– Vi må løyse eldreomsorga utan å auke kjønnsforskjellar

Med eldrebølgja vil fleire pårørande, og særleg kvinner, oppdage at dei sit med omsorgsansvar for eldre familiemedlemmar. Difor hastar det med å diskutere løysingar, meiner forskarar.
Søner og døtre gjev ulik praktisk hjelp til gamle foreldre, og døtre gjev meir omfattande hjelp, seier NOVA-forskar Heidi Gautun. Illustrasjonsfoto: iStockphoto

– Frå 2025 kjem den sterke veksten i talet på eldre over 80 år. Det vil bli større utfordringar for eldreomsorga framover. Vi må tenkje klokt om kva politikk vi skal ha i møte med at fleire kjem til å ha behov for omsorg, seier Heidi Gautun, forskar ved velferdsforskingsinstituttet NOVA.

Ho forskar mellom anna på samhandling mellom familiar og det offentlege tenesteapparatet når det gjeld omsorg for eldre.

Døtre er omsorgsgjevarar

– Enkelt kan ein seie at det er  døtre som står for hovuddelen av omsorga for gamle foreldre, seier ho.

– Menn er også involverte, men søner og døtre gjev ulik praktisk hjelp, og døtre gjev meir omfattande hjelp. I dei tilfella der vaksne born gjev pleie, er det oftast døtre som utfører desse oppgåvene.

Men felles for både søner og døtre er at dei kan oppleve det vanskeleg å på same tid møte både foreldras omsorgsbehov og krav til deltaking på arbeidsplassen og i sosiale samanhengar.

Heidi Gautun er forskar ved velferdsforskingsinstituttet NOVA. Foto: NOVA

– Det å ha gamle og omsorgstrengande foreldre, kan gå ut over eiga helse, og i kor stor grad ein kan ta på seg karrierefremjande oppgåver, seier Gautun.

– Den typen konsekvensar blir tøffare for døtre. Dette er ein situasjon som også søner står i, men det er framleis kjønnsforskjellar.

I ein studie analyserte ho og Christopher Bratt ved University of Kent samanhengen mellom det offentlege omsorgstilbodet for eldre, og kva tilknyting borna deira hadde til arbeidslivet.

Omsorgsoppgåver førte mellom anna til fråvær frå jobb. Men det å ha hjelpetrengande foreldre på sjukeheim, var assosiert med mindre fråvær for borna, og særleg døtrene.

Dersom foreldra budde heime og mottok heimebaserte tenester, derimot, fann forskarane ingen positiv effekt på bornas yrkesdeltaking.

– Frå Sverige ser vi at når ein strammar inn på omsorgstenestetilbodet til eldre, er det kvinner med låg utdanning som får meir omsorgsansvar og lausare tilknyting til arbeidslivet, seier ho.

– Folk med god råd kan i staden kjøpe tenester. Om ein då ikkje har gode arbeidslivsordningar som høve til permisjon, slik vi har for småbarnsforeldre, så vil dette auke skilnadene, seier ho.

Må leggje til rette for arbeid

Gautun peikar på at vi som samfunn ikkje har råd til å la yrkesaktive gå ut av arbeidslivet grunna auken i talet på eldre med behov for omsorg. Samstundes vil ikkje det offentlege ha kapasitet til å yte all eldreomsorga som trengst. Difor gjeld det å leggje til rette for gode ordningar no.

– Det handlar ikkje berre om pengar, men om personellmangel i omsorgsyrka, seier ho.

– Debatten om omsorg for gamle foreldre handlar dels om å tilpasse tenesteapparatet slik at det blir mogleg både å gje omsorg og å vere i jobb. Og dels handlar det om økonomiske støtteordningar for pårørande som gjev omsorg.

Ei kontantstøtteordning er blitt foreslått. Ei slik ordning vil kunne kome til å medføre same problematikk som ein har sett med småbarnsfamiliar. Nemleg at det fort kan bli allereie marginaliserte og sårbare kvinner med låg utdanning, som nyttar ordninga. Dermed vil dei stå i fare for å hamne heilt utanfor arbeidslivet.

Når det gjeld barn som treng omsorg, snakkar vi om slikt på arbeidsplassen, men ikkje når det gjeld gamle foreldre.

– Andre verkemiddel kan vere kortare eller lengre permisjonar, utan at ein står i fare for å misse jobben, seier ho.

Gautun fortel at i ei undersøking frå 2007 oppgav sju av ti respondentar at kollegaene og leiarane på arbeidsplassen ikkje visste at dei var i ein situasjon med gamle foreldre som hadde behov for hjelp.

– Når det gjeld barn som treng omsorg, snakkar vi om slikt på arbeidsplassen, men ikkje når det gjeld gamle foreldre, seier ho.

– Respondentane gav uttrykk for at berre det å bli høyrt og møtt med forståing, kunne lette presset dei kjende.

Deltakarane etterlyste også litt meir fleksibilitet, som at dei kunne få høve til å ta ein lengre lunsjpause, gå heim tidlegare eller jobbe noko av tida heimanfrå for å kunne hjelpe foreldra.

– Moglege verkemiddel handlar altså om både tenesteapparatet, økonomiske støtteordningar og tiltak på arbeidsplassen. Vi treng også ulike tiltak avhengig av type arbeidsplass. Det er stor skilnad på å jobbe i ei kunnskapsbedrift og som reinhaldar på hotell, til dømes, seier ho.

– Vi treng mykje meir forsking på variasjonar i ulike delar av arbeidsmarknaden, på geografiske skilnader og variasjonar i andre forhold, for å utforme eit tiltaksapparat som kan gjere det lettare for ulike grupper av arbeidstakarar å kombinere jobb med omsorg.

