ingen av historiekollegaene som trudde ho ville finne nokon kjelder på temaet. Det same sa dei om tyskertøsene og kvinners politiske historie. I dag veit vi godt at det ikkje stemte.

Sidan den gong har kvinne- og kjønnshistorie vorte eit lite, men etablert fagfelt, med eigne stillingar, studieemne, finansieringskjelder og doktorgradsstudentar i eit elles mannsdominert historiefag. I nesten ein heil generasjon var Ida Blom den einaste fast tilsette kvinna ved Historisk institutt ved Universitetet i Bergen.

Frå 1970-talet og fram til i dag har eitt trekk vore konstant, ifølgje Dunja Blazević ved Universitetet i Bergen: Kvinne- og kjønnshistorikarane har heile vegen balansert mellom å sjå på seg sjølv som ordinære historikarar og som feministiske forskarar med ambisjonar om å skape grunnleggjande endringar innan vitskapen.

Les også: ​​​​​​Historie er fortsatt for menn

Historikar eller kjønnsforskar?

– Kva for tilhøyrsle som har fått forrang har likevel variert gjennom perioden. I somme periodar har det vore viktigast å vere allmenn historikar, i andre periodar har identiteten tverrfagleg kvinne- og kjønnshistorikar vore den viktigaste, fortel Blazević.

– Men svingingane har ikkje vore tilfeldig. Dei har kome an på tid og stad, og kva for akademisk ballast dei ulike forskarane har hatt.

Generelt sett har dei norske forskarane vore mest knytt til historiefaget, medan deira svenske og danske kollegaer har veksla meir. På 1980-talet ynskte dei å knyte seg tettare til den tverrfaglege kjønnsforskinga. Utover på 90-talet vart det derimot viktigare å knyte seg opp mot historiefaget generelt.

Dunja Blazević har forska på framveksten av det kvinne- og kjønnshistoriske fagfeltet i Skandinavia. (Foto: Magnus Halsnes)

Blazević har skrive doktorgrad om korleis kvinne- og kjønnshistoria i Skandinavia har utvikla seg dei siste 40 åra, via studiar av tverrfaglege kjønnsforskingstidsskrift, forskingspolitiske rapportar og dokument frå dei nordiske kvinnehistorikarmøta over fleire år.

Kvardagshistoria i fokus   

På byrjinga av 80-talet, da fagfeltet framleis var i etableringsfasa, var synleggjering av undertrykte grupper eit viktig mål, både innan kvinnehistoria og blant den såkalla sosialhistoriske delen av historiefaget.

Fram til da hadde kongar, statsleirarar og  hærførarar vore studieobjekta i historiefaget. No var det såkalla vanlege folk sin tur - kvinner, fattige, arbeidarar, samar og barn. Denne vendinga vart sidan kalla for den nye sosialhistoria.

– På denne tida var det usedvanleg populært å skrive om kvinner i arbeidarklassen, fortel Blazžević.

Eit døme er artikkelsamlinga Kvinner selv – sju bidrag til norsk kvinnehistorie , redigert av Ida Blom og Gro Hagemann frå 1982. Artiklane var basert på dei første norske hovudfagsoppgåvene i kvinnehistorie.

Kvifor er kvinner undertrykt?

Dreiinga mot grasrota hang saman med ungdomsopprøra i 1968 og på slutten av 70-talet, og dei nære banda kvinne- og kjønnshistorikarane hadde til dei radikale studentrørslene, ifølgje Blazžević.

Diskusjonane handla til dømes om forskjellen mellom såkalla verdigheits- eller elendeforsking, altså kor vidt kvinnehistorikarane burde fokusere på det positive eller det negative i kvinner sine liv. Eit anna debattema var korleis ein bør forstå kvinner på botnen av samfunnet – som aktørar i stand til å forme si eiga skjebne, eller som passive ofre for mannssamfunnet.

Kvinneforskarane var lite opptatt av kva det vil seie å vere historikar i denne perioden. Det viktige var i staden å overtyde dei ordinære historikarane at kvinneforskinga var ein naturleg del av historiefaget.

