Det nordiske samarbeidet - kvar går vi?

Ved årsskiftet blei NIKK - Nordisk institutt for kunnskap om kjønn avvikla som institusjon. Kva formar for samarbeid skal den nordiske kjønnsforskinga satse på no? Og kven skal få ansvaret for å sameine kjønnsforskingsfeltet i Norden?

I kjølvatnet av NIKKs bortgang inviterte Senter for tverrfaglig kjønnsforsking ved Universitetet i Oslo til seminar for å diskutere det nordiske forskingssamarbeidet om kjønn og likestilling. Nordisk ministerråd har bestemt at deler av verksemda til NIKK, deriblant kunnskapsinnsamling og forskingsformidling, skal bli ført vidare som eit nordisk samarbeidsorgan, medan forskingsdelen blir lagt ned.

Det er enno ikkje klart kva for ein nordisk institusjon det nye samarbeidsorganet skal knyttast til. Fleire av deltakarane på seminaret fredag 27. januar tok til orde for at det framleis er naudsynt å samle dei nordiske ressursane på kjønnsforskingsfeltet på ein stad. Bland dei var professor ved Åbo Akademi, Harriet Silius.

– Kjønnsforskinga er trass alt eit lite område, og difor er det meir effektivt å konsentrere kreftene enn å splitte dei. Vi treng òg å styrke forskingsformidlinga. Ansvaret for dette må ligge hos nokon som har brei kunnskap om kjønnsforsking, sa Silius.

Er kjønnsforsking berre eit prosjekt?

Silius peikte òg på kva ulike trendar i forskingssektoren har å seie for kjønnsforskinga.

– Stadig meir av forskinga i Norden er organisert i ulike prosjekt. Ein får inntrykk av at kjønnsforskinga i seg sjølv blir sett på som eit prosjekt. Når eit prosjekt har halde på ei stund og reknast som ferdig, så skal ein i gong med eit nytt. Det er sløsing av ressursar å stadig starte opp noko nytt i staden for å styrke det som allereie finst, hevda ho.

Kerstin Alnebratt, leiar for det svenske Nationella sekretariatet för genusforskning, peikte på at den nordiske modellen, som gjer det lettare å kombinere jobb og familie, er noko av det viktigaste når politikarane marknadsfører Norden i Europa og resten av verda. I samband med dette er det viktig med en nordisk kunnskapsleverandør som NIKK.
 
 – Og så hiv dei babyen ut med badevantet. Det er rett og slett dumt, sa Alnebratt.

Avdelingssjef i Nordisk ministerråds sekretariat, Fredrik Melander, kom ikkje med konkrete lovnadar om kva som skje vidare, men forsikra om at eit nordisk forskingsamarbeid om kjønn og likestilling er viktig for Nordisk ministerråd.

– Noreg har formannskapet i Nordisk ministerråd i 2012 og har sett velferdsstaten i et nordisk perspektiv som sitt hovudtema. Personleg trur eg at jo meir ein diskuterer velferdsspørsmål, jo viktigare blir det å løfte fram både kjønnsforskinga og likestillingsarbeidet.

Melander påpeikte at satsingane i Nordisk ministerråd baserer seg på dei nasjonale prioriteringane. Linda Rustad, seniorrådgivar i Komité for kjønnsbalanse i forsking  (Kif-komiteen), meinte dette er eit kjenneteikn innan likestillingsområdet.

– EU seier; «Viss vi høyrer frå landa, så…», og Nordisk ministerråd seier det same; «Viss vi høyrer frå landa, så…». På denne måten er det noko anna enn eigne prioriteringar det kjem an på, meiner Rustad.

– Vi treng ein nordisk aktør

Melander hadde òg tru på at kjønnsforskinga kjem til nytte på stadig nye felt.

– Kan ein i dag faktisk diskutere klimaendringar og velferd utan å inkludere perspektiv på kjønn og likestilling? Forsking viser til dømes at menn står til ansvar for ein mykje større del av klimautsleppa enn det kvinner gjer. Så det er både mogleg og naudsynt å ha eit kjønnsperspektiv  på klimaendringane, sa han.

Linda Rustad var meir skeptisk til tanken om at kjønnsperspektiva kjem av seg sjølv.

– Eg trur det i aller høgste grad er mogleg å tenkje seg klimaforsking utan fokus på kjønn og likestilling. Det er jo det som skjer heile tida, sa Rustad.

