Jussprofessorar meiner vernet mot diskriminering er blitt dårlegare

Diskrimineringsvernet er blitt eit verktøy for dei mest ressurssterke, ifølgje Anne Hellum og Vibeke Blaker Strand ved UiO. No kjem dei med bok om emnet.
Kjem du frå ei ressurssterk gruppe får du styrka ut av reforma, men om du tilhøyrar ein eller flerire svake grupper, er du diskrimineringsvernets taper, meniner jussforskarar. Illustrasjonsfoto: iStockphoto

– Vi har det beste lovverket i Norden på likestillings- og diskrimineringsfeltet. Alle skal ha eit likt vern, men i realiteten er rettane no svekka.

– Effektiviseringa går eigentleg berre ut på at nemnda avviser svært mange av sakene, seier Anne Hellum. Foto: Ola Sæther

Det seier Anne Hellum, professor ved Institutt for offentleg rett, der ho har likestillings- og diskrimineringsrett som eitt av hovudområda sine. Saman med professorkollega Vibeke Blaker Strand har ho nyleg gjort siste finpuss på ei bok om nettopp dette.

Boka kjem i denne veka, men ideen kom for fleire år sidan.

– Det har vore veldig mange reformer på dette feltet, stadig nye lover og lovendringar. Det er eit stort behov for å få oversikt over alt saman, av omsyn til både studentar, lovgjevarar og dei som skal tolke og bruke lovene. Men det har vore nesten uråd å lage ei samla framstilling før no, seier ho.

Ein regeleksplosjon

Det som har skjedd, er at fire lover som handlar om likestilling og diskrimineringsvern, er blitt til éi lov. Den nye lova trådde i kraft i 2018. Samstundes vart handhevinga av lova endra.

– I utgangspunktet handla feltet om kjønnslikestilling, men med tida har vi fått ein regeleksplosjon, seier Vibeke Blaker Strand.

Det vi no ser, er at mange av sakene som blir klaga inn for Diskrimineringsnemnda, blir avviste eller lagde til sides.

– Det kom separate lover som gav vern til ulike grupper. Først ei lov om forbod mot diskriminering på grunn av etnisitet, religion og livssyn, i 2005. Deretter lova om diskrimineringsforbod på grunn av nedsett funksjonsevne, i 2008. Og til slutt lov om diskrimineringsforbod på grunn av seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk, i 2013.

På toppen kjem eigne reglar om diskriminering i arbeidsmiljølova, og det heile er nært knytt til internasjonale menneskerettsforpliktingar og til EU- og EØS-retten som Noreg må tilpasse seg, fortel dei.

Les ogsså: Jussprofessor mener LHBTI-personer må vernes bedre mot diskriminering

Mange saker blir avviste

Då Solbergregjeringa bestemte å erstatte dei fire lovene med éi likestillings- og diskrimineringslov, var argumentet at lovverket ville bli meir oversiktleg og brukarvenleg.

– Mykje avheng av korleis reglane blir tolka og praktisert framover, seier Vibeke Blaker Strand. Foto: UiO

– Men den verkeleg store endringa låg i handhevinga. Diskrimineringsnemnda fekk kompetanse til å gje oppreising i saker i arbeidslivet, og også erstatning i visse tilfelle. Dette var ei nyvinning. Samstundes vart rolla til Likestillings- og diskrimineringsombodet innskrenka, seier Hellum.

– Det vi no ser, er at mange av sakene som blir klaga inn for Diskrimineringsnemnda, blir avviste eller lagde til sides. Det er ei radikal endring frå tidlegare, då alle saker fekk ei løysing, som oftast hos Likestillings- og diskrimineringsombodet. Berre eit fåtal saker gjekk vidare frå ombod til nemnd.

Denne endringa er ein høg pris å betale for det nye høvet til å få oppreising, altså økonomisk kompensasjon, i diskrimineringssaker i arbeidslivet, meiner dei to.

Tidlegare kunne ombodet gje fråsegner i saker der nokon meinte seg diskriminert. Sjølv om fråsegna ikkje var bindande, ville ombodet prøve å få partane til å innordne seg. Berre dersom det ikkje gjekk, ville saka gå vidare til Diskrimineringsnemnda. No, etter omorganiseringa, må ein klage direkte til nemnda. Ombodet si rolle som handhevar har falle bort.

– Utgreiarane og politikarane meinte dette ville vere meir effektivt. Dei meinte sakene ville ta for lang tid om dei skulle til ombodet først, seier Hellum.

Berre dei resurssterke

I tillegg er heile saksgangen blitt skriftleggjort.

– Tidlegare kunne du vende deg til ombodet med den kommunikasjonsforma som passa deg best, påpeikar Blaker Strand.

– Det gjorde terskelen låg for å ta opp saker. I dag må du derimot sende skriftleg klage til nemnda, sakshandsaminga skjer skriftleg, og du må svare innan oppsette fristar. 

Dei to juristane fryktar at desse endringane gjer det som skulle vere eit lågterskeltilbod, til noko som berre er tilgjengeleg for dei mest ressurssterke: dei som kan argumentere skriftleg for at det dei har opplevd, er diskriminering etter lova. Når nemnda har teke ei avgjerd, er det ikkje nokon stad å ta saka vidare, bortsett frå til domstolane.

– Men det er både ressurskrevjande og usikkert. Så effektiviseringa går eigentleg berre ut på at nemnda avviser svært mange av sakene, seier Hellum.