For det var ikkje til å kome unna at dei vart møtt med ein viss skepsis frå mange av sine kollegaer. Av dei var Ottar Dahl, som i Historisk tidsskrift i 1985 meinte at kvinnehistorie ikkje var eit eiget fagfelt, men høyrte inn under demografi og familiehistorie.

For eller mot diskursanalyse

Mot slutten av 1980-talet feide såkalla poststrukturalistiske teoriar innover kvinne- og kjønnshistorikarfeltet. Desse teoriane la vekt på korleis språket formar korleis vi forstår verkelegheita, og historikarane vart meir opptatt av korleis ein snakka om og forklarte underordning av kvinner gjennom tidene. No var det også blitt viktig å forstå kjønn som noko relasjonelt, det vil seie at kvinner og menn ikkje kunne studerast uavhengig av kvarandre.

Eit anna viktig poeng i denne perioden var at kvinner ikkje er ei einskapleg gruppe: Det er forskjell kvinner imellom, og forskjell mellom dagens kvinner og fortidas kvinner.

Gro Hagemann var ein viktig eksponent for poststrukturalistiske perspektiv i Noreg, til dømes i artikkelen «Seksualmoral eller samfunnsmoral: Stridende diskurser i sedelighetsdebatten» frå 1996.

Les også: Gro Hagemann - Med blikk for kvinner

Meir opptatt av mangfald

Blazević meiner denne vendinga i faget kan forklarast på minst to måtar. For det første vart det stadig fleire kvinne- og kjønnshistorikarar utover på 80-talet, særleg i Sverige. Det førte med seg eit større mangfald i teoriar, emne, problemstillingar og metodar, noko som også gjorde det viktigare å avgrense kva som er kvinne- og kjønnshistorie og kva som ikkje er det.

For det andre kan det postrukturalistiske fokuset på mangfald  og kompleksitet også ha gjort kjønnshistorikarane meir medvitne på forskjellar seg i mellom, ut frå kva for historiske epokar ein var opptatt av. Det betyr likevel ikkje at alle kvinne- og kjønnshistorikarane på slutten av 80-talet var overtydde poststrukturalistar.

– For somme forskarar er diskursanalyse framleis eit skjellsord, seier Blazević.

Levd liv

Mot slutten av 90-talet utvikla forskjellsdiskusjonen seg til ein meir generell debatt: Er det i det heile tatt mogleg å skape eit einskapleg rammeverk som kan forklare dei mange forskjellige sidene ved kvinner og menn sine liv i det heile?

Forskarane vart også opptatt meir av behovet for å inkludere konkrete menneske og deira liv i dei historiske analysane av fortida i stadig nye teoretiske debatter, og dei identitetspolitiske debattane vart færre. På byrjinga av 90-talet fekk dessutan mannsforskinga eit oppsving innan historiefaget, særleg forsking på farskap og maskulinitetsideal.

Det skitne næringslivet

Som student hadde Blažzević lagt merke til at nokre tema innan kvinne- og kjønnshistoria var populære og godt dokumentertre, andre ikkje. Kven er det som bestemmer kva som er viktig og relevant å forske på, og kvar fagfeltets grenser går?

– Det finst nokre historiske emne som er meir stovereine enn andre blant kvinne- og kjønnsforskarane. I Noreg har arbeidarkvinner, velferdsstat, industrialisering og familie vore populære tema, medan til dømes kvinner i næringslivet har vore mindre populært, seier ho.

Det kan Eirinn Larsen, som på 2000-talet skreiv doktorgrad om kjønn og maskulinitet i næringslivet, stadfeste:

‒ Det er ei tydeleg normativ side ved kvinnehistoria som ikkje går overeins med næringslivshistorie. Ein har liksom ikkje ville skitne til hendene sine med det, sa ho til KILDEN 26. juni 2014.

Grunnen til dette, er ifølgje Larsen, at den første generasjonen kvinnehistorikarar sprang ut av 70-talsfeminismen, som var både marknadskritisk og statskritisk.

Les også: Den uutforskede næringslivsmannen

Definisjonsmakta

– Den første generasjonen kvinnehistorikarar har framleis mykje av definisjonsmakta i fagfeltet, i kraft av sine posisjonar som undervisarar, rettleiarar, fagbokforfattarar og sensorar, hevdar Blazević.