Ho ønska seg ein eigen nordisk aktør på kjønnsforskingsfeltet som til dømes kan leggast under Nordforsk, eit organ under Nordisk ministerråd som finansierer nordisk forskingssamarbeid og gir innspel til nordisk forskingspolitikk. Liknande utspel kom frå mange av dei andre deltakarane på seminaret. Både etablering av eit nordisk kjønnsforskingsprogram og eit eksellenssenter blei nemnd.

Linda Rustad (t.v.) og Hege Skjeie. (Foto: Beate Sletvold Øistad)

Linda Rustad etterlyste òg eit større fokus på kjønn i akademia.

– Vi må diskutere forskingspolitikk og likestillingspolitikk i samanheng, i mykje større grad enn kva som har vore gjort til no. Norsk likestillingspolitikk handlar for det meste om familiepolitikk og velferdsordningar. Akademia er underforska. I Sverige blir det forska ein god del på kjønn og likestilling i akademia, i Noreg finst det knapt. På norske universitet hamnar likestillingsarbeidet i staden inn under HMS- eller personalavdelinga. Det må vi gjere noko med. Likestilling må inn i forskingsavdelinga i Nordisk ministerråd og på forskingsinstitusjonane.

– Kif-komiteen er no i dialog med Kunnskapsdepartementet om midlar til å gjennomføre ei nordisk kartlegging av kjønn i akademia. Håpet er at dette skal munne ut i eit nordisk forskingsprogram på feltet, fortalte Rustad.

«Alles jobb, ingens ansvar»

Eit anna spørsmål som blei tatt opp på seminaret, var kor vidt likestillingspolitikken i Norden er kunnskapsbasert. Hege Skjeie, professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo og leiar av Likestillingsutvalet,  har undersøkt den norske forvaltningsstrukturen på likestillingsfeltet.

– Eg trur eit forvaltningsperspektiv òg kan vere fruktbart i ein diskusjon om nordisk forskingssamarbeid. Likestilling er ein stor verdi i Noreg, men eit lite forvaltningsfelt. Sektoransvarsprinsippet står sterkt: Alle har ansvar for å integrere likestilling overalt i alle sektorar, men ingen har eit særskilt ansvar for å sjå til at det faktisk skjer. Sidan likestillingsforvaltninga er eit såpass svakt felt, kan det òg bety at forvaltninga kan ha problem med å gjennomføre dei  tilrådingane som forskarane kjem med.

Det er ifølgje Skjeie vanskeleg å gi eit godt svar på om likestillingspolitikken i Noreg er kunnskapsbasert. Det kjem an på kor ein ser og kven som er involvert. Kanskje ser det lysare ut i Sverige og Tyskland.

– Sverige har ein integrert politikk og forskingsutvikling innanfor eit svært program for likestillingsintegrering. I Tyskland finst det ei stor likestillingsutgreiing som òg er forskingsbasert, sa Skjeie.

– Norden fant opp mainstreamingstanken, men bør ta eit oppgjer med korleis vi gjer det. Likestilling skal bli inkludert i alt, problemet er berre at ingen har ansvaret, meiner Skjeie.

Forskarkonferansen «Alles jobb, ingens ansvar», som tek for seg Likestillingsutvaltes utgreiing Struktur for likestilling får mellom anna besøk av representantar frå Sveriges likestillingssatsing og Tysklands likestillingsutval og går av stabelen 13. februar på Litteraturhuset i Oslo.

NIKK

NIKK - Nordisk institutt for kunnskap om kjønn var eit tverrnordisk kunnskapssenter for kjønnsforsking og likestilling. Senteret blei finansiert av Nordisk ministerråd, og var plassert ved Universitetet i Oslo. NIKK blei oppretta i 1995 og avvikla 1. januar 2012.

Aktuelle lenker

Nordisk ministerråd

Nordisk ministerråd er det offisielle samarbeidsorganet til dei nordiske regjeringane. Statsministrane har det overordna ansvaret for det nordiske samarbeidet. I praksis er ansvaret delegert til dei nordiske samarbeidsministrane og til Den nordiske samarbeidskomiteen, som er ansvarleg for den koordineringa av det offisielle politiske nordiske samarbeidet.

Aktuelle lenker

Siste saker

Kalender

Nyhetsmagasinet

Vårt nyhetsmagasin er en uavhengig nettavis og medlem i Fagpressen.