I utakt med internasjonal rett

Det normative innhaldet i diskrimineringsvernet har utvikla seg veldig dei siste 20 åra, fortel dei to forfattarane. Utviklinga speglar endringar i menneskesyn, og er tett samanvevd med den tilsvarande utviklinga internasjonalt. Dette er noko dei tek opp i boka.

– Til dømes stiller EØS-retten og menneskerettane krav om at diskrimineringsvernet skal handhevast på ein effektiv måte, og at ein skal ha tilgang til rettleiing og informasjon og få hjelp til å reise saka si. Vi drøftar om dagens modell tilfredsstiller desse krava godt nok når det er blitt så vanskeleg å nå fram med ei sak, seier Blaker Strand.

På papiret er vernet mot diskriminering sterkt, og det har vore gjennom ei rivande utvikling.

I arbeidet med boka har forskarane gått igjennom praksis i Diskrimineringsnemnda.

– Det viser seg at etter omorganiseringa brukar nemnda nesten ikkje internasjonale rettskjelder eller EØS-retten. Det fører til at fleire av avgjerdene, etter vår meining, ikkje er i tråd med internasjonale krav, seier Hellum.

Dei ser parallellar til NAV-skandalen, der norske domstolar i mange år tolka EØS-retten feil, noko som førte til at fleire tusen norske trygdemottakarar fekk urettmessige krav om å betale tilbake pengar, og mange vart urettvist dømde for trygdesvindel.

– På diskrimineringsfeltet har det førebels ikkje utvikla seg til nokon skandale, seier Hellum.

Les også: Lesbiske kvinner på 1800-tallet unnslapp rettssaker

Godt vern på papiret

Dei meiner det er synd om problem med handheving eller med tolking av EØS-retten skal få hindre den nye likestillings- og diskrimineringslova i å bli det gode verktøyet ho er meint å vere.

– For på papiret er vernet mot diskriminering sterkt, og det har vore gjennom ei rivande utvikling. Det er ikkje berre individet sjølv som er verna, men også dei som har relasjonar til individet, til dømes om du har omsorg for eit funksjonshemma barn eller er gift med ein person med etnisk minoritetsbakgrunn. Og dette er flott, her får retten ein viktig symbolfunksjon i dagens identitetspolitiske klima, der mykje handlar om identitet, og politikk og rettar knytt til det, seier Hellum.

– Det er berre det at biletet blir veldig annleis når ein ser vernet sitt innhald opp mot handhevinga.

Boka ser heilskapen

Boka deira er mellom anna meint for studentar. For likestillings- og diskrimineringsrett er eit svært populært fag, fortel dei to professorane. Undervisinga går hand i hand med utviklinga av sjølve faget.

– Folk er veldig opptekne av situasjonen for ulike grupper i samfunnet, og faget gjev eit språk til slike diskusjonar, meiner Blaker Strand.

Gravide er, så sant dei har kunnskap om desse rettane, i ein mykje betre situasjon no. 

I boka skriv dei om forholdet mellom det individuelle og det strukturelle. Individuelle klagesaker er få, men viktige, fordi dei fører til sanksjonar som kan handhevast.

– Men samstundes er det mykje ulikskap i samfunnet, og mange stereotype idear om kva kvinner og ulike minoritetsgrupper kan og ikkje kan, seier Hellum.

Slike sosiale faktorar får sjølvsagt konsekvensar på individnivå. Difor prøver dei å sjå på heilskapen i boka si: Kven har vern, korleis samspelar det individuelle med det sosiale, og korleis har det utvikla seg, i Noreg og internasjonalt?

Les også: Juridisk kjønnsskifte løyser ikkje alle problem

Spente på framtida

No, etter mange år med stadige lovendringar og reformer, er dei spente på korleis dei nye reglane vil fungere når systemet får «sett seg».

– Mykje avheng av korleis reglane blir tolka og praktisert framover. Når det no berre er éi lov, er det viktig at den komplekse bakgrunnen og samanhengen ikkje går tapt, understrekar Blaker Strand.

Og sjølv om forskarane er kritiske til handhevinga, finst det også suksesshistorier etter omlegginga. Dei er samde om at gravide har fått betre vern.

– Oppseiing på grunn av graviditet er aldri lov. Der har vi ikkje berre greidd å følgje EU-retten, men vi har også vore eit føregangsland når det gjeld vern mot forskjellsbehandling i fødselspermisjonsperioden. Det er viktig fordi vi har lengre permisjonar enn dei fleste land, seier Blaker Strand.

– Og når vi ser på praksis i Diskrimineringsnemnda, ser vi at fleirtalet av sakene der klagaren har fått medhald, er saker som gjeld gravide arbeidstakarar. No får dei ikkje berre papir på at dei er blitt diskriminerte, men kan også krevja oppreising og erstatning, påpeikar Hellum.

– Så gravide er, så sant dei har kunnskap om desse rettane, i ein mykje betre situasjon no. 

Artikkelen ble først publisert i Apollon.

Fakta om boka
  • Tittel: Likestillings- og diskrimineringsrett
  • Forfattarar: Anne Hellum og Vibeke Blaker Strand.
  • Boka gir den første samla framstillinga av vernet mot diskriminering og trakassering etter norsk rett.
  • Den omhandlar kjenneteikn som kjønn, graviditet, etnisitet, religion, funksjonsnedsetting, seksuell orientering, kjønnsidentiet og alder – og kombinasjonar av desse.

Siste saker

Kalender

Nyhetsmagasinet

Vårt nyhetsmagasin er en uavhengig nettavis og medlem i Fagpressen.