Alle seinare generasjonar av forskarar må ta stilling til deira definisjon av kva kvinne- og kjønnshistorie er for noko. Eit døme er Ida Bloms definisjon frå 1975:

«Kvinnehistorie er et samlebegrep for all forsking som tar opp kvinners aktivitet i fortiden og problemer med særlig relevans for tidligere tiders kvinner. Denne definisjonen forutsetter at kvinnehistorisk forskning bygger på samme metodikk som all annen historisk forskning og kan utføres av så vel kvinner som menn».

I samla tropp

I akademia er det ikkje uvanleg at yngre generasjonar med forskarar tek eit oppgjer med førre generasjons teoriar og metodar, med 68-generasjonens fagkritikk som det mest kjente dømet.

– Har det vore teikn til dette blant kvinne- og kjønnshistorikarane?

– Det har sjølvsagt vore konfliktar og usemje. Ikkje så mykje blant dei norske historikarane, som blant til dømes dei svenske. På den andre sidan henta kvinneforskarane mykje av sin motivasjon i ein eksplisitt kritikk av historiefaget generelt, som var fullstendig mannsdominert.

– Sjølv har kvinne- og kjønnshistorikarane vore så få i talet at å angripe sine eigne læremeistrane for hardt ville vere å sage greina ein sit på, med tanke på si eiga framtid som forskar. For å gjere krav på prosjektmiddel og stillingar på universiteta har det vore viktigare for kvinne- og kjønnsforskarane å stå fram som ein samla tropp, hevdar Blazžević. 

– Kva har denne jakta på eit fagfelt gitt kvinne- og kjønnshistorikarane?

– Det har mellom anna ført til at kvinne- og kjønnsforskinga er rekna som ein måte å skrive historie på. Utviklinga har også gitt kjønnsforskarane relativt etablerte karrieremoglegheiter innanfor historiefaget generelt. På 70-talet var det ikkje gitt at ein berre tre tiår seinare skulle få eigne sentre, stipendiatstillingar og professorat. Det har skjedd ei fagleg institusjonalisering, seier ho.

Spesielt i Sverige står den historiske kjønnsforskinga sterkt. Det heng saman meg at i nabolandet vårt er såkalla genusvetenskap - tverrfaglig kjønnsforsking på norsk -  i ferd med å bli eit heilt eiget fag, på linje med sosiologi og psykologi.

Skyer i horisonten

Forskaren peikar på at denne utviklinga likevel ikkje er hugge i stein.

Her til lands nærmar dei fleste kvinne- og kjønnshistorikarane seg pensjonsalder, og det er få yngre forskarar til å fylle skoa deira.

–Til liks med andre humanistiske fag i Noreg, slit også historiefaget med kutt i stillingar og finansiering. I ein slik situasjon er det nok lett for institutta å tenkje at sidan ein allereie har ein kvinne- og kjønnshistorikar på huset, så treng ein ikkje fleire, seier ho.

– Kva med deg sjølv – er du først og fremst historikar eller kvinne- og kjønnshistorikar?

– Eg ser på meg sjølv om ein historikar som studerer kvinner og kjønn. Uansett kva eg driv med, så slepp ikkje denne interessa taket. Så ja, eg er nok kvinne- og kjønnshistorikar.

Forskaren
  • Dunja Blazević er historikar og disputerte nyleg med doktorgradsavhandlinga Jakten på et fagfelt: Den skandinaviske kvinne- og kjønnshistoriens fremvekst i skjæringspunktet mellom historieforskning og kvinne- og kjønnsforskning, ved Universitetet i Bergen.
  • I avhandlinga dokumenterer ho framveksten av den skandinaviske kvinne- og kjønnshistoria og drøftar korleis forskarane sjølv har definert fagfeltet sitt frå 1970-talet og fram til byrjinga av 2000-talet.

 

Siste saker

Kalender

Nyhetsmagasinet

Vårt nyhetsmagasin er en uavhengig nettavis og medlem i Fagpressen.