Inga positiv, likestilt omsorgsforteljing

Sofia Björk, universitetslektor ved Göteborgs universitet, stadfestar at det å ha omsorg for gamle foreldre ikkje er sjølvsagt på same måte som omsorg for barn.

I samband med doktorgraden sin frå 2017 intervjua ho eit tjuetals menn og kvinner som hadde omsorgsansvar for gamle foreldre. Ho fann mellom anna at respondentane fleire gonger brukte kjønnsroller som forklaring på at kvinner tok på seg meir omsorgsarbeid enn menn.

Sofia Björk er universitetslektor ved Göteborgs universitet. Foto: Göteborgs universitet

– Kvinner kunne nemne at «eg er kanskje ikkje så likestilt, så det blir jo til at det er eg som gjer det meste». Eller at «bror min er ein typisk bror», og det vart forklaringa på kvifor han ikkje var like involvert, seier ho.

– Det såg ut til at det ikkje fanst noka likestilt omsorgsforteljing, inga positiv forteljing om å vere ein omsorgsgjevande son. Kanskje det å gje omsorg til foreldre ikkje blir sett på som framtidsorientert, i motsetnad til å gje omsorg til eigne born.

Björk trur det kan spele ei stor rolle at det ikkje finst noka slik forteljing om den omsorgsfulle sonen.

– No er vi der at det er bra og beundringsverdig å vise fram farskap gjennom å til dømes gå ut i byen med barnevogn.

Ho viser til at omsorg for barn er blitt ein naturleg del av moderne maskulinitet.

– Men ingen opplevde at dei var blitt beundra for å ta vare på gamle foreldre. Sjølv om det jo heilt klart er beundringsverdig, seier Björk.

– Ein snakkar ikkje om omsorg for gamle foreldre som ein del av å utvikle seg som menneske, slik ein kan snakke om når det gjeld omsorg for barn.

Samstundes opplevde respondentane det som verdifullt å hjelpe gamle foreldre. Dei kunne fortelje om nærleik og om å vere glad for og stolt over å vere den som stilte opp. Mange snakka om gleda ved å få gje litt tilbake til foreldre som har gitt heile livet.

– Når det gjeld barn, er det vanleg å seie at småbarnstida er så kort at det gjeld å vere til stades og gripe henne, seier ho.

– Men med gamle foreldre er det jo verkeleg slik at den tida som er att, er alt ein har. Og det kjem klart fram at for dei som gjer det, så har dei noko fint å ta med seg.

Fanga i omsorgsrolla

Ein stor skilnad frå barneomsorg, var at respondentane kjende seg pressa inn i rolla som omsorgsgjevar, i staden for at det var noko dei valde sjølve. Dei måtte tilpasse seg eit behov som oppstod, ofte litt etter litt, og som vaks seg større. Det galdt både kvinner og menn.

– Dei hadde ikkje sett dette kome, og kanskje hadde dei høgare forventingar til kva velferdsstaten skulle stille opp med. Ein trur at det skal finnast eit tilbod. Ein ser ikkje for seg at ein sjølv skal bli sittande med ansvaret, seier Björk.

Vi veit at eldre med låg utdanning og dårleg økonomi i større grad er avhengige av hjelp frå familie.

– For mange kjem det som eit sjokk at tilbodet er så lite, at ein sjølv blir den som må koordinere hjelpa, følgje med og sjekke om tilbodet ein får, er godt nok og til å lite på. Dette er endringar ein ikkje er førebudd på når ein står der midt i sitt eige liv.

I staden oppdagar ein at det ikkje finst tilrettelegging, og ikkje noko høve til å planlegge.

– Her i Sverige kan ein få støtte til yte omsorg til familiemedlemmar, men først når den gamle er døyande – så kanskje den siste månaden eller så. Men ein kan vere gammal lenge før ein er døyande.

Ønskjer ikkje familieomsorg

Å gå ned i arbeidstid er heller ikkje eit val som er lett å ta. Björk er dessutan ikkje overtydd om at løysinga er å gje pårørande meir tid å bruke på omsorg.

Ei side av saka er at alt tyder på at det vil forsterke kjønnsforskjellar og forskjellar mellom dei som kan kjøpe tenester og dei som ikkje kan det.

– Men det er heller ikkje den løysinga folk ønskjer seg, korkje barn eller foreldre. Vi veit at eldre med låg utdanning og dårleg økonomi i større grad er avhengige av hjelp frå familie, men det er ikkje det eldre menneske veljer dersom dei kan velje, seier ho.

– Med ein aldrande folkesetnad, så er dette eit stort spørsmål som vi verkeleg må tenkje meir på, på samfunnsnivå.

Det er Heidi Gautun ved NOVA samd i. I deira undersøking frå 2007 oppgav eit fleirtal av respondentane at dei opplevde det som vanskeleg å kombinere omsorgssituasjonen med jobb.

– Det vi ser, er at dei negative effektane på kvinners arbeidsliv – fråvær, konsentrasjonsvanskar og liknande – blir modererte dersom foreldra har sjukeheimsplass, seier ho.

– Nokon slik effekt har ikkje heimetenester. Heimetenester er billegare, men det er førebels ikkje eit godt nok alternativ til institusjon, særleg ikkje for den sjukaste gruppa av eldre som bur heime

Ho meiner heimetenestetilbodet til eldre må aukast om den negative effekten på arbeidslivsdeltaking skal bli mindre.

– Vi treng også økonomiske verkemiddel, men vi må ikkje innføre tiltak som fører til auka kjønns- og klasseforskjellar. Vi må tenkje likestilling, som vi har gjort med småbarnsforeldre.

Siste saker

Kalender

Nyhetsmagasinet

Vårt nyhetsmagasin er en uavhengig nettavis og medlem i Fagpressen.